{"id":153,"date":"2012-07-09T09:11:14","date_gmt":"2012-07-09T09:11:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=153"},"modified":"2012-07-09T09:11:14","modified_gmt":"2012-07-09T09:11:14","slug":"laurdag-30-juni-fargo-alexandria-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/09\/laurdag-30-juni-fargo-alexandria-minneapolis\/","title":{"rendered":"Laurdag 30. juni: Fargo, Alexandria, Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>Da tek faktisk opphaldet v\u00e5rt her i Amerika til \u00e5 g\u00e5 mot slutten. Det har vore intenst og hektisk, men ogs\u00e5 interessant og gjevande. Vi starta dagen uvanleg seint i dag, f\u00f8rst klokka ni m\u00f8ttest vi til frukost. Deretter pakka vi saman og starta turen mot Minneapolis, der vi har tenkt \u00e5 vere den siste natta. Og som vanleg er det ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 fortelje fr\u00e5 livet inne i ein SUV, det vi kan sj\u00e5, er stort sett snorrette vegar og enorme vidder med jordbruksland. <\/p>\n<p>P\u00e5 vegen austover m\u00e5tte vi sj\u00f8lvsagt stoppe i Alexandria, ein by med eit tydeleg norsk innslag. Og det som interesserte oss mest her, var \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 den s\u00e5kalla Kensington-steinen. Dette er ein runestein som vart funne p\u00e5 slutten av 1800-talet, og ut fr\u00e5 inskripsjonen skal han vere fr\u00e5 1362. Eg skal ikkje ta opp heile denne debatten her, Kensington-steinen kan framleis skape litt d\u00e5rleg stemning rundt eit norsk-amerikansk middagsbord, og skal eg g\u00e5 ut med mitt eige syn her, s\u00e5 er denne steinen berre tull og fantasi. Uansett, steinen og historia er utan tvil sv\u00e6rt fascinerande, og det er ikkje vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 at denne steinen skulle bli viktig i norsk-amerikansk mytologi \u2013 den var trass alt eit handfast prov p\u00e5 at skandinavane hadde vore her lenge f\u00f8r denne s\u00f8ringen Cristobal Colon dreiv ut av kurs. Her kan ein nok ogs\u00e5 snakke om nasjonsbygging, slike funn viste at skandinavane hadde f\u00f8rsteretten p\u00e5 dette landet. <\/p>\n<p>Til saman brukte vi rundt to timar p\u00e5 \u00e5 vase rundt i Alexandria, deretter sette vi igjen kursen mot Minneapolis. Igjen viste GPS-en seg som ein lite god ven, sj\u00f8lv om vi hadde skrive inn ein adresse, vart det etter kvart tydeleg for oss at vi var p\u00e5 feil kurs \u2013 vegane vart smalare og smalare medan avstanden mellom husa vart st\u00f8rre og st\u00f8rre. Men vi fann etter kvart ut korleis vi skulle finne fram til sentrum. I fjor fann vi fram til eit motell midt i sentrum av byen. Dette var i og for seg ein bra plass, men sentrum i Minneapolis er ekstremt daudt p\u00e5 kveldstid, og vi hadde litt yst p\u00e5 \u00e5 finne fram til ein restaurant utan \u00e5 bruke heile kvelden p\u00e5 \u00e5 leite. Omsider fann vi eit noks\u00e5 bra hotell p\u00e5 Nicolett Island, prisen var kanskje litt i overkant, man dette var siste kvelden v\u00e5r her i dette landet, s\u00e5 skitt au. Vi gjekk oss ein tur langs med elva og fann oss ogs\u00e5 ein uterestaurant. Etter ei s\u00e5 intens \u00f8kt med feltarbeid, var det verkeleg godt \u00e5 berre vere ein del av folkelivet. I morgon kveld reiser vi tilbake til gamlelandet, men f\u00f8rst skal vi innom Mall of America for \u00e5 rydde litt plass p\u00e5 bankkontoen. <\/p>\n<p>Og med det kan Calamity Jane og Wild Bill setje hesten p\u00e5 stallen, t\u00f8rke sveitten av panna, riste av seg st\u00f8vet og takke for seg for denne gongen. Og for \u00e5 halde oss til klisjeane: Vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin tur.<\/p>\n<p>Og slik gjekk den siste dagen i Amerika\u2026.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da tek faktisk opphaldet v\u00e5rt her i Amerika til \u00e5 g\u00e5 mot slutten. Det har vore intenst og hektisk, men ogs\u00e5 interessant og gjevande. Vi starta dagen uvanleg seint i dag, f\u00f8rst klokka ni m\u00f8ttest vi til frukost. Deretter pakka &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/09\/laurdag-30-juni-fargo-alexandria-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-153","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/153","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=153"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/153\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=153"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=153"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=153"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}