{"id":120,"date":"2012-07-03T09:10:57","date_gmt":"2012-07-03T09:10:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=120"},"modified":"2012-07-03T09:10:57","modified_gmt":"2012-07-03T09:10:57","slug":"torsdag-21-juni-vancouver-spokane","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/torsdag-21-juni-vancouver-spokane\/","title":{"rendered":"Torsdag 21. juni: Vancouver, Spokane"},"content":{"rendered":"<p>Da er jetleg-en tydelegvis ute av kroppen, for i dag vakna eg ikkje f\u00f8r halv \u00e5tte, lenge etter planen. For planen v\u00e5r var \u00e5 vere p\u00e5 vegen klokka \u00e5tte, dermed fekk \u00abfast-food\u00bb med eitt ei litt anna tyding. Eg fekk no pakka i meg ei halvmjuk br\u00f8dskive og kasta innp\u00e5 ein kaffiskvett, pakka saman tinga mine litt og ein halvtime seinare var vi p\u00e5 vegen igjen. <\/p>\n<p>Vi hadde avtalar klokka tre og seks, og heller ikkje her var vi heilt sikre p\u00e5 kva vi kunne vente \u00e5 finne. P\u00e5 kartet ser ikkje Amerika s\u00e5 frykteleg stort ut, men avstandane her er enorme, og sj\u00f8lv om vegstelle stort sett er prima, tek det likevel tid \u00e5 forflytte seg. For \u00e5 vere framme til avtalt tid m\u00e5tte vi redusere stoppane til eit absolutt minimum: a) ein kort stopp for \u00e5 fylle drivstoff og b) ein kort stopp for \u00e5 kj\u00f8pe oss litt mat.<\/p>\n<p>a) Drivstoffprisane her i Amerika er sv\u00e6rt s\u00e5 rimelege samanlikna med det vi er vane med i Gamlelandet, ein liter her kostar rundt 6-7 kroner. Og det gjer at vi vanskeleg kan gjere anna enn \u00e5 smile litt n\u00e5r amerikanarane klagar p\u00e5 at dette er s\u00e5 ekstremt dyrt. Men no begynner eg nesten \u00e5 forst\u00e5 dei: for bilane her er lite gjerrige p\u00e5 drivstoffet. Eg har ikkje finrekna p\u00e5 dette, men s\u00e5 langt har forst\u00e5tt, s\u00e5 vil doningen v\u00e5r ha drygt 1,5 liter p\u00e5 mila, og da er reisekostnaden fort oppe p\u00e5 eit norsk niv\u00e5. For sj\u00f8lv om tanken tek nesten hundre liter, s\u00e5 er det relativt kortvarig moro her borte.<\/p>\n<p>b) Lunsjen v\u00e5r i dag var verkeleg fastfood: Vi stoppa p\u00e5 ein \u00abtr\u00f8kkstopp\u00bb og kj\u00f8pte vatn og ein liten veggie-pizza, og med dette i hendene spurta vi bort til bilen, starta opp doningen og kosta vidare. Og dette festm\u00e5ltidet vart konsumert p\u00e5 vegen vidare medan vi h\u00f8yrde p\u00e5 den mekrande kvinnestemma i GPS-en som gav oss gode r\u00e5d om kor vi skulle ta av.<\/p>\n<p>Til slutt fann vi fram til Spokane og den lokale losjen der til Sons of Norway. Dette var eit sv\u00e6rt stort og flott bygg, etter det dei sa, var dette ein gong den st\u00f8rste SoN-losjen i heile Amerika. Ogs\u00e5 her venta det folk p\u00e5 oss med kaffi, goro, gromkake, sandbakkels og andre godsaker. Snart var opptaksutstyr rigga opp, dei f\u00f8rste informantane plassert p\u00e5 ein stol, medan andre venta ute i gangen. Og dermed var vi i gang. Folket her hadde ogs\u00e5 litt ulik bakgrunn, nokre var f\u00f8dde i Noreg, andre var f\u00f8dde i Amerika, men av folk som kom etter krigen, nokre var tredjegenerasjons innvandrar som framleis snakka den opphavlege dialekten. Og s\u00e5 hadde vi nokre med norskamerikansk bakgrunn som i ulik grad hadde l\u00e6rt seg spr\u00e5ket i litt vaksen alder. Og desse var heller ikkje berre folk av f\u00f8rkrigs\u00e5rgang, eit par av dei var f\u00f8dde etter at Juri Gagarin hadde skremt vatnet av amerikanarane. Dette var med andre ord ein heilt annan kategori informantar enn dei vi har m\u00f8tt p\u00e5 tidlegare ekspedisjonar og heilt annleis enn dei eg m\u00f8tte p\u00e5 80- og 90-talet, og dette representerer ogs\u00e5 ei heilt ny utfordring for meg. Tidlegare har eg klart meg godt i samtale med farmarar om u\u00e5r, dyreavl og \u00e5kerbruk, men her kjem ein ikkje s\u00e5 langt med slik sm\u00e5prat, s\u00e5 samtalen kan derfor lett g\u00e5 i litt rykk og napp n\u00e5r ein ikkje har sikkerstikk som tractor, bailer og blower \u00e5 snakke om. <\/p>\n<p>Reint lydmessig var heller ikkje rommet optimalt, akustikken er sikkert bra n\u00e5r ein skal framf\u00f8re Nidelven og Kan du huske gamle Norge? Men arkitekten hadde nok aldri i tankane at dette lokalet skulle bli brukt til \u00e5 flytte forskingsfronten, og Janne og eg hadde rigga oss opp i kvar v\u00e5r kr\u00e5. Eg gjorde s\u00e5 godt eg kunne for \u00e5 f\u00e5 samtalen til \u00e5 g\u00e5, og det gjorde nok Janne ogs\u00e5. Fr\u00e5 kr\u00e5a mi fekk eg inntrykk av at stemninga i det andre hj\u00f8rnet var usedvanleg god, plutseleg kom det lokalpatriotiske songar om Bergen, etterf\u00f8lgd av trudeluttar av meir religi\u00f8s karakter. <\/p>\n<p>Etter endt dyst var Cindy, ein av informantane, med oss ut for \u00e5 ete, ogs\u00e5 det var ei triveleg stund. Alle tre satsa vi p\u00e5 torsk, og n\u00e5r eg melder meg p\u00e5 i torskek\u00f8en, s\u00e5 er det dessverre ikkje fordi eg er ein fiskeentusiast, men det er meir det at menyen om sv\u00e6rt kort tid vil vere burgar og pizza fr\u00e5 morgon til kveld, og da kan det vere fint \u00e5 ikkje vere heilt matlei alt f\u00f8r denne gastronomiske hestekuren startar. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan vest for Rockey Mountains.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da er jetleg-en tydelegvis ute av kroppen, for i dag vakna eg ikkje f\u00f8r halv \u00e5tte, lenge etter planen. For planen v\u00e5r var \u00e5 vere p\u00e5 vegen klokka \u00e5tte, dermed fekk \u00abfast-food\u00bb med eitt ei litt anna tyding. Eg fekk &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/torsdag-21-juni-vancouver-spokane\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-120","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=120"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=120"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=120"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=120"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}