{"id":118,"date":"2012-07-03T09:03:01","date_gmt":"2012-07-03T09:03:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=118"},"modified":"2012-07-03T09:03:01","modified_gmt":"2012-07-03T09:03:01","slug":"onsdag-20-juni-seattle-og-vancouver-wa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/onsdag-20-juni-seattle-og-vancouver-wa\/","title":{"rendered":"Onsdag 20. juni: Seattle og Vancouver, WA"},"content":{"rendered":"<p>Ny dag med nye mulegheiter: No skulle vi ned til Vancouver p\u00e5 grensa til Oregon for \u00e5 m\u00f8te nokre potensielle norskamerikanarar der. Her borte er vi heilt p\u00e5 upl\u00f8gd mark, og vi veit aldri kva vi vil finne. Tidlegare har vi i hovudsak vore p\u00e5 jakt etter \u00abheritage speakers\u00bb, men her m\u00e5 ein ta det ein finn, b\u00e5de folk som har utvandra sj\u00f8lve og ogs\u00e5 norsk-amerikanarar som har l\u00e6rt norsk andre stader enn heime. Og slik vi har arbeidd denne gongen, veit vi ikkje riktig kva vi f\u00e5r.<\/p>\n<p>Hovudkjelda for kontaktar har vore Sons of Norway. Dei fleste er veldig hjelpsame, men samstundes veit dei ikkje heilt korleis dei skal hjelpe oss. Dermed f\u00e5r vi ogs\u00e5 informantar som vi akkurat no synest ikkje er s\u00e5 veldig interessante, men kven veit, kanskje ogs\u00e5 desse ein dag vil kaste lys over spr\u00e5kutviklinga i det norske Amerika. <\/p>\n<p>Etter ein sv\u00e6rt rask frukost og litt hektisk pakking, kom vi oss i veg f\u00f8r \u00e5tte. Men turen s\u00f8rover fr\u00e5 Seattle var drygare enn kva vi hadde trudd. Det er vakkert landskap vi passerte: Veldig norsk, men samstundes ogs\u00e5 veldig framand. Den f\u00f8rste avtalen v\u00e5r var p\u00e5 motellet der vi skulle bu, og da vi kom inn i lobbyen, sat det ein gjeng p\u00e5 5-6 godt vaksne folk og venta p\u00e5 noko \u2013 og dette \u00abnoko\u00bb var nok oss to. Vi sjekka inn og rigga opp studio p\u00e5 begge romma v\u00e5re. Og som vanleg blir det litt tannlegekontor-aktig, med venterom der folk berre sit litt urolege, flakkar med blikket og ventar p\u00e5 tur, og to turnuskandidatar som etter beste evne pr\u00f8ver \u00e5 halde orden i k\u00f8en medan dei gjer sitt beste for at klienten skal klare seg gjennom seansen. Eg fekk med meg nokre inn p\u00e5 rommet mitt, medan Janne \u00abbehandla\u00bb nokre p\u00e5 sitt rom. Dei \u00abpasientane\u00bb som eg hadde, var ikkje alle s\u00e5 heilt gode p\u00e5 norsk, men dei klarte seg tolleg bra. Ein av dei hadde ei sv\u00e6rt merkeleg historie \u00e5 fortelje i fr\u00e5 Stillehavskrigen: Som offiser i handelsfl\u00e5ten var han i Asia med last (eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje heilt hugsar kor det var), og siste kvelden, medan b\u00e5ten vart lossa, fekk han permisjon. Saman med nokre andre reiste han inn til sentrum, og der m\u00f8tte han bror sin (som han ikkje viste kor var eller om han levde). P\u00e5 imponerande kort tid klarte vi \u00e5 dokumentere spr\u00e5ket til denne gruppa, men \u00abThis is America\u00bb, og her er det absolutt ikkje tid til \u00e5 drive dank. <\/p>\n<p>Klokka tre venta neste gruppe p\u00e5 oss, og denne gongen var det vi to som skulle ut i felten og opps\u00f8ke klientellet. GPS-en hjelpte oss fram, og berre nokre f\u00e5 minutt forsinka var vi framme hos den neste gruppa som var ein familie p\u00e5 tre generasjonar. Bestemora snakka \u00abm\u00e5rr\u00e5ksm\u00e5l\u00bb (Mer\u00e5ker), den eine sonen hadde ogs\u00e5 ein gong snakka dette gudegitte spr\u00e5ket, men s\u00e5 hadde han f\u00e5tt det for seg at det var s\u00e5 mykje betre \u00e5 snakke etter skrifta. Og barnebarnet snakka ogs\u00e5 godt, ho hadde l\u00e6rt det gjennom studium. Eg snakka mest med bestemora, ho var kanskje litt rusten i spr\u00e5ket, men n\u00e5r ho fekk varma opp litt, s\u00e5 glei det da rimeleg godt. Og det viste seg at ho hadde vokse opp i Renner i S\u00f8r-Dakota, ein plass der eg gjorde feltarbeid for 25 \u00e5r sidan. Dermed hadde vi ogs\u00e5 nokre felles referansepunkt i samtalen. Da vi var ferdige med opptaka, varta den andre sonen i huset opp med norsk mat, det meste hadde han laga sj\u00f8lv. Denne karen kunne ikkje norsk, s\u00e5 han spurte: Do you still have murr in Norway. Det tok litt tid f\u00f8r eg forsto at det var spekep\u00f8lse han sikta til. Desse folka var sv\u00e6rt glade i spekep\u00f8lse, og dei fekk denne sendt fr\u00e5 nettopp Renner i S\u00f8r-Dakota. Ei lita anekdote: Da eg var i Renner for 25 \u00e5r sidan, var eg ogs\u00e5 innom denne p\u00f8lsemakaren som hadde spesialisert seg p\u00e5 sal av bensin og kj\u00f8ttmat: P\u00e5 inngangsd\u00f8ra hadde han hengt opp ein plakat der det stod: We have SPETZ-AMOR. Og desse amor-greiene var nok ikkje noko eksotisk afrodisium, men rett og slett spekemorr.<\/p>\n<p>Etter god norsk mat og triveleg prat, samla vi saman v\u00e5rt og tok avskil. P\u00e5 vegen heim til motellet kom vi p\u00e5 at etter all denne s\u00f8tmaten skulle det smake godt med ein boks \u00f8l, s\u00e5 vi svinga innom ein matbutikk p\u00e5 vegen. Amerika er eit merkeleg land: Det er sikkert over 30 \u00e5r sidan sist eg m\u00e5tte vise legitimasjon for \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt noko slikt. Og at dokumentasjonen min var norsk, gjorde nok sitt til at k\u00f8en bak oss etter kvart vart noks\u00e5 lang. Men vi kom oss da vidare til slutt.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i Vancouver, WA <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ny dag med nye mulegheiter: No skulle vi ned til Vancouver p\u00e5 grensa til Oregon for \u00e5 m\u00f8te nokre potensielle norskamerikanarar der. Her borte er vi heilt p\u00e5 upl\u00f8gd mark, og vi veit aldri kva vi vil finne. Tidlegare har &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/onsdag-20-juni-seattle-og-vancouver-wa\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-118","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=118"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=118"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=118"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=118"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}