{"id":212,"date":"2013-09-16T13:38:53","date_gmt":"2013-09-16T13:38:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=212"},"modified":"2013-09-16T13:38:53","modified_gmt":"2013-09-16T13:38:53","slug":"14-september-saskatoon-archerwill","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/16\/14-september-saskatoon-archerwill\/","title":{"rendered":"14. september: Saskatoon, Archerwill"},"content":{"rendered":"<p>Dei siste dagane har det vore heitt her ute p\u00e5 viddene med temperaturar over 30 grader p\u00e5 det varmaste; i dag ventar dei ein kaldfront, og da kan temperaturen ramle hardt og brutalt ned mot 20 grader. Og p\u00e5 veg opp til nabohotellet der vi bruker \u00e5 kj\u00f8pe frukost, var det tydeleg at det var eit heilt anna drag i lufta, sj\u00f8lv om det framleis var eit veldig kl\u00e5rt og vakkert ver.<\/p>\n<p>Etter frukost starta vi turen ned til sentrum for \u00e5 hente romsdalingen Bj\u00f8rn, og framfor oss venta ein tre timars lang biltur p\u00e5 litt varierande underlag mot Archerwill, ein \u00f8rliten plass austafor Saskatoon. Bj\u00f8rn var som vanleg i godlune da vi henta han, og ein treng verken bilradio eller smart-telefon som underhaldning n\u00e5r ein reiser saman med Bj\u00f8rn: Skal ein sleppe til med nokre velvalgte ord sj\u00f8lv ogs\u00e5, s\u00e5 m\u00e5 ein nytte h\u00f8vet n\u00e5r Bj\u00f8rn pustar inn. S\u00e5 turen var prega av tilpassa folkeopplysning for feltarbeidsfolk. Elles er det ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 fortelje om bilturen, alt er \u00e5ker her, alt er flatt her, og det einaste som kanskje r\u00f8rer seg litt, er skurtreskene og st\u00f8vskyer etter farm-maskineri.<\/p>\n<p>I Wadena stoppa vi for \u00e5 ha oss \u00aba little lunch\u00bb, Bj\u00f8rn meinte at dette ville bli eit minneverdig feinschmecker-h\u00f8gdepunkt som vi kom til \u00e5 leve lenge p\u00e5. Og rett skal vere rett; eg kan nok ikkje nekte for at dette p\u00e5 mange m\u00e5tar var litt minneverdig, men det var ikkje p\u00e5 grunn av dei potensielle stjernene i Michelin-guiden. Her serverte dei kinamat-buffet, eller kva ein no skal kalle det. Og det hadde neppe vorte nokon nobelpris p\u00e5 Ivan Pavlov i 1904 dersom han hadde frista hundane sine med ei slik oppdisking. Her kunne dei heller ikkje skulde p\u00e5 at dei i staden for \u00e5 lage god mat, brukte tida p\u00e5 aggressivt reinhald. P\u00e5 ingen m\u00e5te \u2013 ein rask titt p\u00e5 golvet avsl\u00f8rte eigentleg det meste om menyen dei siste par vekene. Ein snartur innom doen hjalp heller ikkje s\u00e6rleg for \u00e5 heve det generelle inntrykket, for her hadde sisterna g\u00e5tt sund slik at ein ikkje kunne trekke ned. Eg skal ikkje g\u00e5 s\u00e6rleg i detaljar, men det var sv\u00e6rt tydeleg at eg p\u00e5 ingen m\u00e5te var den f\u00f8rste som hadde h\u00f8ve til \u00e5 oppdage dette, og at skaden neppe hadde skjedd dei siste par d\u00f8gna. Etter denne skilsetjande opplevinga, kunne vi k\u00f8yre vidare, og vi kom etter kvart inn p\u00e5 kronglete grusvegar som skulle ta oss til heimen til Sandra og mannen. Her var det berre Sandra som var heime. Mannen hennar, som etter det vi hadde h\u00f8yrt skulle vere god til \u00e5 snakke norsk, var ikkje heime, han var p\u00e5 harvest-arbeid 60-70 km lenger vest. Men det skulle kome tre andre norskspr\u00e5klege dit i l\u00f8pet av dagen, men det kunne kanskje dryge litt sidan dei ogs\u00e5 skulle vere med p\u00e5 ei likferd f\u00f8rst. <\/p>\n<p>Bj\u00f8rn tok kommandoen og viste oss rundt p\u00e5 farmen medan han vidaref\u00f8rte arbeidet som folkeopplysar, og Janne og eg var i denne samanhengen folket. Denne plassen l\u00e5g ikkje midt ut i eit ope landskap, men inne i eit litt kupert skogsomr\u00e5de der det ogs\u00e5 l\u00e5g eit vatn. Og snart tok det til \u00e5 dukke opp folk, s\u00e5 vi rigga oss opp inne vi bestestova til Sandra. Som vanleg bytta Janne og eg litt p\u00e5 med \u00e5 gjere intervjua, og den f\u00f8rste dama snakka retteleg bra. Ho hadde r\u00f8ter til Gudbrandsdalen, og da skulle ein jo tru at Coon Valley-norsken min kunne kome til nytte, men slik var det dessverre ikkje. S\u00e5 av og til sleit vi aldri s\u00e5 lite, s\u00e6rleg fordi eg trudde at Coon Valley-ord som flaur for mj\u00f8l og r\u00f8vvel for elv skulle vere gangbar mynt ogs\u00e5 her, men slik var det ikkje. Deretter kom det to s\u00f8strer som nok sleit litt meir med \u00e5 snakke norsk. Dei forsto det meste, men det var sv\u00e6rt lenge sidan dei hadde snakka, og stort sett svara dei p\u00e5 engelsk med eitt og anna norske ordet innblanda. Eg trur at b\u00e5de Janne og eg raskt inns\u00e5g at her var det ikkje s\u00e5 frykteleg mykje \u00e5 hente, s\u00e5 vi tv\u00e6ra heller ikkje ut meir enn vi m\u00e5tte. F\u00f8r vi skulle reise, viste Sandra oss ulike ting i huset, mellom anna ei turu, og er det noko Janne har sans for, s\u00e5 er det nettopp turu \u2013 eg har enno ikkje heilt forst\u00e5tt kva som er s\u00e5 gj\u00e6vt med turu, men for tururisten Janne er det f\u00e5 ting som kan lyse s\u00e5 opp i pr\u00e6rie-kvardagen, som det \u00e5 oppdage ei turu.<\/p>\n<p>Deretter venta det tre timar i bil med folkeopplysning, hornmusikk og Beatles, ei etter mitt syn sv\u00e6rt s\u00e5 fruktbar blanding. Klokka gjekk mot ni da vi var tilbake i Saskatoon igjen, og etter det fantastiske Kina-m\u00e5ltidet, var vi faktisk litt svoltne. Derfor runda vi av dagen nede p\u00e5 restauranten ved jernbanen igjen, og som vanleg var maten veldig god her.  <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan p\u00e5 pr\u00e6rien<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei siste dagane har det vore heitt her ute p\u00e5 viddene med temperaturar over 30 grader p\u00e5 det varmaste; i dag ventar dei ein kaldfront, og da kan temperaturen ramle hardt og brutalt ned mot 20 grader. Og p\u00e5 veg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/16\/14-september-saskatoon-archerwill\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-212","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/212","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=212"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/212\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=212"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=212"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=212"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}