{"id":123,"date":"2012-07-03T09:12:10","date_gmt":"2012-07-03T09:12:10","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=123"},"modified":"2012-07-03T09:12:10","modified_gmt":"2012-07-03T09:12:10","slug":"fredag-22-juni-spokane-kalispell-shelby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/fredag-22-juni-spokane-kalispell-shelby\/","title":{"rendered":"Fredag 22. Juni: Spokane, Kalispell, Shelby"},"content":{"rendered":"<p>Vi innser at vi nok har planlagt denne turen litt for tett, i dag skulle vi reise fr\u00e5 Spokane, WA til Kalispell, MO, og avtalen om intervju var klokka 13. Vi sjekka ruta opp mot GPS-en, og dette s\u00e5g ut til \u00e5 bli ein grei, men hektisk dag, men det var nok f\u00f8r vi oppdaga at vi skulle krysse ei tidssone. Og timen vi hadde lagt inn til litt tissing og eting forsvann f\u00f8r vi i det heile hadde starta. Om bilturen er det ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 seie, anna enn at dette er eit veldig stort land der det tek tid \u00e5 flytte p\u00e5 seg. Og vi har det da s\u00e5 komfortabelt som det g\u00e5r an \u00e5 ha det i ein bil. Vi kunne sikkert ha hatt det enda betre ogs\u00e5, om vi berre hadde funne ut av denne jungelen av knappar \u2013 og om vi hadde hatt litt betre tid. For heller ikkje denne gongen hadde vi ikkje tid til \u00e5 stoppe for \u00e5 ete lunsj, vi m\u00e5tte berre koste p\u00e5. Vi tok oss rett nok tid til \u00e5 kj\u00f8pe ein pizza p\u00e5 vegen, men vi hadde p\u00e5 ingen m\u00e5te tid til \u00e5 sette oss ned og i ro og mak nyte dette \u2013 her m\u00e5tte vi berre \u00abfrem, frem, over de h\u00f8je Fj\u00e6lde\u00bb. Vegarbeid og omk\u00f8yring gjorde at vi tok til \u00e5 kome i beit for tid, og til slutt m\u00e5tte vi berre bite i det sure eplet og innr\u00f8mme at dette klarte vi ikkje. Problemet her i dette store landet er \u00e5 f\u00e5 gitt beskjed til dei som ventar p\u00e5 oss, vi sendte nokre SMS-ar, men utan s\u00e6rleg h\u00e5p om at dei ville kome fram. <\/p>\n<p>Til Kalispell kom vi nesten tre kvarter for seint; her skulle vi f\u00e5 bruke kyrkja som studio, og vi var litt redde for at folk hadde vorte sure og berre g\u00e5tt. Men neida, dette var ein tolmodig gjeng. Det stod oppsmurt mat og venta p\u00e5 oss, og deretter var det berre \u00e5 rigge seg til med to kamera. Janne etablerte seg ved altaret medan eg fann eit meir profant m\u00f8terom. Og dei neste tre timane losa vi ein etter ein igjennom intervjuet. Og som vanleg p\u00e5 denne reisa var dette ei gruppe med noks\u00e5 blada drops. \u00d8ystein fr\u00e5 Larvik hadde utvandra i ten\u00e5ra, han snakka sv\u00e6rt godt norsk, og han sette tydelegvis sv\u00e6rt stor pris p\u00e5 denne stunda. Andre var meir rustne og sleit sv\u00e6rt med \u00e5 formulere meiningsfulle ytringar p\u00e5 norsk. Ut fr\u00e5 Einar Haugens definisjon p\u00e5 tospr\u00e5klege, \u00abable to produce meaningful utterences in two or more languages\u00bb, s\u00e5 var nok eit par av desse heilt i grenseland. <\/p>\n<p>Etter denne seansen venta meir kvalitetstid saman med damestemmen i GPS-en, vi skulle no vidare i retning Billings. For liksom \u00e5 sj\u00e5 litt anna enn store vidder og asfalt, fann vi ut at vi skulle leggje ruta gjennom Glacier Park, eit fjellparti i den nordaustlege delen av staten. Og igjen, p\u00e5 kartet s\u00e5g ikkje dette ut til \u00e5 vere lange omvegen, men det blir fort noko anna n\u00e5r ein skal k\u00f8yre. Joda, det var eit mektig og vakkert fjell-landskap vi reiste igjennom, sj\u00f8lv om eg ikkje er heilt sikker p\u00e5 om det var den vakraste turist-ruta vi tok. Men ho var grei nok. P\u00e5 denne vegen kom vi ogs\u00e5 inn i eit indianar-reservat, og dette var triste greier. Det er tydeleg at det ikkje er her den amerikanske draumen har g\u00e5tt i oppfylling, armod og forfall prega omr\u00e5det. Det var ingenting \u00e5 sj\u00e5 her, s\u00e5 vi kom oss vidare, og i god fart sette kursen s\u00f8raustover. Ja, kanskje i litt for god fart, for med eitt kunne eg sj\u00e5 bl\u00e5lys i bakspegelen. Janne sa seg straks villig til \u00e5 vere med p\u00e5 \u00e5 dele p\u00e5 bota. Eg slakka p\u00e5 farten og svinga ut av vegen, og bilen til sheriffen stoppa bak meg. Han kom ut av bilen, l\u00f8yste hempa til skytev\u00e5penet og gjekk bort til oss med gladmeldinga om at vi hadde passert han i 81 m\/h. Eg har det ikkje med \u00e5 krangle med folk, s\u00e6rleg ikkje med slike som g\u00e5r rundt med skarpladde v\u00e5pen, og n\u00e5r sant skal seiast, s\u00e5 hadde eg nok ikkje s\u00e5 veldig hardtsl\u00e5ande argument heller. Han tok med seg f\u00f8rarkortet mitt og forsvann tilbake til bilen sin igjen. Der vart han sitjande ei lang stund f\u00f8r han kom tilbake. I staden for bot, s\u00e5 fekk eg ei grundig innf\u00f8ring i amerikanske trafikkreglar med hovudvekt p\u00e5 fartsreglane. Eg lytta interessert p\u00e5 denne privatleksjonen; det er s\u00e5 rart med det, n\u00e5r pedagogen st\u00e5r der med ein skarpladd Colt ved hofta, s\u00e5 h\u00f8yrer ein p\u00e5 det som blir sagt. Kanskje den neste skolereformen b\u00f8r bli at alle l\u00e6rarar blir utstyrt med ein skarpladd Colt?<\/p>\n<p>Etter dette avbrekket kunne vi fortsette vidare s\u00f8raustover. Vi kom til slutt inn til Shelby, og etter litt fram og tilbake fann vi b\u00e5de eit litt slitt motell og ein restaurant like ved jernbanen. Og s\u00e5 mykje meir er det ikkje \u00e5 fortelje fr\u00e5 denne dagen anna enn at vi no veit at ogs\u00e5 amerikanske tog kan lage br\u00e5ke. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i Montana<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vi innser at vi nok har planlagt denne turen litt for tett, i dag skulle vi reise fr\u00e5 Spokane, WA til Kalispell, MO, og avtalen om intervju var klokka 13. Vi sjekka ruta opp mot GPS-en, og dette s\u00e5g ut &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/fredag-22-juni-spokane-kalispell-shelby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-123","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=123"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=123"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=123"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=123"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}