{"id":133,"date":"2012-07-03T20:01:30","date_gmt":"2012-07-03T20:01:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=133"},"modified":"2012-07-03T20:01:30","modified_gmt":"2012-07-03T20:01:30","slug":"onsdag-27-juni-bismarck-hatton-og-mayville","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/onsdag-27-juni-bismarck-hatton-og-mayville\/","title":{"rendered":"Onsdag 27. juni: Bismarck, Hatton og Mayville"},"content":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 i dag vart det ein god dose med k\u00f8yring, vi skulle fr\u00e5 Bismarck og opp til omr\u00e5det ved Hatton, der det tradisjonelt skal vere fleire store enklavar med gammal norsk busetjing. Her hadde vi to avtalar, f\u00f8rst med ein som dei kalla \u00abThe wild Norwegian\u00bb, deretter med ein storfarmar p\u00e5 over 90. Men sj\u00f8lv om ein har b\u00e5de avtalar og adresser, s\u00e5 er det ikkje dermed sagt at alle problem er l\u00f8yste; GPS-en kjenner ikkje n\u00f8dvendigvis til alle avkrokane i dette landet, og vi fekk ikkje noko treff n\u00e5r vi pr\u00f8vde \u00e5 skrive inn adressa. Vi fann det derfor best \u00e5 bruke den gamle og enkle metoden, \u00e5 k\u00f8yre opp til staden og deretter h\u00e5pe p\u00e5 at vi kunne sp\u00f8rje oss fram. Vi var noks\u00e5 sikre p\u00e5 at vi kom til \u00e5 finne byen, Janne hadde var der for eit par \u00e5r sidan og meinte \u00e5 erindre at det ikkje var s\u00e5 veldig vanskeleg \u00e5 finne fram. Turen oppover tok drygt fire timar, og som vanleg s\u00e5 hamna vi p\u00e5 sm\u00e5 grusvegar f\u00f8r vi omsider kom fram. Vi parkerte utafor banken, og sj\u00f8lv om eg er mann, fall det i mitt lodd \u00e5 g\u00e5 den tunge vegen inn for \u00e5 sp\u00f8rje meg fram. \u00c5 sp\u00f8rje etter vegen er noko av det verste eg veit, det bryt verkeleg med alle instinkt i kroppen min, men til pers m\u00e5tte eg. Dette er ingen stor by, og sidan det ikkje var andre kundar i lokalet, vart det personlege servicen sv\u00e6rt god \u2013 s\u00e6rleg da dei forsto at eg var fr\u00e5 Noreg. Tre \u00abkundebehandlarar\u00bb kasta seg med stor iver over oppg\u00e5va med \u00e5 forklare meg vegen. Dei teikna kart og stod i, og informasjonen som dei ville gje meg, vart ogs\u00e5 kvalitetskontrollert gjennom at dei ringde venner og kjente. Det einaste dei ikkje ville gjere, var \u00e5 ringe direkte til denne villmannen. Etter kort tid kunne eg g\u00e5 ut med eit sv\u00e6rt detaljert kart som skulle gjere det lett \u00e5 finne fram. \u00abYou can\u2019t miss it\u00bb, sa dei, og det gjorde vi heller ikkje. Villmannen var heime da vi kom, men vi fekk inntrykk av at det ikkje passa meir enn h\u00f8veleg med bes\u00f8k, han skulle ha slektssamling om nokre dagar, dessutan var kona hans relativt ny-operert i eit kne, og ho stod fram i all si glans som eit verdig motstykket til \u00abMannen som ikke kunne le\u00bb. Vi forsto at vi burde bruke tida godt, og derfor rigga vi opp utstyret s\u00e5 fort vi berre kunne og starta intervjuet. Da villmannen forsto at han skulle bli eit vitskapleg objekt, t\u00f8dde han opp litt, og vart sv\u00e6rt s\u00e5 snakkesalig. Og sidan han br\u00f8df\u00f8dde seg som folketalar og underhaldar, glei dette glatt unna. Sj\u00f8lv \u00abDama som ikke kunne le\u00bb kvikna litt til, og f\u00f8r vi skulle g\u00e5, hadde ho rigga til brus og kake til oss. Eigentleg hadde vi det litt travelt, vi skulle n\u00e5 ein ny avtale, men vi tok oss likevel litt tid til \u00e5 ete saman med dei. Og det var eigentleg bra, for vi hadde heller ikkje adressa til den neste kontakten. Villmannen fekk no tid til \u00e5 forklarte oss vegen, og han meinte det ogs\u00e5 her ville vere ur\u00e5d \u00e5 bomme, det var berre \u00e5 g\u00e5 etter lukta, sa han. F\u00f8r vi reiste vidare, viste han oss ogs\u00e5 litt rundt p\u00e5 farmen, og han hadde litt av kvart \u00e5 vise fram, b\u00e5de veteranbilar og gamle hus. <\/p>\n<p>Omsider takka vi for oss, skjerpa luktesansen v\u00e5r og sette kursen nordover ut fr\u00e5 instruksjonane vi hadde f\u00e5tt. Det sl\u00e5r oss forresten at i Amerika snakkar dei ikkje om \u00e5 svinge til h\u00f8gre eller venstre, dei held seg til himmelretningane. Villmannen hadde faktisk rett, vi var p\u00e5 ingen m\u00e5te i tvil om at vi hadde kome rett da vi n\u00e6rma oss den neste farmen: Dette var ein sv\u00e6rt stor eigedom med over 5.000 kr\u00f8tter, og det var store flokkar med dyr rundt denne plassen. Vi banka p\u00e5 og vart m\u00f8tt av ei godt vaksen kvinne. Mannen, som skulle vere informanten v\u00e5r var ute i \u00abpastret\u00bb, men via walkie talkie vart han busendt. Kort tid etterp\u00e5 storma ein sprek kar i 90-\u00e5ra inn i den teppekledde stova med cowboy-st\u00f8vlane p\u00e5. Det var ingen tvil om at denne karen var van med h\u00f8g fart og effektivitet, her skulle det snakkast norsk, og det skulle i tillegg g\u00e5 raskt. Igjen fekk vi fram utstyret v\u00e5rt i ein fei, og seansen kunne starte. Gamlingen hadde nok helst sett at han hadde f\u00e5tt rampelyset for seg sj\u00f8lv, han insisterte lenge p\u00e5 at kona ikkje kunne snakke norsk, sj\u00f8lv om ho fleire gonger protesterte p\u00e5 norsk og sa at ho sj\u00f8lvsagt kunne snakke det. Samtalen gjekk fort unna, og ein \u00abself-made man\u00bb har gjerne litt av kvart \u00e5 ytre seg om. Etter ein liten time hadde vi samla det vi ville ha, vi pakka saman og stemninga var i og for seg gemyttleg og god heilt til Janne mumla eitt eller anna om den intellektuelle kapasiteten til Sarah Pallin &#8211; og ho la nok ikkje s\u00e6rleg vekt p\u00e5  fram-snakking. Men da var vi alt ute av d\u00f8ra og p\u00e5 veg mot bilen. Vi sette no kursen mot Mayville der vi fann oss eit motell og tok inn for natta. F\u00f8r vi gjekk til ro, var vi innom restauranten Paula\u2019s \u2013 noko som tydelegvis var ein institusjon her. Dette etablissementet, der lite hadde skjedd sidan Beatles toppa hit-listene, var ei unik oppleving, det var eitt eller anna med interi\u00f8ret som fekk meg til \u00e5 tenke p\u00e5 Edward Hoppers Nighthawks. Servicen var grei nok, noko anna var kanskje heller ikkje \u00e5 vente sidan vi hadde lokalet \u00e5leine og det var fem servit\u00f8rar p\u00e5 jobb.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i dette merkelege landet.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 i dag vart det ein god dose med k\u00f8yring, vi skulle fr\u00e5 Bismarck og opp til omr\u00e5det ved Hatton, der det tradisjonelt skal vere fleire store enklavar med gammal norsk busetjing. Her hadde vi to avtalar, f\u00f8rst med ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/onsdag-27-juni-bismarck-hatton-og-mayville\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-133","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/133","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=133"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/133\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=133"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=133"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=133"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}