Søndag 26. september: Westby

I dag har eg avslutta innsamlingsarbeidet her, og finalen som feltarbeidar vart ikkje så ”grand” som eg eigentleg hadde håpa på.

Dagen starta bra, klokka 10 var eg nedom Mr Iverson for å hente han, vi skulle på messe i ”Vanilje -kyrkja” her i byen. Det er to opphavleg norske kyrkjer her i byen, det andre er ”Sjokolade-kyrkja”. Grunnen til at det er to slike kyrkjer her i byen, er litt uklar for meg, men det har nok noko å gjere med ueinigheit og uvennskap av eit eller anna slag for rundt hundre år sidan. Norsk-amerikanarane har ikkje alltid gjort livet lett for seg sjølv. Sjølve gudstenesta har eg ikkje så mykje å seie om, anna enn at det var ei gudsteneste slik slike gudstenester gjerne bruker å vere. Det einaste er kanskje preika sentrerte rundt noko Archie i Skogdalen hadde sagt til presten for nokre dagar sidan. Archie er tydelegvis ein klok mann. Dessutan ga salmemelodiane meg litt andre assosiasjonar enn kva dei andre sikkert fekk. Dei starta med bordverset, deretter kom ”Påskemorgen”, og dei runda av med ein julesong.

Etter at messa var ferdig, vart eg introdusert for nokså mange norskspråklege, og dei fleste av dei var svært så stø i norsken. Alle klaga på at dei ikkje har nokon å snakke norsk med lenger, men det synest eg er litt rart, sidan alle rundt meg snakka norsk da. At dei også kanskje kunne snakke norsk til kvarandre, var tydelegvis ein utenkt tanke. Deretter gjekk turen opp til Borgens for å ete middag, og igjen møtte eg nokså mange som kom bortom og gjerne ville snakke norsk med meg. Så i dag har eg sikkert møtt eit lite tjuetal med norskspråklege som eg ikkje kjente til frå før. Dessverre reiser eg i morgon, elles skulle eg ha gjort opptak av nokre av desse også.

Etter middagen køyrde eg tilbake til motellet, der skulle eg få besøk av fire vossingar, men berre to av dei dukka opp. Det litt sørgjelege var at dei to som eg var mest interessert i, ei dame i 40-åra og far hennar, som hadde bakgrunn frå Nordfjord, ikkje kom. Førtiåringar som har vakse opp med norsk her i Midtvesten, er ikkje kvardagskost i dag. Dei som dukka opp, var ein 87-årig sogning frå Viroqua, i tillegg til kontaktpersonen min der, ei dame i 50-åra som hadde lært seg nokre ord, hovudsakleg gjennom å ta kurs. Interessant her var sogningen, men det gjekk ikkje meir enn høveleg bra. Han kunne rett nok snakke litt, men han sleit med å finne ord når han skulle snakke, og da glei det fort over til engelsk. Dessutan forsto han lite av det eg sa, sjølv når eg prøvde å diftongere vokalar som opphavleg var lange i norrønt. Likevel var det interessant å høyre at når sogningane i Viroqua ville ha engelsk i standen for norsk i kyrkja, så kom det av at dei ikkje forsto presten og det norske kyrkjespråket. Vi sat ein times tid her og snakka, men som sagt, dette vart ikkje heilt som eg hadde vona. Etter at dei hadde reist, ringt eg til ein som eg hadde prøvd å kontakte tidlegare, ein farmar som budde utafor Westby. Men han var lite lysten på å få stemmen sin foreviga, så han takka høfleg nei til noko slikt.

No i kveldinga har eg så smått gjort meg klar for å reise herifrå. I morgon har eg ikkje noko program anna enn at eg er invitert på frukost til The Iversons. Dei har verkeleg gjort det dei kan for meg desse dagane. Dessutan bør eg ta ein tur innom Larry i Springdalen for å ta avskil med han også. Ut over det veit eg ikkje heilt, anna enn at eg skal ta vegen i retning mot Minneapolis da. Om eg køyrer heilt fram, eller om eg tek inn på eit motell på vegen, veit eg ikkje heilt enno.

Og slik går no dagane mot slutten her i Westby.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *