{"id":131,"date":"2012-07-03T09:50:25","date_gmt":"2012-07-03T09:50:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=131"},"modified":"2012-07-03T09:50:25","modified_gmt":"2012-07-03T09:50:25","slug":"tysdag-26-juni-glasgow-bismarck","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/tysdag-26-juni-glasgow-bismarck\/","title":{"rendered":"Tysdag 26. juni: Glasgow, Bismarck"},"content":{"rendered":"<p>Dette er siste dagen i Montana. Vi var oppe i rimeleg tid for vi hadde avtale om \u00e5 sj\u00e5 innom gamle Hartvik i 8-tida; vi berre pakka tinga v\u00e5re inn i bilen og k\u00f8yrde ned til pensjonistbustaden hans. Deretter tok sonen hans, som er vaktmeister der, oss med p\u00e5 frukost. Eg kan ikkje nekte for at eg etter ei veke med noks\u00e5 enkel frukost hadde lyst p\u00e5 litt solide saker, derfor bestilte eg egg og bacon. Men her i Amerika er porsjonane enormt store, og dette var mat for minst to personar. Janne var litt meir forsiktig og bestilte pannekake; da fekk ho ei noks\u00e5 lita pannekake med ein sm\u00f8rklatt p\u00e5. Janne s\u00e5g straks at det her l\u00e5g eit potensielt problem: at ho om eit par timar skulle bli skrubbsvolten medan eg framleis var stappmett etter dette m\u00e5ltidet. Men da kjenner ho ikkje meg, det er utruleg kor mykje ein kan pakke i seg med hjelp av seig inntr\u00f8ndsk viljestyrke. <\/p>\n<p>P\u00e5 veg tilbake stakk vi innom Bob, ein 98-\u00e5ring som ogs\u00e5 budde her, og som etter det dei sa skulle snakke ein heilt annan dialekt enn dei andre. Det var ikkje noko tvil om at Bob var ekte tr\u00f8nder, han hadde r\u00f8tene til Statsbygda, og spr\u00e5ket hans peika ogs\u00e5 i den leia. Bob var ein lun og triveleg kar, men han var ogs\u00e5 f\u00e5m\u00e6lt, s\u00e6rleg n\u00e5r det skulle snakkast norsk. Vi pr\u00f8vde oss litt med samtale, men kom fram til at det neppe var nokon vits i \u00e5 gjere opptak. Hadde vi vore her ti \u00e5r tidlegare, hadde nok det vore ei anna sak. Deretter gjekk vi tilbake til Hartvik igjen, og vi hadde ei triveleg stund. Men det kom etter kvart folk inn for \u00e5 vere vitne til denne seansen, og til slutt var det ei stor gruppe samla for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 at Hartvik snakka norsk, og kanskje ogs\u00e5 for \u00e5 inspisere desse to raringane fr\u00e5 Noreg. Ogs\u00e5 litt yngre folk stakk innom, inkludert ein kar som kunne fortelje at han hadde funne ei gammal norsk songbok heime. Og det var p\u00e5 dette tidspunktet at Janne verkeleg sjokkerte meg, for her er kortversjonen av det ho sa til mannen\u2013 i oversett form: \u00abDersom du hentar denne boka, skal saktens vi spr\u00e5kforskarane syngje ein song eller to fr\u00e5 dette praktverket\u00bb. Det er i slike situasjonar at eg forst\u00e5r behovet for vetorett i eit demokrati. Da ho kom med dette forslaget, trudde ho kanskje at dette var ei heilt vanleg songbok, men Mads Berg har aldri vore ein stor helt her ute p\u00e5  pr\u00e6rieslettene. Ho vart litt usikker da ho s\u00e5g at denne boka fr\u00e5 1879 var trykt med gotiske bokstavar og berre inneheldt heilt ukjente religi\u00f8se songar dikta av den sv\u00e6rt ukjente utgjevaren, som eg ikkje hugsar namnet p\u00e5; det var heller ikkje noko som indikerte kva melodi desse songane skulle syngjast til. For \u00e5 berge oss ut av denne litt kinkige situasjonen, stemte vi i med \u00abJa, vi elsker\u00bb, \u00abPer Spellmann\u00bb og \u00abAlle fugler sm\u00e5 de er\u00bb. Stakkars folk som m\u00e5tte h\u00f8yre p\u00e5 dette, for framf\u00f8ringa v\u00e5r representerer ei nytolking som heilt sikkert manglar sidestykke p\u00e5 desse delane av kloten. Eg ser heilt klart behovet for \u00abFeltarbeidarens songbok \u2013 til tr\u00f8yst i tunge stunder\u00bb. Her b\u00f8r det absolutt vere eit umetta kommersielt behov.<\/p>\n<p>I 12-tida tok vi farvel med desse herlege folka og ny kurs vart lagt rett austover mot Nord-Dakota. Vi hadde eingong tenkt \u00e5 sj\u00e5 innom det nordvestre hj\u00f8rnet av denne staten, men vi fann fort ut at der er det heilt ur\u00e5d \u00e5 finne motell. Her har dei i det siste funne mykje olje, og da har det ogs\u00e5 kome inn sv\u00e6rt mange framandfolk som h\u00e5per \u00e5 f\u00e5 vere med p\u00e5 moroa. Vi endra derfor planar og bestemte oss for \u00e5 overnatte i Bismarck, og med ny optimisme og p\u00e5gangsmot sette dette som ny destinasjon i GPSen.<\/p>\n<p>Vi stoppa litt ved ei grill-sjappe i Wolf Point, og her fekk vi erfare at high-tech ogs\u00e5 har funne ein plass i restaurant-n\u00e6ringa. Den teknologiske nyvinninga her bestod i at det ved kvart bord var montert ein raud telefon. Ein m\u00e5tte bestille ved hjelp av denne gjenstanden, sj\u00f8lv om serveringsdama som tok imot bestillinga sto berre eit kort stykke unna. Og denne teknologien vart verkeleg sett p\u00e5 pr\u00f8ve da Janne skulle ha greie p\u00e5 vegetar-menyen. Men p\u00e5 d\u00e5rleg linje over ein sv\u00e6rt s\u00e5 kort avstand ordna ogs\u00e5 dette seg, dei hadde nokre halvt\u00f8rre salatblad liggjande.<\/p>\n<p>Etter kvart som vi n\u00e6rma oss Nord-Dakota, vart det fleire og fleire store truckar p\u00e5 vegen, og da vi kom inn i denne staten, s\u00e5g vi eit landskap fullt av oljet\u00e5rn og brakkebyar, og Williston er ein av dei byane som er mest prega av den nye olje-aktiviteten. Her stoppa vi og hadde den store gleda av \u00e5 handle bensin av ein kar som ut fr\u00e5 namneskiltet heitte Mr. Dusten. Men her i Amerika kan sj\u00f8lv Dusten vere triveleg og grei, i alle fall s\u00e5 lenge han ikkje har norsk bakgrunn. I denne byen hadde vi planar om \u00e5 gjere eit intervju med ein ny informant. Vi hadde ikkje nokon avtale med denne karen, men bror hans, som var informanten v\u00e5r i Billings, sa at han skulle ringje denne broren og bu han p\u00e5 at vi kanskje ville kome. Telefonsambandet mellom desse to statane er tydelegvis ikkje heilt prima. Men vi hadde adressa hans, og ut fr\u00e5 alt det norske krims-kramset som han hadde utafor inngangsd\u00f8ra si, s\u00e5 kunne ikkje dette vere noko anna enn ein ihuga norske. Vi banka p\u00e5, og ein spreking p\u00e5 93 \u00e5r opna d\u00f8ra; det var ikkje m\u00e5te p\u00e5 velvilje da han h\u00f8yrde kva vi var ute etter. Her f\u00f8lte eg meg litt som ein stunt-lingvist, vi ringjer p\u00e5 d\u00f8ra til folk, stormar inn, tek full kontroll over livet og heimen til ein heilt framand person, og n\u00e5r vi har f\u00e5tt det vi er ute etter, pakkar vi saman, takkar for oss og dreg vidare. Eg h\u00e5per at informantane v\u00e5re ikkje opplever det p\u00e5 same m\u00e5ten. Uansett, dette var ein sv\u00e6rt snakkesalig kar, og han hadde ogs\u00e5 mykje \u00e5 fortelje. Han fortalte om slike ting som krigen, livet som restauranteigar, og om oljepengane han hadde f\u00e5tt. Og dette var ogs\u00e5 ein informant av den gode, gamle typen som hadde l\u00e6rt seg norsk heime. Og sj\u00f8lv om han var sprek, sprang han ikkje rundt slik broren han gjorde. <\/p>\n<p>Etter denne seansen sette vi kursen til Bismarck; vi vart r\u00e5dd til \u00e5 k\u00f8yre omvegen via Minot, det vart ein noks\u00e5 lang tur, og det var seint f\u00f8r vi endeleg kunne sjekke inn p\u00e5 eit motell.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i Midtvesten.<br \/>\n\u2003<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette er siste dagen i Montana. Vi var oppe i rimeleg tid for vi hadde avtale om \u00e5 sj\u00e5 innom gamle Hartvik i 8-tida; vi berre pakka tinga v\u00e5re inn i bilen og k\u00f8yrde ned til pensjonistbustaden hans. Deretter tok &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/tysdag-26-juni-glasgow-bismarck\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-131","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=131"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=131"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=131"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=131"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}