{"id":127,"date":"2012-07-03T09:27:31","date_gmt":"2012-07-03T09:27:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=127"},"modified":"2012-07-03T09:27:31","modified_gmt":"2012-07-03T09:27:31","slug":"sondag-24-juni-little-big-horn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/sondag-24-juni-little-big-horn\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 24. juni: Little Bighorn"},"content":{"rendered":"<p>Nokre vil kanskje seie at dette er r\u00e5 luksus, men vi hadde faktisk ikkje noko program i dag. Etter ei sv\u00e6rt hektisk veke er det godt med nokre timar helt utan feltarbeid. Vi fann likevel ut at vi ikkje skulle kaste bort tida p\u00e5 \u00e5 drive dank, for her skulle det opplevast! Ut fr\u00e5 det Janne sj\u00f8lv kunne fortelje, var det ho som starta denne dagen med \u00e5 gje andre folk ei aldri s\u00e5 lita oppleving. Sj\u00f8lv var eg ikkje vitne til det som skjedde, eg er for morgonstr\u00f8ytt til det, men er har ingen grunn til \u00e5 tvile p\u00e5 det eg fekk fortalt. Janne har etter det eg forst\u00e5r stor glede av ein tur i bassenget p\u00e5 morgonkvisten, og n\u00e5r hotellet annonserer at bassenget opnar klokka 08.00, ja s\u00e5 stiller ho opp p\u00e5 slaget klokka 08.00.00. Men s\u00e5 hadde det seg slik at betjeninga enno ikkje hadde f\u00e5tt rota seg til \u00e5 rulle inn trekket over bassenget f\u00f8r opninga i dag. Slike detaljar stoppar tydelegvis ikkje professorar. Bestemt og resolutt drog ho berre trekket til side, og trass i iherdige protestar fr\u00e5 betjeninga, s\u00e5 erkl\u00e6rte ho bassenget for opent ved rett og slett \u00e5 hoppe uti. Ikkje uventa skapte dette litt uro i personalet, men slikt f\u00e5r dei finne seg i n\u00e5r det ikkje klarer \u00e5 passe klokka. <\/p>\n<p>Alt dette kunne Janne fortelje om ved frukostbordet, eller rettare medan vi venta p\u00e5 eit frukostbord. For dette motellet hadde ikkje frukostservering, mat kunne vi f\u00e5 kj\u00f8pt i restauranten somm ligg ved sida, og der var det k\u00f8. Etter maten bestemte vi oss for \u00e5 bli turistar.<\/p>\n<p>Turen v\u00e5r gjekk no til Little Bighorn, ein stad ikkje ukjent for oss som p\u00e5 70-talet vaks opp med Morgan Kane, For det var her, p\u00e5 desse \u00e5sane kledde med t\u00f8rre grastuster, at \u00f8rnene d\u00f8r og general Custer gjekk ut av tida. Staden, som ligg ein dryg time fr\u00e5 Billings, er i og for seg ikkje noko spesielt anna enn nokre haugar med t\u00f8rt pr\u00e6riegras. Og ingen kartograf ville ha teke seg bryet med \u00e5 teikne inn denne plassen om ikkje Custer hadde hatt ein heller d\u00e5rleg dag p\u00e5 jobben her oppe. Det st\u00e5r fleire monument rundt denne \u00e5sen, i tillegg ligg det ein krigskyrkjegard og eit lite museum like ved. Vi gjekk og s\u00e5g oss litt rundt, f\u00f8rst p\u00e5 kyrkjegarden, der vi kunne finne eitt og anna norsk namn, deretter til ein indianarseremoni like ved. S\u00e5 kasta vi oss p\u00e5 ein guida spasertur der vegvisaren, ein gammal Vietnam-veteran, fortalte i det vide og breie om utviklinga av dette slaget. Ein kan nok trygt sl\u00e5 fast at Janne og eg har litt sprikande interesser n\u00e5r det gjeld slike ting som flankeman\u00f8vrar, opphaldande strid, lausriving med konsentrert ild og kringvern. Etter ein relativt grundig inspeksjon av slagfeltet i over 40 grader Celsius, kj\u00f8pte vi oss ein kaffiskvett f\u00f8r vi sette kursen til eit nytt Custer-museum. Her var det ogs\u00e5 multimodale presentasjonar av b\u00e5de troppeforflyttingane og utviklinga av slaget. Ogs\u00e5 ulike taktiske resonnement vart presenterte p\u00e5 ein grundig og sv\u00e6rt s\u00e5 innsiktsfull m\u00e5te. Janne forsvann raskt inn i g\u00e5vebutikken medan eg som gammal l\u00f8ytnant viste standhaftigheit og tolmod. <\/p>\n<p>Etter dette innblikket i fortida fann vi ut at vi gjerne ville ta ein titt p\u00e5 eit indianarreservat slik det er i dag. Kartet v\u00e5rt viste at det g\u00e5r ein veg gjennom reservatet, men GPS-en hadde lite lyst til \u00e5 geleide oss inn i dette ukjente landskapet. Men slike sm\u00e5-protestar fr\u00e5 ein skarve GPS skulle ikkje f\u00e5 stoppe oss, og inn i reservatet bar det. I starten gjekk det fint, men etter kvart vart vegen d\u00e5rlegare og d\u00e5rlegare, til slutt gjekk det over til \u00e5 likne mest p\u00e5 ein innt\u00f8rka elveleie. Landskapet her var utruleg vakkert, og sj\u00f8lv ein fargeblind kunne ane ulike nyansar av gr\u00f8nt og raudt. Til slutt kom vegen inn p\u00e5 ein aude farm, og der var det s\u00e5 godt som slutt. Her inne i indianarland gjorde vi som Custer burde ha gjort, vi slo retrett. Retur-vegen hadde ikkje vorte noko betre sidan vi var der sist, og det var derfor seint p\u00e5 kvelden f\u00f8r vi kom tilbake p\u00e5 hotellet og kunne sjekke inn p\u00e5 romma v\u00e5re.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i indi-land.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Nokre vil kanskje seie at dette er r\u00e5 luksus, men vi hadde faktisk ikkje noko program i dag. Etter ei sv\u00e6rt hektisk veke er det godt med nokre timar helt utan feltarbeid. Vi fann likevel ut at vi ikkje skulle &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/sondag-24-juni-little-big-horn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-127","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/127","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=127"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/127\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=127"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=127"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=127"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}