{"id":208,"date":"2013-09-14T04:54:41","date_gmt":"2013-09-14T04:54:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=208"},"modified":"2013-09-14T04:54:41","modified_gmt":"2013-09-14T04:54:41","slug":"onsdag-11-september-2013-saskatoon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/14\/onsdag-11-september-2013-saskatoon\/","title":{"rendered":"Onsdag 11. september 2013: Saskatoon"},"content":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 i dag tidleg meinte kroppen min at morgonstund har gull i munn, og igjen kunne eg myse p\u00e5 fire-talet da eg vakna, og eg kunne ikkje kunne sove meir. Etter \u00e5 ha vridd meg lenge og vel, fann eg det best \u00e5 kome seg opp og arbeide litt. Men i dag vart det ikkje s\u00e5 veldig lang \u00f8kt sidan Janne og eg hadde avtale om frukost klokka sju. Etter ein lang frukost sette vi oss til med litt arbeid igjen f\u00f8r vi sette kursen ned til romsdalingen Bj\u00f8rn, som ogs\u00e5 i dag hadde laga eit program til oss. Som vanleg stilte han opp med okygenflaska si, men trass i at pusten hans ikkje var heilt prima og hadde behov for litt ekstra drahjelp av og til, er dette ein sv\u00e6rt aktiv og fascinerande mann som er sv\u00e6rt flink til \u00e5 involvere seg i alle typar frivillig arbeid, inkludert det \u00e5 hjelpe norske feltlingvistar med \u00e5 finne fram i verda. F\u00f8rste stopp var heime hos ein musikkl\u00e6rar, ein sv\u00e6rt vital kar i siste delen av 80-\u00e5ra som framleis var sv\u00e6rt aktiv og hadde musikktimar med eit lite hindretals med ungdommar. Garasjen hadde han bygd om til musikkrom og verkstad, og her hadde han myje rart og interessant, og kanskje s\u00e6rleg fiolinar og trekkspel av ymse slag og kvalitet.<br \/>\n<a href=\"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/files\/2013\/09\/IMG_2646.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/files\/2013\/09\/IMG_2646.jpg\" alt=\"IMG_2646\" width=\"4000\" height=\"2248\" class=\"aligncenter size-full wp-image-213\" \/><\/a><br \/>\nEin av omgangsvenene, ein kar i slutten av sytti-\u00e5ra dukka ogs\u00e5 opp, Han var pensjonert kjemi-ingeni\u00f8r som hadde arbeidd i papir-industrien. Dersom ein er p\u00e5 jakt etter folk som snakkar opphavlege dialektar \u2013 kva no det er, s\u00e5 kan ein nok trygt seie at denne karen ikkje heilt levde opp til forventingane. Han hadde \u00abteke klassar\u00bb i norsk, s\u00e5 det som m\u00e5tte finnast av sogneblod i denne karen, kom p\u00e5 ingen m\u00e5te til uttrykk i m\u00e5ten han snakka p\u00e5. Men denne typen spr\u00e5kbrukarar h\u00f8yrer ogs\u00e5 med blant dei siste norskspr\u00e5klege ute p\u00e5 pr\u00e6rien. Musikkl\u00e6raren sleit meir med \u00e5 snakke norsk, det kom da nokre setningar, men det var p\u00e5 ingen m\u00e5te enkelt \u00e5 f\u00e5 til ein lett og ledig samtale med denne kroppen, og b\u00e5de forskingsobjekt og feltarbeidar var vel eigentleg letta da denne seansen var over. Etterp\u00e5 viste han fram musikkrommet sitt, og her var det litt av kvart som kunne fange interessa v\u00e5r. S\u00e6rleg hadde eg sans for arbeidsbenken hans, den var rikhaldig.<br \/>\n<a href=\"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/files\/2013\/09\/IMG_2655.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/files\/2013\/09\/IMG_2655.jpg\" alt=\"IMG_2655\" width=\"4000\" height=\"2248\" class=\"aligncenter size-full wp-image-216\" \/><\/a><br \/>\nNeste post p\u00e5 programmet var ein bustad for dei ikkje heilt, og som vanleg dirigerte Bj\u00f8rn oss dit vi skulle. Dette bygget var p\u00e5 ingen m\u00e5te ein gammalheim i tradisjonell tyding, snarare var det sj\u00f8lvstendige leilegheiter der folk ogs\u00e5 hadde litt tilsyn og hjelp, og der dei kunne f\u00e5 servert mat. Den f\u00f8rste vi m\u00f8tte i d\u00f8ra, var ei dame i litt ubestemmeleg alder, men ho m\u00e5tte vel vere ein stad i 70-\u00e5ra. Denne t\u00f8tta snakka norsk, i starten noks\u00e5 bokm\u00e5lsn\u00e6rt, men etter kvart braut det fram ein aldri s\u00e5 liten nordlending. Det er ikkje s\u00e5 ofte at tida i forsvaret kjem til nytte p\u00e5 pr\u00e6rien, men det gjorde det faktisk no. For ho var fr\u00e5 Andenes, ein stad der eg for nesten tretti \u00e5r sto standhaftig og venta p\u00e5 at \u00abden r\u00f8de fare\u00bb skulle materialisere seg i horisonten. Og dette gjorde at vi hadde mange felles referansar. Og sj\u00f8lv om det ikkje vart ein veldig lang samtale, var det jo moro. Deretter gjekk vegen til dei vi eigentleg skulle m\u00f8te: eit eldre ektepar, der kona kunne snakke norsk og ein nabo som ogs\u00e5 var norskspr\u00e5kleg. Denne nabomannen var eigentleg ein merkeleg framtoning reint spr\u00e5kleg sett. Han hadde r\u00f8ter til omr\u00e5det Stavanger og Skudeneshavn, men han hevda sj\u00f8lv at han ikkje l\u00e6rte \u00e5 snakke norsk f\u00f8r p\u00e5 1950-talet, da han var tre m\u00e5nader i Rogaland. Men han var alt for st\u00f8 i norsk til at dette kunne vere den fulle og heile sanninga. Det st\u00e5r rett nok ikkje \u00e5 nekte for at han ikkje treivst s\u00e5 veldig godt n\u00e5r feltarbeidaren begynte \u00e5 sl\u00e5 om seg med palatalar, apokope og jamvekt, men ein treng ikkje \u00e5 reise heilt til Canada for \u00e5 oppdage at det finst folk som ikkje er 100% komfortable med inntr\u00f8ndsk tungeartisteri. Mannen i huset snakka ikkje norsk, derimot var han interessant for meg \u2013 for han heitte Norem og hadde bakgrunn fr\u00e5 Inder\u00f8ya. Og han visste ogs\u00e5 kor R\u00f8ra var \u2013 og det er jo trygt \u00e5 vite at ein s\u00e5 sentral plass p\u00e5 verdskartet ogs\u00e5 er kjent i Canada, det vitnar om danning. Av han fekk eg ogs\u00e5 h\u00f8yre at det skulle bu ei Helde i dette etablissementet. Mange av slekta mi som reiste til Amerika, endra namne til Helde, dessutan visste eg at det var nokre av dei som reiste vidare nordover fr\u00e5 Dakota. P\u00e5 veg ut i bilen m\u00f8tte eg denne dama, men som eg eigentleg hadde venta, s\u00e5 var dette ei heilt anna Hjelde-slekt.<\/p>\n<p>Arbeidsdagen var tidleg over, i halv sekstida var vi p\u00e5 motellet igjen. Etter ein liten power-nap sette vi kursen tilbake til byen, vi ville jo sj\u00e5 oss litt rundt n\u00e5r vi f\u00f8rst var i denne byen. Det vart ingen langtur, berre ein liten runde langs med elva. Og kvelden vart s\u00e5 runda av med eit m\u00e5l mat ved den gamle jernbanestasjonen. <\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan her i det norske Canada.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ogs\u00e5 i dag tidleg meinte kroppen min at morgonstund har gull i munn, og igjen kunne eg myse p\u00e5 fire-talet da eg vakna, og eg kunne ikkje kunne sove meir. Etter \u00e5 ha vridd meg lenge og vel, fann eg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/14\/onsdag-11-september-2013-saskatoon\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-208","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/208","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=208"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/208\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=208"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=208"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=208"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}