{"id":195,"date":"2012-10-07T19:12:19","date_gmt":"2012-10-07T19:12:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=195"},"modified":"2012-10-07T19:12:19","modified_gmt":"2012-10-07T19:12:19","slug":"onsdag-3-oktober","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/07\/onsdag-3-oktober\/","title":{"rendered":"Onsdag 3. oktober"},"content":{"rendered":"<p>Dette er siste dagen i Westby for denne gongen. Og n\u00e5r eg skriv \u00abfor denne gongen\u00bb, s\u00e5 er det fordi eg gjerne vil tilbake igjen til denne merkelege plassen, sj\u00f8lv om ein i denne \u00abbisnissen\u00bb aldri veit om det blir ein gong til. Janne, Eirik og eg hadde \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb-frukost igjen, sj\u00f8lv om osten no var sv\u00e6rt s\u00e5 sveitt og det som var igjen av \u00absummer sausage\u00bb i liten grad klarte \u00e5 gjenskape gode minne om sommar. S\u00e5 langt har vi hatt glede av at motell i det minste kan by p\u00e5 juice, men ogs\u00e5 dette var dei tomme for. S\u00e5 det vart eit noks\u00e5 enkelt m\u00e5ltid, kan ein kanskje seie \u2013 inga stjerne i Michelin-guiden denne gongen, nei. Uansett, da denne restematen var konsumert p\u00e5 sv\u00e6rt feltmessig vis, var det p\u00e5 tide \u00e5 starte arbeidsdagen. Og arbeid i denne samanhengen var \u00e5 k\u00f8yre bil inn til byen for \u00e5 handle suvenirar og anna juggel. Janne og Eirik skulle innom Degernes, medan eg gjerne ville snakke nokre ord med Iversons ein siste gong. Her m\u00e5 eg innr\u00f8mme at eg fekk eit uventa problem \u2013 eg klarte ikkje heilt \u00e5 kjenne meg igjen i Nordbyen. eg m\u00e5tte kruse litt fram og tilbake i gatene f\u00f8r eg fann huset deira.  Ron var ikkje heime, men det var eit varmt gjensyn med Sandra. Ein m\u00e5 vere sv\u00e6rt avstumpa dersom ein ikkje blir glad i desse folka. Eg kunne ikkje hefte lenge, Janne og Eirik venta p\u00e5 meg nede i \u00abgiftst\u00e5ret\u00bb, eg tok farvel og sette kursen tilbake til sentrum igjen. Degernes er eigentleg ein merkeleg plass, her har dei veldig mykje rart av norsk-amerikansk nips. Og sj\u00f8lv om det meste her er retta mot norsk-amerikanarar, s\u00e5 er det ogs\u00e5 eitt og anna som er eksotisk for oss nordmenn. <\/p>\n<p>Tida gjekk fort medan vi var der, men det er ogs\u00e5 meiningslaust \u00e5 reise fr\u00e5 dette omr\u00e5det utan \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 ein norsk kyrkjegard, og den n\u00e6raste var ved Coon Prairie-kyrkja. Dit m\u00e5tte vi, men vi hefta ikkje s\u00e5 lenge fordi vi hadde ny avtale i Hixton klokka 12. Turen oppover gjekk utan problem, og nokre minutt etter skjema var vi p\u00e5 plass i Hixton. Der venta det eit ektepar som hadde bakgrunn fr\u00e5 \u00d8sterdalen, i tillegg skulle vi m\u00f8te to PhD-studentar fr\u00e5 Madison som ville vere med p\u00e5 dette. \u00d8sterd\u00f8lane var trivelege folk, og dei hadde diska opp med mat til oss da vi kom, deretter vart det opptak. For mannen glei dette godt, for kona var det litt \u00abhardare\u00bb, og vi bytta p\u00e5 \u00e5 intervjue dei. Vi kunne ta kveld relativt tidleg, klokka gjekk til fire da vi pakka saman utstyret v\u00e5rt og pakka det inn i bilen. Deretter skulle vi finne oss ein plass \u00e5 sove, og utan \u00e5 sjekke kart, s\u00e5 kom eg med gode forslaget at vi kanskje kunne pr\u00f8ve Eau Claire, som l\u00e5g ein times k\u00f8yring unna. Dessverre var det ingen som protesterte, og som tenkt, s\u00e5 gjort. Her fann vi eit OK motell og da kunne vi faktisk ta nokre timar fri \u2013 berre det \u00e5 kunne trekke seg unna litt er godt n\u00e5r ein driv med intenst feltarbeid p\u00e5 denne m\u00e5ten. Eirik og Janne ville berre slappe av p\u00e5 rommet, eg ville ein tur ned til sentrum for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 huset til Valdemar Ager, ein av dei store norsk-amerikanske h\u00f8vdingane for hundre \u00e5r sidan. Og for \u00e5 gjere ei lang historie kort, eg k\u00f8yrde gate opp og gate ned, men eg klarte ikkje \u00e5 finne noko sentrum eller noko Ager-hus. GPSen er eit utruleg hjelpemiddel \u2013 s\u00e5 lenge ein veit adressen dit ein skal. Veit ein ikkje det, er det verre. S\u00e5 desse to timane kunne eg ha brukt p\u00e5 noko meir fornuftig, men det f\u00e5r s\u00e5 vere. Kvelden avslutta vi med middag og TV-debatt mellom Romney og Obama. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette er siste dagen i Westby for denne gongen. Og n\u00e5r eg skriv \u00abfor denne gongen\u00bb, s\u00e5 er det fordi eg gjerne vil tilbake igjen til denne merkelege plassen, sj\u00f8lv om ein i denne \u00abbisnissen\u00bb aldri veit om det blir &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/07\/onsdag-3-oktober\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-195","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/195","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=195"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/195\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=195"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=195"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=195"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}