{"id":11,"date":"2010-09-12T04:23:47","date_gmt":"2010-09-12T04:23:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=11"},"modified":"2010-09-12T04:23:47","modified_gmt":"2010-09-12T04:23:47","slug":"10-september-madison-blair-decorah","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/12\/10-september-madison-blair-decorah\/","title":{"rendered":"10. september: Madison \u2013 Blair \u2013 Decorah"},"content":{"rendered":"<p>I dag gjekk start-skotet for den store innspelingsekspedisjonen. Etter ei god natt i Madison, i eit reint rom og ei rein seng, sette vi oss i sving i halv ni-tida. M\u00e5let var Blair, ein liten norsk-amerikansk sm\u00e5by i Trempealeau county, mest kjent for fabrikken som lagar lefse. Dessutan skulle det ogs\u00e5 vise seg at dei dreiv med vinproduksjon der ogs\u00e5, i kor stor grad dei har hatt suksess p\u00e5 det feltet, kjem eg tilbake til s\u00e5 snart eg har f\u00e5tt tak i ein korkeopnar. <\/p>\n<p>Turen oppover tek to til tre timar, og vi skulle m\u00f8te ei gruppe med norskspr\u00e5klege i kyrkja der. Turen gjekk i og for seg udramatisk, med unntak for at GPSen, som eg har betalt blodpengar for, plutseleg vart svart. Heldigvis hadde eg kart med meg, og vegen fr\u00e5 Madison til Blair er ikkje alt for komplisert. Men likevel er det litt surt \u00e5 betale dagpengar for noko som ein ikkje  har glede av. I Blair rota eg ogs\u00e5. Det viste seg at det er to norske kyrkjer i denne sm\u00e5byen med litt i underkant av 2000 innbyggjarar. Og sj\u00f8lvsagt fann eg fram til feil kyrkje. Men eg fekk hjelp av prsten og fann til slutt fram. <\/p>\n<p>I forsamlingsrommet i kjellaren p\u00e5 kyrkja var det mobilisert ei gruppe p\u00e5 mellom ti og femten godt vaksne norsk-amerikanarar som hadde m\u00f8tt fram for \u00e5 bli intervjua. Vi var i alt 7 nordmenn der som sprang rundt med mikrofon og gjorde opptak, det m\u00e5 ha vore sv\u00e6rt s\u00e5 overveldande for dei, dei opna knapt kjeften f\u00f8r vi stod der klar til \u00e5 stikke ein mikrofon opp under nasen deira.<\/p>\n<p>Men igjen blir ein imponert over kor gode nokre av desse er til \u00e5 snakke norsk. Ikkje veit dei noko om folket som kom over, ikkje veit dei kor dei kom ifr\u00e5 og ikkje veit dei n\u00e5r dei kom. Men spr\u00e5ket til dei fleste er framleis flytande og velfungerande, og det er ogs\u00e5 sv\u00e6rt interessant \u00e5 h\u00f8yre kor stor vekt dei legg p\u00e5 \u00e5 rekne seg som norske. Dei varta opp med norskprega mat, kj\u00f8ttkaker og lefse, rosettar og kransekake. Og tida gjekk fort i slikt lag. <\/p>\n<p>I firetida sette vi kursen tilbake mot Decorah. Da sleit eg litt igjen, det m\u00e5 eg innr\u00f8mme:  Utan GPS og utan \u00e5 sj\u00e5 sola hadde eg litt vanskar med \u00e5 orientere meg. Men etter litt filing fram og tilbake fann eg vegen mot Mississippi-dalen til Minnesota, og etter karthandel i La Cresent, kunne vi relativt trygt bevege oss inn i Decorah, Iowa via Spring Grove. Dette er ein veg eg kj\u00f8rde fleire gonger for tjuefem \u00e5r sidan, men denne gongen var eg heilt avhengig av kart for \u00e5 finne fram. Og no er det seinkveld her p\u00e5 motellet, i morgon blir det ein hektisk med stramt program. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i Midtvesten.   <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag gjekk start-skotet for den store innspelingsekspedisjonen. Etter ei god natt i Madison, i eit reint rom og ei rein seng, sette vi oss i sving i halv ni-tida. M\u00e5let var Blair, ein liten norsk-amerikansk sm\u00e5by i Trempealeau county, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/12\/10-september-madison-blair-decorah\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-11","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}