{"id":353,"date":"2016-11-03T04:46:30","date_gmt":"2016-11-03T04:46:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?page_id=353"},"modified":"2016-11-03T04:46:30","modified_gmt":"2016-11-03T04:46:30","slug":"laurdag-29-oktober-2016-athens-atlanta-georgia","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/laurdag-29-oktober-2016-athens-atlanta-georgia\/","title":{"rendered":"Laurdag 29. oktober 2016: Athens, Atlanta; Georgia"},"content":{"rendered":"<p>Dette var tredje konferansedagen \u2013 og etter tre hektiske dagar g\u00e5r det alts\u00e5 mot slutten. Programmet for dagen vart i og for seg noks\u00e5 komprimert:<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Pakking &amp; utsjekk f\u00f8r 9<\/strong> Dette var eigentleg ikkje s\u00e5 veldig krevjande \u2013 med ein god dose jetleg I kroppen, g\u00e5r det framleis veldig greitt \u00e5 greit \u00e5 vakne om morgonen \u2013 sj\u00f8lv om eg er tr\u00f8ytt, f\u00e5r eg knapt sove etter klokka 5. S\u00e5 akkurat dette klarte eg. Check!<\/li>\n<li><strong>Konferansestart klokka 9<\/strong> Inga enkel sak, og no visste eg vegen \u2013 nesten I alle fall.<\/li>\n<li><strong>Konferanse:<\/strong> Ogs\u00e5 i dag var programmet bra, og det er my og mangt som gler ein halvgammal mann \u2013 ikkje minst er det stas at det er fleire som interesserer seg for dette feltet: i 25 \u00e5r var det berre eg som dreiv litt med norsk i Amerika, og det st\u00e5r ikkje til \u00e5 nekte at ein til tider f\u00f8lte seg som ein sm\u00e5pervertert nekro-lingvist: Her sto eg og studerte korleis ulike meir eller mindre subtile spr\u00e5kdrag visna bort og forsvann, samstundes som eg fann ei stor (nokre vil seie pervers) glede i \u00e5 kunne f\u00e5 vere vitne til denne prosessen. I dag er det nesten k\u00f8 i rekkene for \u00e5 f\u00e5 studere og dokumentere dette spr\u00e5ket og m\u00e5ten det forsvinn p\u00e5: anten veks det no fram ein ny og talrik generasjon med megaperverterte spr\u00e5knekrofile, elles s\u00e5 kan ogs\u00e5 normale folk finne glede i \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 denne prosessen. Og berre s\u00e5 det er sagt, eg h\u00e5par at det siste er tilfellet. At vi pr\u00e6rielingvistar er litt rare og merkelege, det skal eg vere forsiktig med \u00e5 nekte for, men at vi er direkte tullingar \u2026tja \u2026<\/li>\n<li><strong>Konferansemiddag<\/strong> Alle skikkelege konferansar skal jo ha ein konferansemiddag \u2013 og middagen skulle starte klokka 6. Gromgutane Joe og Mike hadde den fantastiske ideen at sidan denne restauranten skulle vere minder enn 20 min gange fr\u00e5 universitetet, s\u00e5 hadde vi veeeldig god tid til \u00e5 stoppe p\u00e5 vegen for \u00e5 ta ein aldri s\u00e5 liten \u00f8l. Og det gjorde vi. Og trass i at vi no er midt i Halloween og folk gjer kva dei kan for \u00e5 skremme vatnet av kvarandre, s\u00e5 var desse minutta eit uvanleg triveleg friminutt i livet. Kvart p\u00e5 seks tok Joe ansvar, samla mannskapet i litt spreidd formasjon og peikte ut marsjruta \u2013 og i ein litt uryddig formasjon slentra vi etter. Etter \u00e5 ha g\u00e5tt ein dryg halvtime, forsto vi at Josh i arrangementskomiteen neppe har g\u00e5tt denne ruta sj\u00f8lv n\u00e5r han kunne finne p\u00e5 \u00e5 hevde at dette var \u00aba twenty minutes walk\u00bb. Men vi kom da fram, kanskje ikkje til rett tid, men tidsnok til \u00e5 f\u00e5 vere med p\u00e5 middagen.<\/li>\n<li><strong>Shuttle &amp; motel<\/strong>l I 9-tida braut vi opp, og no fekk eg pr\u00f8ve noko som eg aldri har pr\u00f8vd f\u00f8r: vi reiste tilbake til hotellet ved hjelp av transportkonseptet Uber \u2013 og det funka jo det. Fr\u00e5 Athens venta rundt ein og ein halv time i shuttlebuss, og kombinasjonen pratesjuk sj\u00e5f\u00f8r og stuptr\u00f8ytte passasjerar er nok ikkje alltid optimal, men grei nok. Og det var vanskeleg \u00e5 be han halde stilt, sidan han hadde sagt ja til \u00e5 k\u00f8yre oss p\u00e5 motellet, og ikkje til flyplassen som er den eigentlege ruta hans. Og om motellet skal eg ikkje seie s\u00e5 mykje, dette etablissementet har nok ikkje s\u00e5 frykteleg mange stjernene i reiseguiden, men for funksjonen \u00absove nokre timar\u00bb var det greitt nok &#8211; eg sovna som ein stein.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan p\u00e5 reisefot \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var tredje konferansedagen \u2013 og etter tre hektiske dagar g\u00e5r det alts\u00e5 mot slutten. Programmet for dagen vart i og for seg noks\u00e5 komprimert: Pakking &amp; utsjekk f\u00f8r 9 Dette var eigentleg ikkje s\u00e5 veldig krevjande \u2013 med ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/laurdag-29-oktober-2016-athens-atlanta-georgia\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-353","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/353","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=353"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/353\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=353"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}