{"id":191,"date":"2013-09-10T15:22:29","date_gmt":"2013-09-10T15:22:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=191"},"modified":"2013-09-10T15:22:29","modified_gmt":"2013-09-10T15:22:29","slug":"sondag-8-september-og-mandag-9-september-2009-halden-denver-og-saskatoon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/10\/sondag-8-september-og-mandag-9-september-2009-halden-denver-og-saskatoon\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 8. september og m\u00e5ndag 9. september 2013: Halden, Denver og Saskatoon"},"content":{"rendered":"<p>Ja, s\u00e5 var det p\u00e5 han igjen, da. For n\u00e5r Janne p\u00e5 Tekstlaben ringjer og fortel at ho har skaffa b\u00e5de reisepengar og nye norskspr\u00e5klege informantar p\u00e5 andre sida av \u00abBl\u00e5myra\u00bb, skal det ikkje s\u00e5 veldig mykje til for \u00e5 overtale ein gammal pr\u00e6rielingvist til \u00e5 sl\u00e5 f\u00f8lgje. \u00abSutkeisen\u00bb vart pakka, opptaksutstyret henta fram, og s\u00f8ndagsmorgonen klokka 10 sat eg p\u00e5 toget nordover til Gardermoen.<\/p>\n<p>Togturen er det lite \u00e5 fortelje om, forskarteamet vart fulltaleg ved at eg m\u00f8tte Janne til Gardermoen. Sidan vi p\u00e5 heimvegen fr\u00e5 Amerika skal innom Reykjavik for \u00e5 vere med p\u00e5 konferanse der, hadde vi ikkje anna val enn \u00e5 reise med Iceland Air \u2013 eit selskap vi har uvanleg d\u00e5rlege erfaringar med. Ikkje nok med at dette er eit selskap som har gjort manglande service til eit konkurransefortinn, men vi har tidlegare vorte st\u00e5ande fast b\u00e5de i Reykjavik og ute p\u00e5 pr\u00e6rien fordi dette selskapet tydelegvis gjerne har eit litt avslappa forhold til slike ting som reiseruter og tidsplanar. \u00abViss du har det s\u00e5 travelt, kvifor reiste du da ikkje i g\u00e5r?\u00bb, ser ut til \u00e5 vere haldninga til denne gjengen. Men underets tid er tydelegvis ikkje over: Innsjekkinga gjekk greitt, og sidan islendingane denne gongen verken kunne varte opp med vulkanutbrot, streikevillig bakkepersonell, motortr\u00f8bbel eller andre aparte ting, hadde vi heller ingen problem med \u00e5 kome oss til Reykjavik. Og etter ein kort stopp p\u00e5 Keflavik kunne vi gje oss i kast med neste etappe \u2013 til Denver, Colorado. Heller ikkje denne turen var fullpakka av sterke opplevingar. Vi prata litt, sov litt, las litt, arbeidde litt, og slik gjekk dei vel sju timane unna, heilt utan dramatikk og nesten utan turbulens. Dersom ein er lettskremd, kunne vi kanskje ha hengt oss litt opp i at dataskjermen som viste reiseruta v\u00e5r, insisterte p\u00e5 at vi skulle til Paris, eller at piloten ti minutt f\u00f8r landing kunne melde at vi p\u00e5 grunn av uver m\u00e5tte sirkle litt rundt i grenseomr\u00e5da mellom Nebraska og Wyoming, men vi merka ikkje noko til uveret, og vi slapp ogs\u00e5 \u00e5 vente s\u00e5 veldig lenge f\u00f8r vi fekk lov til \u00e5 lande. Vi kom oss greitt igjennom passkontroll og toll, og i \u00e5tte-tida p\u00e5 kvelden lokal tid, som for ein norsk skrott var klokka fire om natta, kunne vi sjekke inn p\u00e5 hotellet v\u00e5rt. Og det vart p\u00e5 ingen m\u00e5te ein seinkveld, etter ein liten matbit tok vi kvelden. <\/p>\n<p>Vanlegvis har eg eit velutvikla talent for \u00e5 sove, eg har spisskompetanse p\u00e5 \u00e5 sove veldig tungt, og p\u00e5 ein god dag kan eg ogs\u00e5 finne p\u00e5 \u00e5 sove tungt veldig lenge. Men desse kvalitetane fekk eg ikkje heilt til \u00e5 utnytte i natt: Eg vakna fleire gonger og klarte aldri heilt \u00e5 g\u00e5 i koma. Og folk som kjenner meg, b\u00f8r ogs\u00e5 vite at eg aldri ville finne p\u00e5 \u00e5 st\u00e5 opp f\u00f8r klokka er fem om morgonen dersom det ikkje var noko heilt spesielt. Det var det ikkje, likevel klarte eg ikkje \u00e5 sove vidare, s\u00e5 eit par timar f\u00f8r det var dagslys, kravla eg meg opp, henta meg eit stort beger med kaffi og sette meg til \u00e5 arbeide litt. Litt over \u00e5tte tusla eg ned i matsalen, og ikkje lenge etter dukka ogs\u00e5 Janne opp. Programmet for dagen var i og for seg sv\u00e6rt enkelt, vi skulle fortsette reisa v\u00e5r opp til Saskatoon. Sidan det var eg som bestilte hotellet via nettet, kan eg jo sj\u00f8lvsagt ikkje seie anna enn at Red Lions Inn er eit makelaust etablissement, s\u00e6rleg n\u00e5r det gjeld omfanget p\u00e5 d\u00f8ropningar og ikkje minst evnene til \u00e5 f\u00e5 eit stor og i og for seg OK rom til \u00e5 bli sv\u00e6rt upersonleg og sterilt. Men rett skal vere rett, frukosten var faktisk sv\u00e6rt bra etter amerikansk standard og kunne by p\u00e5 meir enn berre tynn kaffi og ein s\u00f8t, klissete smultring med sjokoladetrekk og str\u00f8pulver. Og sidan rytmen i kroppen var litt i ulage, var det frykteleg godt \u00e5 ta seg god tid ved m\u00e5ltidet. Bussen fr\u00e5 hotellet skulle g\u00e5 klokka ni, og nokre minutt f\u00f8r kunne eg sjekke ut og ta med bagasjen min bort til bussen. Eg trudde eg hadde veldig god tid, men sj\u00e5f\u00f8ren hadde ei litt anna syn p\u00e5 den saka: han ville gjerne kome seg i veg med ein gong. For meg kunne det i og for seg vere greitt, men s\u00e5 er det no ein gong slik at det er Janne som r\u00e5r over pengane for denne moroa, og ho dukka ikkje opp. Sj\u00e5f\u00f8ren tok til \u00e5 bli utolmodig og ymta framp\u00e5 om at han hadde ei k\u00f8yrerute som han m\u00e5tte halde seg til. Men Janne hadde god tid. Snart gjekk sj\u00e5f\u00f8ren og sette seg bak rattet og starta motoren. Framleis hadde Janne god tid. I heimen er eg kjent for \u00e5 vere ekstremt avslappa og flegmatisk \u2013 noko som sikkert kan vere ei utfordring for dei fleste som lever under tak saman med meg. Men samstundes: her trudde eg faktisk at eg hadde m\u00f8tt ein overmann, for ikkje \u00e5 seie overdame; for det var ei sv\u00e6rt s\u00e5 avbalansert Janne som til slutt dukka opp i d\u00f8rgl\u00f8tten med reiseeffektane sine. Det viste seg at Janne hadde stilt klokka si meir etter gef\u00fchlen enn etter Syst\u00e8me International d&#8217;Unit\u00e9s. Men ho kom seg da med. P\u00e5 flyplassen m\u00e5tte vi gjennom nye rundar med innsjekking, gjennomstr\u00e5ling, sjekking og hjelpelaus leiting etter rett utgang. Men vi fann fram, og vi hadde ogs\u00e5 god tid f\u00f8r flyet skulle g\u00e5, s\u00e5 eigentleg kunne vi ha f\u00f8lgt det gef\u00fchl-stilte armbandsuret til Janne.<\/p>\n<p>Flyturen nordover til Saskatoon gjekk ogs\u00e5 bra \u2013 og det er lite \u00e5 fortelje om fr\u00e5 desse 150 minutta, anna enn at dette p\u00e5 ingen m\u00e5te var ein jumbojet \u2013 p\u00e5 ingen m\u00e5te; og eg forsto plutseleg at n\u00e5r vi i gym-timane hadde ei \u00f8ving som gym-l\u00e6raren kalla \u00ab\u00e5 g\u00e5 g\u00e5s\u00bb, s\u00e5 skulle ogs\u00e5 det kome til praktisk nytte ein dag, for her var det ur\u00e5d for XXL-folk \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 folkeleg vis. Sidan Newtons lov ogs\u00e5 gjeld i Canada, kom vi oss ned, det vesle flyet rulla bort til terminalen, og der venta ein ny runde med passkontroll. Amerikanske grensevakter er gjerne skeptiske t\u00f8ffingar som legg all prestisje i \u00e5 leve eit liv i prinsippfast nulltoleranse. Dei manglar heilt humoristisk sans og har derfor ogs\u00e5 ein sv\u00e6rt dvask og utrent smilemuskelatur. Vaktene i Canada ga eit heilt anna inntrykk. Janne og eg vart sendt inn i kvar v\u00e5r gate \u2013 eg m\u00f8tte ein smilande kar som meinte det m\u00e5tte vere toppen av lykke for ein filolog \u00e5 f\u00e5 lov til \u00e5 reise rundt i Canada og snakke med norskspr\u00e5klege. \u00abHave a nice vaccation\u00bb, ropte han etter meg. Og Janne gjorde verkeleg kuppet: Grensevakta som kontrollerte henne, var medlem av Sons of Norway, og ho hadde ogs\u00e5 foreldre som ho meinte kunne snakke norsk. Avtale om opptak vart gjort p\u00e5 flekken. Vi kom oss gjennom alle kontrollpostane, og ute i hallen venta kontaktpersonen v\u00e5r, ein godt vaksen og sv\u00e6rt vital herremann med romsdalsk arvemateriale og  ei oksygenflaske over skuldra. Han kunne fortelje at han ikkje brukte oksygen til vanleg, berre n\u00e5r han var retteleg \u00abeksaita\u00bb, og det var han alts\u00e5 over at vi skulle kome. Han skal vere gaiden v\u00e5r dei neste \u00e5tte dagane, og han har ogs\u00e5 laga vekeprogrammet for oss. Vi h\u00e5per at denne staute romsdalingen har klart \u00e5 finne fram til gode informantar \u2013 det vil vi finne ut i morgon n\u00e5r vi skal m\u00f8te dei f\u00f8rste. Deretter tok vi avskil med gubben og oksygenflaska og gjekk for \u00e5 hente ut leigebilen, noko som ikkje var heilt utan problem: Den biltypen vi hadde bestilt hadde dei ikkje inne, og dei var ogs\u00e5 tomme for GPS-ar, eit hjelpemiddel som vi avhengige av for \u00e5 finne fram her i litt urbane str\u00f8k. For \u00e5 kompensere litt, skulle vi f\u00e5 l\u00e5ne den st\u00f8rste SUV-en dei hadde, og dei skulle kontakte oss s\u00e5 snart dei hadde f\u00e5tt inn ein GPS. Og kontakta oss gjorde dei: ein dresskledd kar med GPS i handa kom i fullt firsprang bort til oss medan vi dreiv med \u00e5 laste inn i bilen. Dermed var vi \u00aball set\u00bb og kunne setje kursen til hotellet v\u00e5rt. <\/p>\n<p>Hotellet var i og for seg OK, men det ligg midt i eit heller trist industriomr\u00e5de. Janne har vidare lagt seg til slike vanar at n\u00e5r ho er p\u00e5 hotell, skal ho helst ha tilgang til basseng. Og basseng hadde dei, det sjekka eg da eg bestilte, men eg unders\u00f8kte derimot ikkje om dei har vatn i det. Og det siste har dei sj\u00f8lvsagt ikkje, s\u00e5 Janne f\u00e5r klare seg som best ho kan p\u00e5 fast grunn i morgon tidleg. Og det ser ikkje ut til at ho kan sj\u00e5 fram til s\u00e5 mykje badeliv under resten av opphaldet her borte heller. Sj\u00f8lv om vi skal vere her i Saskatoon heile tida, hadde eg berre bestilt hotell for den f\u00f8rste natta, overnatting bruker jo \u00e5 ordne seg s\u00e5 greitt her borte i Amerika. Dessverre har eg berre erfaringsbakgrunn fr\u00e5 USA, her i Canada ser det ut til \u00e5 vere litt annleis. For da vi sette oss til med \u00e5 leite etter overnattingsplassar for resten av opphaldet her, var det sv\u00e6rt lite \u00e5 finne. Joda, dersom ein var villig til \u00e5 bla opp eit par tusenlappar for ei natt, s\u00e5 var det eit par etablissement \u00e5 velje i. Men reisebudsjettet v\u00e5rt toler ikkje slik luksus. Vi fann rett nok eit relativt billig eit, men kommentarane f\u00e5r tidlegare gjester var ikkje s\u00e6rleg lovande: \u00abI\u2019d rather sleep in my car\u00bb, var det ein som skreiv, og samanlikna med nokre av dei andre kommentarane, s\u00e5 var det nesten som eit komplement \u2013 for det m\u00e5 jo bety at i det minste s\u00e5 er ikkje parkeringsplassen heilt ubrukeleg. Etter mykje s\u00f8k og slit, fann vi omsider noko som ut fr\u00e5 b\u00e5de pris og kommentarar ser ut til \u00e5 vere akseptabelt, i morgon f\u00e5r vi sj\u00e5 om dette ogs\u00e5 er eit rottereir.<\/p>\n<p>Resten av dagen skjedde det ikkje s\u00e5 mykje, vi fann oss ein restaurant og kj\u00f8pte fish and chips; vi handla batteri og andre sm\u00e5ting, vi la litt planar for feltarbeidet, og ikkje minst s\u00e5 var vi stuptr\u00f8ytte. Klokka var derfor berre litt over \u00e5tte da vi kapitulerte og gjekk kvar til v\u00e5rt. I morgon startar feltarbeidet, og f\u00f8r det skal vi visst ogs\u00e5 intervjuast p\u00e5 TV \u2013 akkurat det siste er absolutt ikkje mitt p\u00e5funn. Tr\u00f8ysta er at det er lite kjentfolk her ute p\u00e5 viddene som kjem til \u00e5 gl\u00e5me p\u00e5 oss n\u00e5r vi er p\u00e5 lufta.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i Canada.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ja, s\u00e5 var det p\u00e5 han igjen, da. For n\u00e5r Janne p\u00e5 Tekstlaben ringjer og fortel at ho har skaffa b\u00e5de reisepengar og nye norskspr\u00e5klege informantar p\u00e5 andre sida av \u00abBl\u00e5myra\u00bb, skal det ikkje s\u00e5 veldig mykje til for \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/10\/sondag-8-september-og-mandag-9-september-2009-halden-denver-og-saskatoon\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-191","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/191","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=191"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/191\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=191"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=191"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=191"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}