{"id":202,"date":"2013-09-11T12:43:53","date_gmt":"2013-09-11T12:43:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=202"},"modified":"2013-09-11T12:43:53","modified_gmt":"2013-09-11T12:43:53","slug":"tysdag-10-september-saskatoon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/11\/tysdag-10-september-saskatoon\/","title":{"rendered":"Tysdag 10. september: Saskatoon"},"content":{"rendered":"<p>Framleis er eg ein d\u00f8gnvill mann, og sannsynlegvis rekk eg akkurat \u00e5 finne den amerikanske rytmen f\u00f8r eg reiser heim, og da m\u00e5 eg igjennom den same prosessen igjen. Ja, pr\u00e6rielingvistikk er sanneleg slitsam moro. Igjen vakna eg i firetida, eg pr\u00f8vde \u00e5 sove vidare, men makta det ikkje heilt, s\u00e5 i femtida kom eg meg i kleda og pr\u00f8vde \u00e5 arbeide litt \u2013 eg innser at det tek til \u00e5 haste med \u00e5 f\u00e5 eit foredrag ferdig til Island. I sjutida banka Janne litt forsiktig p\u00e5 d\u00f8ra og lurte p\u00e5 om eg kanskje ville vere med ned p\u00e5 frukost, noko kroppsrytmen min var meir enn klar for. Vi hadde ein sv\u00e6rt solid frukost og tok oss god tid, vi var jo alt ferdige med ei god arbeids\u00f8kt. Etter dette samlingsstunda gjekk vi kvar til v\u00e5rt igjen og arbeidde litt vidare, f\u00f8r vi i elleve-tida m\u00e5tte snurpe saman pikkpakket v\u00e5rt og sjekke ut fr\u00e5 hotellet, neste stopp var eitt eller anna TV-studio nede i sentrum, som vi ikkje hadde ei adresse til, anna enn at det l\u00e5g p\u00e5 eit hj\u00f8rne like ved ei Harley Davidson-sjappe. I gamle dagar ville nok dette ha fungert, men for oss i GPS-generasjonen, var dette informasjonsgrunnlaget litt tynt, s\u00e5 vi var \u00f8rlite usikre p\u00e5 om vi i det heile ville finne fram. Men med ein heldig kombinasjon av litt flaks og litt flaks, fann vi faktisk fram utan \u00e5 slite s\u00e5 veldig. Og utafor studioet sto romsdalingen med oksygenflaska og venta p\u00e5 oss, klar for \u00e5 lose oss vidare til eit nytt liv i eteren. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje heilt visste kva eg gjekk til \u2013 n\u00e5r sant skal seiast, trudde eg at dei ville lage eit lite redigert innslag, og at en da kunne rekne med at all hosting, nysing og stotring ville bli redigert bort, og at ein dermed slapp i blamere seg heilt p\u00e5 ei riksdekkjande sending. Vel inne i studio gjekk alvoret opp for meg: Vi skulle vere med i eit direktesendt nyheitsprogram. I seg sj\u00f8lv var det jo interessant \u00e5 sj\u00e5 korleis dette gjekk for seg \u2013 men eg var mest oppteken av \u00e5 angre som ein hund p\u00e5 at eg hadde vorte narra med p\u00e5 dette. Etter nokre innslag om politikarar som hadde sagt noko meir eller mindre fornuftig, at godveret skulle halde fram og eit par andre viktige saker, var det alts\u00e5 v\u00e5r tur. Programleiaren, som heitte Rogstad og som kunne seie eit par norske ord, stilte oss nokre sp\u00f8rsm\u00e5l \u2013 eg klarer ikkje heilt \u00e5 erindre om kva, og vi ga fr\u00e5 oss nokre stortrande svar medan vi flakka med blikket og vrei oss i stolen \u2013 eg har heilt fortrengt kva eg sa. Det einaste eg har eit klart minne om, er kor innmari lyst eg hadde til \u00e5 nyse medan dette sto p\u00e5 \u2013 kombinasjonen direktesendt fjernsynsunderhaldning og lett pollenallergi treng ikkje alltid vere ei suksessoppskrift. Men eg klarte heldigvis \u00e5 spare dei canadiske fjernsynssj\u00e5arane for ei slik rystande oppleving. S\u00e5 var det plutseleg reklamepause igjen, det kom ein jente og tok av oss mikrofonane og losa oss ut, og eg m\u00e5 innr\u00f8mme at dette er f\u00f8rste gongen eg verkeleg har sett pris p\u00e5 reklameavbrot \u2013 og eg skal aldri meir seie eit vondt ord om fjernsynsreklame \u2013 i alle fall ikkje p\u00e5 ei stund. Vi gjekk s\u00e5 ut saman med romsdalingen og oksygenflaska, og vi fekk nesten med ein gong bekrefta at media har makt og at vi no hadde hatt det som Warhol omtala som \u00ab15 minutes of fame\u00bb. For plutseleg stoppa det ein bil p\u00e5 sida av oss, sj\u00e5f\u00f8ren veiva ned vindauget, vinka til oss og sa: \u00abI saw you guys on TV just now\u00bb. Slik er det alts\u00e5 \u00e5 ha kjendis-status.<\/p>\n<p>Neste post p\u00e5 programmet var \u00e5 m\u00f8te nokre norskspr\u00e5klege i ei av kyrkjene her i str\u00f8ket. Romsdalingen dirigerte oss gjennom byen og til rett stad, og her skulle vi gjere opptak av dei tre f\u00f8rste, to kvinner og ein mann. Eg merka at det er eit \u00e5r sidan sist vi gjorde dette, \u00e5 rigge opp utstyr og f\u00e5 det til \u00e5 fungere tok meir tid enn det burde. Men vi kjem sikkert raskt inn i rutinen igjen. Vi delte oss inn i to lag, Janne var inne i kyrkjeskipet, og eg inne p\u00e5 m\u00f8terommet. Eg hadde Gjertrud under behandling, og dette var ei triveleg dame som klaga p\u00e5 at ho var s\u00e5 lite snakkesalig. Men norsk kunne ho, og at ho hadde r\u00f8ter til Skudeneshavn, var heller ikkje s\u00e5 vanskeleg \u00e5 h\u00f8yre. Denne dama hadde arbeidd som sjukes\u00f8ster i mange \u00e5r, og banda til Noreg var ogs\u00e5 sterke. B\u00e5de ungane hennar og barnebarna hadde vore p\u00e5 folkeh\u00f8gskole i Noreg, og det hendte derfor rett som det var at ho snakka litt norsk med avkommet. Deretter var det turen til r\u00f8slege Tor, ein tidlegare l\u00e6rar og politimann med bakgrunn i Morgedal og Valdres. Og i samvere med slike folk gjekk tida fort, klokka gjekk mot seks da vi tok avskil, pakka saman og k\u00f8yrde inn mot sentrum igjen.<\/p>\n<p>Den neste utfordringa v\u00e5r var \u00e5 finne fram til det nye motellet. Og eg skal ikkje nekte for at eg var spent \u2013 og det hadde eg i og for seg grunn til \u00e5 vere ogs\u00e5. For dette var ikkje rare greiene,  det var eigentleg eit motell slik ein kjenner dei fr\u00e5 utallege filmar, der ein parkerer bilen rett utafor rommet, og inngangsd\u00f8ra til kvart rom er rett fr\u00e5 gardsplassen. Dette er ogs\u00e5 slik eg hugsar motell fr\u00e5 80-talet da eg reiste rundt i Minnesota og Dakota-statane p\u00e5 jakt etter inntr\u00f8nderar. Enkel m\u00f8blering, slitt og kanskje ikkje heilt prima teppegolv, sannsynlegvis reine, men slitte sengeklede, ei velbrukt og ikkje s\u00e5 veldig komfortabel seng, slitte m\u00f8blar, eit bad som ogs\u00e5 har sett sitt beste og med ein innestengt eim som er fors\u00f8kt kamuflert av kjemisk furun\u00e5llukt p\u00e5 sprayboks. Dette er absolutt ikkje ein plass der ein b\u00f8r kaste bort tida ved \u00e5 sl\u00e5 om seg med kritiske blikk, for da er det fort eitt \u00e5 anna s\u00e5 hengje seg opp i. Snarare b\u00f8r ein ta av seg brillene og tenke p\u00e5 at her bur ein for \u00e5 tene Konge og Fedreland, og at ingen offer da er for store. Joda, eg svartm\u00e5ler kanskje litt, men det er ikkje s\u00e5 mykje her som inspirerer til kvitm\u00e5ling heller. Jo forresten, det er ein ting: restauranten. For vi m\u00e5tte jo ha oss mat, og da fann vi ut at vi skulle pr\u00f8ve restauranten her. Her hadde dei ogs\u00e5 eit merkeleg regime. Dersom vi budde p\u00e5 motellet kunne vi f\u00e5 maten til sterkt redusert pris mot at vi \u00e5t p\u00e5 rommet. Dersom vi i staden ville ete i sj\u00f8lve restauranten, var det nesten norske prisar. Tanken p\u00e5 \u00e5 ete p\u00e5 rommet var ikkje s\u00e5 veldig fristande, og alternativet var da \u00e5 ete i sj\u00f8lve restauranten. Men det var ogs\u00e5 tydeleg at det fanst kundar som ikkje heilt hadde f\u00e5tt med seg denne skilnaden. Bak meg sat det eit italiensk par, og eg kunne etter kvart h\u00f8yre litt halvh\u00f8g munnbruk og ane skyggen av gestikulering med hender. Men sidan eg har folkskikk nok til ikkje \u00e5 snu meg for \u00e5 glane, vil dete vere andrehandsinformasjon, simultanreferert av Janne som sat betre til eg eg. Joda, den italienske kavaleren hadde bestilt billigmat for dei to &#8211; i tillegg til vin. Og dei vart litt overraska n\u00e5r dei fekk maten &#8211; pakka i isoporbrett og det tok s\u00e5 sm\u00e5tt til \u00e5 demre for dei at dei hadde gjort ein aldri s\u00e5 liten gastronomisk tabbe, for maten kunne dei ikkje ete inne i restauranten. Samstundes hadde dei ogs\u00e5 kj\u00f8pt to glas med vin som dei ikkje fekk lov til \u00e5 ta med ut. Kattepine med andre ord. Endskapen p\u00e5 visa vart at dei, etter mykje intern krangling for \u00e5 fastleggje ansvaret, og ogs\u00e5 fors\u00f8k p\u00e5 litt diplomatisk argumentasjon, endte opp med \u00e5 sl\u00e5 vinen over i plastbeger, og med raske skritt forsvan dei ut. Dessverre s\u00e5g eg lite av dette, men Janne er faktisk ganske flink til som munnleg referent i slike situasjoner. <\/p>\n<p>Maten her var faktisk bra, men som i USA opererer dei med sv\u00e6rt s\u00e5 rause porsjonar her borte. S\u00e5 sj\u00f8lv om ein er oppdregen til \u00e5 ete opp maten sin, blir dette litt i overkant. Og dette var eigentleg slutten av dagen, akkurat no sit eg og kjempar ein heroisk kamp for ikkje \u00e5 sovne, ein kamp som eg kjenner eg er p\u00e5 god veg til \u00e5 tape, s\u00e5 det er nok best \u00e5 krype i loppekassa.<\/p>\n<p>Slik g\u00e5r nu dagan i det norske Canada.   <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Framleis er eg ein d\u00f8gnvill mann, og sannsynlegvis rekk eg akkurat \u00e5 finne den amerikanske rytmen f\u00f8r eg reiser heim, og da m\u00e5 eg igjennom den same prosessen igjen. Ja, pr\u00e6rielingvistikk er sanneleg slitsam moro. Igjen vakna eg i firetida, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/11\/tysdag-10-september-saskatoon\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-202","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/202","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=202"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/202\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=202"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=202"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=202"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}