25. September: Sørryggen, Norskedalen og Westby

Da er det kveld igjen her på Express Inn-motellet i Westby, og ein ny dag går mot slutten. Dagen starta litt brått, The Iversons ringte meg kvart over åtte. Og i dag sovna eg faktisk av, slik at eg vakna av telefonen. Litt i ørska fekk eg da svara, og som så ofte før hadde dei funne fram til ein ny informant til meg, Robert på 78, ein røsleg pensjonert farmar med Stetson-hatt. Eg fekk kjapt i meg motellets standard-frukost, smultringar og kaffi, før eg køyrde over til West Avenue for å møte han. Joda, mannen kunne norsk, men han hadde det litt travelt, kjerringa hadde kokt mange ”gallan” med rømmegraut som skulle opp i Norskedalen. Samtalen vår vart derfor relativt kort, om lag så lang som det tek å belme i seg eit krus av Mrs Iversons kaffi. Men vi avtalte å skulle møtast seinare oppi Norskedalen for å gjere opptak. Eg køyrde tilbake til motellet, og tok det litt med ro; eg hadde ein ny avtale med county-klerken Ron først ved nonsleite. I halv tolv-tida sette eg derfor kursen mot Sørryggen for å møte han, og da presterte eg sjølvsagt å køyre feil; og kjem ein først feil ut på dei mange vegane her, så skal det ikkje så veldig mykje til før ein rotar. Og det gjorde eg altså. Eg køyrde fram og tilbake der oppe, og møtte faktisk folk med hest og vogn, kledde i hatt og vadmålsklede, og eit heilskjegg som ZZ Topp kunne misunne dei. Det er nesten noko uverkeleg ved det å møte amishar når ein sjølv duvar fram i ein stor, amerikansk ”pensjonistbil”. Og norskamerikanarane her har eit litt ambivalent forhold til desse nye innflyttarane. Dei likar dårleg at dei ikkje tek del i samfunnslivet og lever så sært. Men samstundes beundrar dei arbeidsmoralen deira og sett pris på at farmane blir haldne i hevd. I tillegg blir dei brukt som relativt billig arbeidskraft, så når norskamerikanarane prøver seg som vindruefarmarar, så er det amishane som blir hyra inn som drueplukkarar.
Vel, eg fann da omsider fram til farmen til klerken, men da var han ikkje heime. Litt slukøra sette eg derfor kursen over til den andre sida, opp i Norskedalen. Der er det ”Old-Fashoned Threshing bee” denne helga, og slike ting må ein jo få med seg. Det var ikkje så verst med folk der, og eg sprada rundt og såg på ulike demonstrasjonar av gammalt maskineri av ymse slag. Mykje av dette var utstyr som eg aldri har sett heime, så slik sett var det interessant. Nokre av kallane sprang rundt og justerte hjul og hendlar og smurte ulike niplar med olje, medan andre mata med halm og mais. Det støva og rauk rundt dei, maskinene hoppa og rista, men kallane hadde tydelegvis gjort dette før.
På ein benk satt det ein gubbe eg meinte eg drog kjensel på, sjølv om dei fleste ser nokså like ut med blå overallar og grøne skyggeluer frå coop-en. Eg spurte forsiktig om han ikkje var norsk, joda, det var han. Eg våga meg vidare i innsirklinga ved å spørje om han kanskje kunne vere frå Skogdalen. Litt overraska måtte han jo innrømme det. Eg spurte så om han ikkje høyrde heime oppi Berjedalen. ”Kinne du meg da?”, spurte han. ”Du skulle vel aldri heite Kenneth?”, svarte eg. Joda, Kenneth var ein av informantane mine frå tidleg 90-talet; eg slo meg ned, og vi hadde ein triveleg prat. Kenneth er av den sorten som ikkje seier meir enn det ein eigentleg treng å seie, så ”small talk” er ikkje det store talentet hans. Men likevel, nokre ord veksla vi. Eg takka for stunda, og sette kursen vidare for å sjå etter Robert med Stetson-hatten. Og røslege karar med Stetson-hatt er eigentleg ikkje så vanskelege å få auge på. Eg tenkte først at vi kanskje kunne sette oss på ein benk ute for å gjere opptak. Men vi fann fort ut at det ikkje var ein veldig god ide, for like bak oss skulle det vere demonstrasjon av gamle, tomanns motorsager. Og sidan dette ikkje akkurat var aktivitetar som inviterte til innestemme, sette vi kursen mot bilen min, der ville vi i alle fall få arbeidsro. Og sjølv om heller ikkje Robert var av dei mest taletrengte, så satt vi jo der og snakka ein liten time. Da måtte Robert hente kjerringa og den tomme grautkjelen, og eg sette kursen opp på Sørryggen igjen for å sjå etter klerken Ron. Og joda, no var han heime og dreiv og stabla ved. 62-åringen hadde det litt travelt, han skulle snart bortom dama si, må vite. Det var derfor ikkje tid å kaste bort, her måtte opptaksutstyret fram. Ron var ein triveleg mann, men ivrig politikar, og portrettet av fru Pallin som han hadde ståande framme, ga nok eit nokså klart bilde av kor han står i amerikansk politikk. Etter at den tilmålte tida var omme, sette eg på ny kursen tilbake til motellet.
Etter å ha fått meg litt ekte amerikansk mat i restauranten på motellet, ringte eg eit par av dei potensielle informantane som eg hadde fått namnet på. Ein av dei svarte ikkje, men den andre tok telefonen. Kona kunne da fortelje at mannen ikkje var heime, men at ho skulle kontakte han og be han sjå innom meg på turen heim.
Og i åtte-tida banka det på døra mi, og der sto det ein kar som lurte litt på kva eg ville. Eg fortalte om kva eg var ute etter, men det virka nok som han misforsto meg litt, han trudde helst at eg var ute etter namn på andre, og at han ikkje sjølv var interessant i denne samanhengen. Derfor insisterte han på at eg først måtte ringe Charles, ein av dei eg hadde snakka med tidlegare, og også Hildur, ein førstegenerasjonsinnvandrar frå Bodø. Bodø-dama var triveleg ho, ho utvandra like etter krigen. Og det var tydeleg at norsken hennar var litt rusten etter alle desse åra. Norsk snakka ho ikkje i dag, det var få her i Westby som forsto dialekten hennar, og i dag brukte ho også engelsk når ho snakka med bror sin, som også bur her. Ho kunne ikkje seie sikkert kvifor dei hadde slutta å bruke norsk når dei snakka med kvarandre. Men det kom fram at ho hadde eit søskenbarn i Halden, og da er det i og for seg greitt at ein berre ringer lokalsamtale. Deretter fekk eg nokre minutt med opptak av gjesten min, men han hadde det litt travelt, dessutan var det så lenge sidan han hadde snakka norsk. Så han var nokså rask med å takke for seg og setje kursen heim; han hadde nok ikkje hatt stunder til å ete ”søppel” enno.

Dette er i grunnen alt som har skjedd i dag, og her på motellet er alt roleg. Lena har dukka opp igjen, eg er litt usikker på kor ho har opphalde seg dei siste to dagane. Eg prøvde meg med eit par daskar, men ho er kjapp i snuen, den dama.
Og slik går no dagan her i Westby…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *