Måndag 20. juni: Westby, Springdalen og Sørryggen

I dag har vi hatt eit relativt tett program her i området rundt Westby. Som eg har antyda tidlegare, har eg ikkje heilt funne fram til min naturlege døgnrytme, noko som i og for seg har sine positive sider. Eg vakna derfor relativt tidleg, fann fram datamaskinga og tenkte at eg kanskje kunne skrive litt medan eg venta på at det skulle bli fullt dagslys og tid for meg til å få på meg fillene og verkeleg starte dagen. Det vart ikkje så mykje skriving, derimot nokså mykje skyping, og klokka 8 kunne eg møte i resepsjonen for “frukost”. Og frukost i denne samanhengen er ikkje meir innfløkt enn at Janne og eg før helga gjekk amok på Hanson’s og spleisa på brød, ost og banan, og dette har vi no samla i ein plastikkpose. Enkelt er det utan tvil, man når alternativet er smultringar med sjokoladetrekk og melis, så er det meir enn godt nok. Ikkje sidan rep.-øvinga Vingtor IV på Andøya våren 1986, da Forsvarsmakta heilt gløymte meg på post nede ved Merke-krysset og derfor også slapp å bruke dyrebare forsvarskroner til å fø meg, har matstellet på morgonen vori enklare. Men ost og brød får duge her ute på prærien.

I formiddag skulle vi dele oss i to, Janne starta ut saman med Erma og vener, medan eg skulle snakke med Sonny. Eg vart med for å hente Erma, og vinteren har på ingen måte svekka det gode humøret hennar. Ho stod framfor appartment-huset og venta på oss, og straks eg steig ut av bilen, baud ho opp til dans. Dette er verkeleg ei makalaus kvinne. Eg fekk deretter skyss tilbake til motellet, medan damene skulle opp i byen for å treffe fleire.

Klokka 11 sharp dukka Sunny opp, og da var det berre å slå på opptaksutstyret, så var det meste av jobben gjort. For også Sunny er ein som liker å prate, og han har til tider sterke meiningar om mykje og mangt, også ting ein med fordel kanskje ikkje treng å ha så sterke meiningar om. Men han om det, samtalen vår var også denne gongen triveleg. Og sjølv om vi har snakka tidlegare, var det framleis mykje han hadde på hjartet. Men akkurat som sist så fekk han det plutseleg så travelt, han måtte heim fordi han måtte sitje barnevakt for barnebarna.

Neste post på programmet var ein snartur nedi Springdalen for å plukke opp Larry. I haust var han ein svært nyttig kontakt for meg, og han tok meg med til fleire stødige “norskerar”. Også i dag hadde han laga ei lita lysløype til oss. Vi låg litt bak programmet, så vi hadde ikkje tid til eit sivilisert middagsmål, det vart berre ei halvtørr brødskorpe og ein banan i all hast før Janne med stø hand styrte denne farkosten gjennom åkerhavet på Vestprærien og ned Springdalsryggen til Larry. Det var veldig triveleg å møte han igjen. Første stopp var på Gronvold-farmen oppe på Sørryggen, og Mr Gronvold var retteleg ein kløppar til å “lage” norsk. Etter kvart dukka det også opp ein gammal nabo som gjerne kunne tenke seg å vere med på moroa. Og med Larry som førstefiolinist skal det mykje til om det ikkje blir prata norsk i eit slikt selskap. Heile seansen vart avslutta med ein kjapp kopp kaffi og jordbærpai; vi låg framleis bak programmet til Larry og hadde ikkje stunder til å tøve bort meir tid på unyttig prat.

Deretter gjekk vegen ned i byen igjen, der skulle vi møte fleire. Lengst inne i den eine butikken, der vareutvalet besto av feilvarer og mat utgått på dato, var det sett opp nokre respateksbord. I tillegg var det ein disk, og bak den stod det ei dame og trakterte kaffi og noko å bite i. Ein feltarbeidar bør sanneleg ha garva magesekk og eksepsjonelt god syreballanse, for dette slit verkeleg på kroppen.

I lokalet stod det ein kar i 60-åra og venta på oss, han korta tida med å slafse i seg ein is. Det var tydeleg at mannen ikkje hadde snakka norsk på mange år: han brukte gjerne lang tid på å finne fram til orda, og vi kunne sjå korleis han sleit med å presse kvart eit ord mellom glottis og opp igjennom larynx og farynx. Nokre gonger bøygde han seg i knea og la hendene framfor anletet, andre gonger gjekk han opp på tå, la hovudet litt på skakke bakover for å sikre ordet frie luftvegar, samstundes som han gestikulerte med armene og knytte nevane slik at ein berre såg det kvite under naglane før det etterlengta ordet vart forløyst mellom leppene hans. Eg har aldri sett slik ei kroppsleggjering av language attrition.

Kundetrafikken er var ikkje særleg stor her, berre ei ørlita dame med ei enorm handlevogn manøvrerte seg mellom hylleradene, så vi rigga opp kamera i ein krok, for no skulle vi sikre materiale som heilt sikkert vil kunne flytte forskingsfronten. Trass i at mannen sleit noko heilt frykteleg med å snakke norsk, var det tydeleg at også han ein eller annan gong hadde «laga» døl, og trass i alle språklege skavankar, klarte han faktisk å gjere seg forstått. Det skal bli interessant å sjå nærare på dette unike opptaket (for du hugsa vel å setje videokameraet på opptak, Janne? Eller ….?)

Etter denne merkelege seansen køyrde vi heim Larry før vi staka ut kursen tilbake til Westby. Og over ein pizza vart planane for morgondagen lagt.

Og slik går no dagan her i God’s country

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *