{"id":129,"date":"2012-07-03T09:28:34","date_gmt":"2012-07-03T09:28:34","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=129"},"modified":"2012-07-03T09:28:34","modified_gmt":"2012-07-03T09:28:34","slug":"mandag-25-juni-billings-glasgow","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/mandag-25-juni-billings-glasgow\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 25. juni: Billings, Glasgow"},"content":{"rendered":"<p>Dagen i dag har verkeleg vore bilens dag. Og igjen viser GPS-en at han kan ha litt irrasjonelle fakter. Turen skulle g\u00e5 fr\u00e5 Billings og opp til Glasgow i Montana der vi hadde etablert kontakt med ein familie. Vi kom oss utan problem ut av Billings, og kursen gjekk rett nordover. GPS er eit fantastisk hjelpemiddel n\u00e5r ein skal ta seg fram i eit nytt landsskap, men samstundes er det ogs\u00e5 lett \u00e5 lite fullt og heilt p\u00e5 den mekrande kvinnestemma i denne magiske d\u00e5sen. Etter kvart vart det mindre og mindre trafikken, og vegen vart ogs\u00e5 smalare og smalare. Til slutt var vi inne p\u00e5 ein svingete grusveg, og sidan dette er beiteland til ranchane, g\u00e5r det ogs\u00e5 kr\u00f8tter og hestar i vegkanten. Da vi forsto at dette kanskje ikkje akkurat var hovudvegen nordover, m\u00e5tte vi fram med gammaldags navigeringsutstyr \u2013 vi m\u00e5tte lese kart. Vi fann da ut at vi nok gjorde lurt i \u00e5 endre kursen litt, og etter ein time eller to kom vi endeleg til sivilisasjonen igjen, om da ein asfaltert veg kan kallas sivilisasjon. For her er det verkeleg folketomt, ein kan k\u00f8yre lenge f\u00f8r ein m\u00f8ter ein bil, og det er ogs\u00e5 langt mellom kvar heim. Landskapet endra seg ogs\u00e5 raskt, fr\u00e5 fruktbare \u00e5krar og enger til sletter med t\u00f8rt gras, fr\u00e5 omr\u00e5de med skog til karrige, men fascinerande fjellheimar. Og vi bevegde oss i dette landskapet i steikande solskin og temperaturar over f\u00f8rti. <\/p>\n<p>Vegen nordover var lang, og vi stoppa i ein liten by som heiter Jordan for \u00e5 ete litt. Dette var ein sv\u00e6rt s\u00e5 liten og merkeleg by, der bensinstasjonen liksom var sentrumet i urbanisasjonen. Ut fr\u00e5 vareutvalet er det s\u00e6rleg fisking ein skal drive med her, for fiskeutstyr av ulikt slag var eit nisjeproduktet der utvalet var sv\u00e6rt godt. Vi fekk oss litt mat, noko som p\u00e5 desse kantar er synonymt med ein burgar, og s\u00e5 kunne vi k\u00f8yre vidare. <\/p>\n<p>Langt utp\u00e5 ettermiddagen kom vi fram til Glasgow, og vi fann ogs\u00e5 fram til familien som skulle hyse oss. Dette var retteleg trivelege og omtenksame folk, og dei gjorde alt dei kunne for at vi skulle ha det bra. Her fekk vi ogs\u00e5 m\u00f8te bestefaren, ein fabelaktig mann p\u00e5 mange-og-nitti \u00e5r som snakka eit litt udefinerbart flatbygdm\u00e5l. Denne karen var forbausande vital, sj\u00f8lv om helsa tok til \u00e5 skrante litt og han ikkje var s\u00e5 sterk som i gamle dagar \u2013 etter det som vart fortalt om \u00abgammaltida\u00bb, brukte ikkje denne karen jekk n\u00e5r han skulle skifte hjul, han berre l\u00f8fta opp bilen medan ein av s\u00f8nene sette p\u00e5 det nye dekket. Gamlingen inviterte oss med ut p\u00e5 restaurant for \u00e5 ete \u00abs\u00f8ppel\u00bb, og der var delar av familien samla. Det var ein triveleg og sv\u00e6rt omsorgsfull gjeng vi som m\u00f8tte oss. <\/p>\n<p>Deretter reiste vi heim til vertsskapet v\u00e5rt igjen, vi rigga opp utstyret, og Janne starta f\u00f8rste delen av intervjuet med bestefar Hartvig. Men etter ein dryg time var det tydeleg at gamlingen tok til \u00e5 bli sliten, og vi fann derfor ut at vi skulle fortsette dagen etter. Det m\u00e5 nok ogs\u00e5 seiast at det ikkje berre var folk over 90 som tok til \u00e5 bli tr\u00f8ytte, og sidan vi skulle opp igjen i rimeleg tid dagen etter, tok vi kveld i rimeleg tid. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i Montana<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dagen i dag har verkeleg vore bilens dag. Og igjen viser GPS-en at han kan ha litt irrasjonelle fakter. Turen skulle g\u00e5 fr\u00e5 Billings og opp til Glasgow i Montana der vi hadde etablert kontakt med ein familie. Vi kom &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/mandag-25-juni-billings-glasgow\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-129","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=129"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=129"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=129"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=129"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}