{"id":200,"date":"2012-10-09T17:20:58","date_gmt":"2012-10-09T17:20:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=200"},"modified":"2012-10-09T17:20:58","modified_gmt":"2012-10-09T17:20:58","slug":"fredag-5-oktober","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/09\/fredag-5-oktober\/","title":{"rendered":"Fredag 5. oktober"},"content":{"rendered":"<p>Da g\u00e5r det mot slutten p\u00e5 opphaldet v\u00e5rt her, i morgon reiser vi heim, derfor blir nok dette ogs\u00e5 den siste dagen med blogging om da ikkje noko spesielt skulle dukke opp.<\/p>\n<p>Vi m\u00f8ttest til frukost kvart p\u00e5 \u00e5tte, og da hadde alt kvinnegruppa vore i bassenget, medan vi karane hadde prioritert \u00e5 utforske baksida av augelokka. Frukosten var bra; omelett og flesk med juice og kaffi til b\u00f8r vere ein grei start p\u00e5 dagen. Klokka halv ni sette vi kursen mot Mindekirken, og der kunne vi installere oss p\u00e5 m\u00f8terommet. Det viste seg at vi dei hadde klart \u00e5 finne fram to informantar til oss, og her var det meir urbane folk der ein nok ikkje kjem s\u00e5 veldig langt med dei tradisjonelle sikkerstikka mine for ein laus og ledig konversasjon p\u00e5 pr\u00e6rien: disc, combine, bailer og blower.<\/p>\n<p>Den f\u00f8rste var ei dame i siste halvdel av 30-\u00e5ra med r\u00f8tene til Vestfold, ei pratsam dame som ogs\u00e5 kunne fortelje at ho hadde arbeid p\u00e5 den norskspr\u00e5kelege barnehagen i byen. At det i det heile finst noko slik, var heilt nytt for meg. Og etter intervjuet var ferdig snakka eg litt vidare med henne for \u00e5 f\u00e5 litt meir greie p\u00e5 kva dei driv med p\u00e5 denne barnehagen. Deretter venta det ei gamal dame i rullestol som ogs\u00e5 meinte ho kunne norsk. Det vart ein noks\u00e5 tung samtale, stort sett glei ho over i engelsk, s\u00e5 det vart ikkje ein slik grand finale som ein gjerne kunne ha tenkt seg. Men n\u00e5r ho og barnebarnet hadde sett av tid for \u00e5 hjelpe oss, kunne vi eigentleg ikkje berre bryte av heller, sj\u00f8lv om det var litt fristande. Vi heldt praten g\u00e5ande ein halvtimes tid, og klokka gjekk mot tolv n\u00e5r vi med godt samvit kunne takke for samtalen. Dermed pakka vi saman, tok ein titt rundt i kyrkja og lempa utstyret inn i bilen. No var jobben gjort, og dette skulle markerast gjennom litt utagerande shopping i Mall of America, det enorme kj\u00f8pesenteret som dei har her borte. Eirik var kanskje ikkje s\u00e5 veldig entusiastisk over \u00e5 skulle bruke fleire timar p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 fr\u00e5 butikk til butikk, men han kakka seg no med. Etter ei intens \u00f8kt her, reiste vi tilbake til hotellet, der det var gratis drinkar i baren, og det m\u00e5tte vi jo f\u00e5 med oss. Deretter var det middag p\u00e5 pizza-restaurant f\u00f8r kvelden vart runda av med filmen Fargo lasta ned fr\u00e5 nettet. Og slik endte den siste dagen her i dette merkelege landet. <\/p>\n<p>Ja, slik g\u00e5r nu dagan \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da g\u00e5r det mot slutten p\u00e5 opphaldet v\u00e5rt her, i morgon reiser vi heim, derfor blir nok dette ogs\u00e5 den siste dagen med blogging om da ikkje noko spesielt skulle dukke opp. Vi m\u00f8ttest til frukost kvart p\u00e5 \u00e5tte, og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/10\/09\/fredag-5-oktober\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-200","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/200","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=200"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/200\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=200"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=200"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=200"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}