{"id":187,"date":"2012-10-05T06:34:53","date_gmt":"2012-10-05T06:34:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=187"},"modified":"2012-10-05T06:34:53","modified_gmt":"2012-10-05T06:34:53","slug":"sondag-30-september-college-park-minneapolis-zumbrotawanamingo-og-rochester","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/05\/sondag-30-september-college-park-minneapolis-zumbrotawanamingo-og-rochester\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 30. september: College Park, Minneapolis, Zumbrota\/Wanamingo og Rochester"},"content":{"rendered":"<p>Dette vart ein noks\u00e5 hektisk dag. Eg skulle reise saman med Janne og Eirik til Minnesota for \u00e5 begynne feltarbeidet. Det starta med oppbrot fr\u00e5 hotellet i ti-tida, vi sjekka ut og fekk skyss ned til flyplassen. Der m\u00f8tte vi \u00abtr\u00f8nder-bataljonen\u00bb fr\u00e5 NTNU, som ogs\u00e5 skulle vere med flyet til Detroit. Flyplassen i College Park er ikkje rare greiene, og det er ting her som lett kan dra tankane til kortbanenettet heime. Eirik og eg klarte utan problem \u00e5 sjekke inn elektronisk, men det var litt verre med Janne, ho hadde tydelegvis ikkje billett. Det var jo i og for seg rart, sidan ho hadde bestilt og betalt billett for oss alle tre. Men klerken bak disken var p\u00e5st\u00e5eleg, og eg skal ikkje nekte for at de spreidde seg ei aldri s\u00e5 lita uro i reisef\u00f8lgjet. Men etter mykje akkedering og \u00abrage against the machine\u00bb, ordna det seg til slutt. <\/p>\n<p>I Detroit hadde vi lunsj f\u00f8r vi tok avskil med gjengen fr\u00e5 NTNU, dei skulle heim, vi skulle inn i det norske pr\u00e6rielandet. Og etter ein ny flytur p\u00e5 rundt to timar var vi endeleg framme i Minnesota. Her fann vi fram til Dollar bilutleige, Janne drog kortet, og vips s\u00e5 fekk vi utlevert n\u00f8klane til ein tolleg r\u00f8seleg og s\u00f8lvblank pr\u00e6rieskonnert. Her m\u00e5 eg nok smette inn at trass i at ein kan h\u00e5pe at Eirik vart bittelitt imponert over doningen, s\u00e5 har Janne og eg vore ute med slike farkostar tidlegare: Chevroleten var grei den, men vi har nok sett og hatt st\u00f8rre monster tidlegare. Uansett, med denne skuta sette vi kursen s\u00f8rover ned mot Goodhue county og stj\u00f8rdalingane rundt Wannamingo og Zumbrota. Det st\u00e5r ikkje \u00e5 nekte for at vi er heldige med veret, temperaturen var god, ettermiddagssola skein, og no tek ogs\u00e5 lauvtrea til \u00e5 skifte farge, s\u00e5 det var sv\u00e6rt vakkert p\u00e5 turen nedover. Vi var framme i Zumbrota i god tid, s\u00e5 vi tok ein \u00f8rliten avstikkar berre for \u00e5 sj\u00e5 oss litt rundt i dette \u00e5kerlandet. Deretter sette vi kursen heim til ekteparet Irene og Sigurd, to sv\u00e6rt talef\u00f8re stj\u00f8rdalingar med r\u00f8tene opp til Skjelstadmarka. Desse hadde vi ogs\u00e5 i fjor, og da avsl\u00f8rte Irene at ho framleis hadde levande konjunktiv. Denne gongen hadde ho invitert tre andre norskspr\u00e5klege, s\u00e5 vi konsentrerte oss om desse. Ogs\u00e5 dette var interessante folk, den som snakka best, var ein liten, spretten og relativt nygift kar tidleg i 80-\u00e5ra. Han vart slusa ned i kjellaren, der Janne oppretta Studio 1, medan Eirik og eg styrte med Studio 2, og her kom det ogs\u00e5 ein sv\u00e6rt interessant kar p\u00e5 over nitti \u00e5r. Han var rett nok litt ust\u00f8 i norsken, men samstundes hadde han ei fantastisk livshistorie \u00e5 fortelje. Han hadde vore navigat\u00f8r p\u00e5 amerikanske bombefly under krigen og var nok sv\u00e6rt heldig som kom fr\u00e5 det heilskinna. Etter mange \u00e5r i flyv\u00e5penet dimitterte han og tok seg sivil jobb, men i 1962 m\u00e5tte han dra p\u00e5 seg uniforma igjen og stille som navigat\u00f8r p\u00e5 ein B-47 Stratojet stasjonert i Wisconsin, med to hydrogenbomber i bomberommet og Moskva som m\u00e5l. \u00abThis was not a joke\u00bb, sa han, og det tvilar eg ikkje p\u00e5. Han kunne ogs\u00e5 fortelje at han i milit\u00e6rtida si hadde gjennomg\u00e5tt ein spr\u00e5ktest for \u00e5 finne ut kor godt han snakka norsk, intensjonen var vissnok \u00e5 plukke ut kandidatar som liaison-offiserar i Noreg. Og dette hadde han god lyst til, men han gjorde det sv\u00e6rt d\u00e5rleg p\u00e5 denne testen: det dei testa, var riksm\u00e5l \u2013 han snakka berre \u00abtrondhjemmer\u00bb. Den tredje informanten var ein hesteinteressert kar midt i 70-\u00e5ra. Han hadde hatt slag, og var slik sett kanskje ikkje den heilt perfekte informanten. For det meste glei han over p\u00e5 engelsk. Men har arbeidde m\u00e5lretta for \u00e5 bli betre etter slaget, og han hadde eitt m\u00e5l: \u00e5 kunne reise ein siste gong tilbake til Tr\u00f8ndelag. For meg som tr\u00f8nder kan ein lett bli sentimental av slikt.<\/p>\n<p>Etter eit par timar med intervju og litt dr\u00f8s rundt kaffibordet sette vi kursen vidare s\u00f8rover til Rochester, der vi hadde bestilt motellrom. Og klokka gjekk mot elleve f\u00f8r vi kunne finne romma v\u00e5re.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i Minnesota.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette vart ein noks\u00e5 hektisk dag. Eg skulle reise saman med Janne og Eirik til Minnesota for \u00e5 begynne feltarbeidet. Det starta med oppbrot fr\u00e5 hotellet i ti-tida, vi sjekka ut og fekk skyss ned til flyplassen. Der m\u00f8tte vi &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/05\/sondag-30-september-college-park-minneapolis-zumbrotawanamingo-og-rochester\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-187","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/187","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=187"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/187\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=187"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=187"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=187"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}