{"id":198,"date":"2012-10-09T17:19:49","date_gmt":"2012-10-09T17:19:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=198"},"modified":"2012-10-09T17:19:49","modified_gmt":"2012-10-09T17:19:49","slug":"torsdag-4-oktober","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/09\/torsdag-4-oktober\/","title":{"rendered":"Torsdag 4. oktober"},"content":{"rendered":"<p>I dag tidleg forstod vi kor dumme vi var som hadde sl\u00e5tt oss ned i Eau Claire: no hadde vi avtalar i Ettrick og Osseo, noko som betydde at vi m\u00e5tte bruke over ein time p\u00e5 \u00e5 k\u00f8yre tilbake og forbi omr\u00e5det vi var p\u00e5 i g\u00e5r. Dessutan gjekk det opp for ei av oss (eg viser diskresjon og nemner ikkje namn) at ho kanskje ikkje hadde gjort endelege avtalar med informantane vi skulle til. Mobilnettet her borte er av same kvalitet som det norske naudnettet, sannsynlegvis levert av Motorola, og derfor er det berre av og til at mobilen v\u00e5r fungerer her \u2013 meir av enn til, faktisk. Vi slumpa etter kvart til \u00e5 f\u00e5 s\u00e5 mykje dekning at vi kunne ringje den eine informanten (som vart overraska over at vi likevel skulle kome), men f\u00f8r vi rakk \u00e5 kome i kontakt med den andre, mista vi dekninga igjen. USA kan faktisk vere eit teknologisk m\u00f8kkaland! Vi fann utan problem fram til den f\u00f8rste informanten, og han hadde p\u00e5 kort varsel mobilisert tre andre karar. Og da vi duva inn p\u00e5 gardsplassen med pr\u00e6rieskonnerten v\u00e5r, m\u00f8tte vi gamle kjente: To av informantane som vi hadde i Blair for to \u00e5r sidan, var ogs\u00e5 varsla. Og inne sto verten klar med kaffi og \u00abmalassi-kokkis\u00bb. <\/p>\n<p>Her fann vi det best \u00e5 arbeide litt maskinelt, vi rigga opp to kamera, eit i kvar stove, s\u00e5 kunne kj\u00f8kkenet fungere som venterom. Der inne var det god stemning, og informantane som eg hadde under behandling var ogs\u00e5 greie \u00e5 ha med \u00e5 gjere og ikkje uvillige til \u00e5 snakke, sj\u00f8lv om det ikkje alltid var like lett \u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 snakke norsk. N\u00e5r eg s\u00e5g meg litt rundt i rommet, s\u00e5g eg at omgjevnadene oste maskulinitet og viste f\u00e5 teikn til kvinneleg p\u00e5verknad. Men her er eg nok p\u00e5 litt tynn is, eg har p\u00e5 ingen m\u00e5te brukt kvantitative metodar for \u00e5 f\u00e5 innsyn i kva som er kvinneleg smak n\u00e5r det gjeld interi\u00f8rarkitektur. Eg veit berre at dersom eg hadde insistert p\u00e5 \u00e5 dekke store delar av stoveveggen heime med utstoppa dyrehovud eller velvaksne fiskesluggar av ymse slag, s\u00e5 hadde det nok resultert i ei aldri s\u00e5 lita ekteskapleg meiningsutveksling. Og eg hadde nok heller ikkje sanka s\u00e5 veldig mange plusspoenga dersom eg p\u00e5 permanent basis hadde dekt stovegolvet med eit imponerande utval av jaktutstyr. Men det er godt muleg at amerikanske kvinnfolk har ei litt anna tiln\u00e6rming til dette, kva veit eg \u2026.<\/p>\n<p>S\u00e5 snart vi var ferdige med opptaka, ville informanten James vise oss litt rundt i omr\u00e5det, og han tok oss da med til gravsteinen sin, der han alt hadde f\u00e5tt skrive inn namnet sitt; farmen sin, der han dreiv oppdrett av fjordingar, og ogs\u00e5 til ein heim der dei hadde bygd opp eit \u00abnorsk\u00bb stabbur. Det er alltid interessant \u00e5 f\u00e5 innsyn i korleis amerikanarar tenker og korleis dei har det, og eg innser at vi som driv med denne typen feltarbeid, er sv\u00e6rt privilegerte. Det er neppe s\u00e5 mange norske turistar som f\u00e5r sj\u00e5 slike aspekt av amerikansk \u00e5ndsliv.<\/p>\n<p>Deretter m\u00e5tte vi vidare til ein heim utafor Osseo. GPSen tok oss dit, og da vi kom fram, var det heller ikkje nokon tvil om at vi hadde kome rett. For her vaia det norske flagget over farmen, og gardsplassen var full av bilar, det kunne nesten minne om parkeringsplassen p\u00e5 samfunnshuset heime n\u00e5r R\u00f8ra idrettslag har bingo. Og det var s\u00e6rleg imponerande sidan heller ikkje desse fekk bekrefta bes\u00f8ket v\u00e5rt f\u00f8r berre eit par timar f\u00f8r vi dukka opp. Her har dei tydelegvis sv\u00e6rt gode varslingsrutinar.<br \/>\nVertsskapet tok imot oss i d\u00f8ra, kona snakka ikkje norsk, men det gjorde derimot mannen. Og inne i hagestova var det fullt av folk som sat og venta p\u00e5 oss. Det var eit litt uoversiktleg landsskap \u00e5 orientere seg i for oss, for i starten var det litt uklart kven som kunne snakke norsk, og kven som var her berre for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Men i det minste var det 5-6 karar her som kunne dette gudgjevne spr\u00e5ket, og det kunne ogs\u00e5 hende at vi kunne klare \u00e5 lokke ei eller to av kvinnene til \u00e5 sitje framfor kameraet. <\/p>\n<p>Dei hadde eit stort og fint hus med fleire stover, s\u00e5 igjen kunne vi rigge oss til i to rom og drive maskinelt feltarbeid. Vertinna hadde ogs\u00e5 diska opp med lunsj til oss, og har var det fleire interessante rettar som ein kanskje kan pr\u00f8ve \u00e5 introdusere heime. Ein av favorittane var br\u00f8dskive med sm\u00f8reost dekt med knust potetgull. Kreativt! N\u00e5r eg kjem heim, b\u00f8r eg kanskje pr\u00f8ve \u00e5 imponere familie og vener med kneipbr\u00f8d med leverpostei og ostepop som p\u00e5legg \u2013 eller kanskje ikkje.<\/p>\n<p>Vi pr\u00f8vde \u00e5 vere s\u00e5 effektive som vi berre kunne og hadde eit h\u00f8gt tempo i arbeidet v\u00e5rt. Vanlegvis liker eg \u00e5 ha god tid n\u00e5r eg snakkar med norsk-amerikanarar, det er f\u00f8rst da at ein kjem litt under huda p\u00e5 folk. P\u00e5 den andre sida, vi hadde venta \u00e5 finne to eller tre her, dei var seks eller sju. Og vi hadde ei lang reise inn i Minnesota framfor oss, derfor m\u00e5tte det g\u00e5 litt kvikt unna, samstundes som vi m\u00e5tte pr\u00f8ve \u00e5 dokumentere sentrale sider ved spr\u00e5ket deira. Men eg trur nok at ettertida kan ha ein kritisk merknad eller to til tempoet v\u00e5rt, men det f\u00e5r st\u00e5 sin pr\u00f8ve, n\u00e5r den tida kjem er eg sikkert s\u00e5 gammal at eg berre kan ta ut batteriet i h\u00f8yreapparatet n\u00e5r kritikken blir ubehageleg. Utp\u00e5 ettermiddagen tok det til \u00e5 tynnast med folk, og vi kunne pakke saman og gjere oss klare for turen vidare \u2013 det venta oss rundt tre timar f\u00f8r vi var i Minneapolis. Men f\u00f8r vi reiste, ville verten vise oss den gamle homestead-farmen som han dreiv og restaurerte. Ogs\u00e5 det var interessant. <\/p>\n<p>Deretter venta asfalt, etter ein times tid passerte vi Eau Claire, det vart m\u00f8rt og vi kryssa grensa til Minnesota, og i kveldsm\u00f8rket s\u00e5g vi storbyen framfor oss. Vi hadde ikkje bestilt noko hotell, s\u00e5 vi skulle pr\u00f8ve \u00e5 finne noko i Minneapolis. Igjen m\u00e5 eg gjenta at GPSen er eit makelaust hjelpemiddel n\u00e5r ein veit kor ein skal, men det er nesten ubrukeleg n\u00e5r ein berre vil vite kor ein er. Kart er mykje betre, men i Minnesota kjem ein ikkje s\u00e5 veldig langt med eit Wisconsin-kart, om det er aldri s\u00e5 detaljert. Uansett, vi kom fram til eit bysentrum, og vi meinte ogs\u00e5 at vi kjente igjen oss, s\u00e5 vi tok til \u00e5 leite etter eit motell som vi hadde i fjor. Men utan hell, til slutt berre k\u00f8yrde vi rundt i h\u00e5p om \u00e5 finne noko. Som eit Soria Moria-slott dukka da Embassy Suits and Inn opp, og Janne gjekk inn for \u00e5 sjekke prisen. Det var relativt dyrt, men dei hadde rom, s\u00e5 vi slo til. S\u00e5 dette blir plassen der vi skal \u00abspenne\u00bb dei siste to nettene i Statane for denne gongen. Vi forsto ogs\u00e5 no kvifor vi ikkje heilt klarte \u00e5 finne det motellet vi leitte etter, og forklaringa var sv\u00e6rt enkel (men ogs\u00e5 utruleg pinleg): vi var i feil by! For dette var St. Paul, og ikkje Minneapolis. Men desse to byane blir kalla \u00abTwin cities\u00bb, s\u00e5 det spelar inga stor rolle, anna enn at Eirik no fekk innsyn i kor h\u00e5plause vi to gamlingane er: S\u00e5 langt har vi anstrengt oss for \u00e5 gi inntrykk av at vi er lommekjente her borte \u2013 ja, sure, you bet, der forsvann nok den illusjonen, ja \u2026<\/p>\n<p>Hotellet var av ein litt annan standard enn det vi hadde i Westby, med galleri mot atriet og suitar. Men det var ogs\u00e5 \u00f8rlite slitt. Vi gjekk ned i baren for \u00e5 f\u00e5 oss litt mat (som ikkje var s\u00e5 veldig god) og eit glas \u00f8l (som smakte betre), deretter tusla vi opp til romma v\u00e5re. Sj\u00f8lv om vi no er i ein amerikansk storby som sikkert har noko som kan kallast eit natteliv, var tanken p\u00e5 noko slikt ikkje s\u00e5 veldig fristande. Dagen har vore sv\u00e6rt lang og krevjande, og i morgon har vi nye avtalar i Mindekirken klokka 9.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag tidleg forstod vi kor dumme vi var som hadde sl\u00e5tt oss ned i Eau Claire: no hadde vi avtalar i Ettrick og Osseo, noko som betydde at vi m\u00e5tte bruke over ein time p\u00e5 \u00e5 k\u00f8yre tilbake og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/09\/torsdag-4-oktober\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-198","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/198","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=198"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/198\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=198"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=198"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=198"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}