{"id":218,"date":"2013-09-14T07:07:17","date_gmt":"2013-09-14T07:07:17","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=218"},"modified":"2013-09-14T07:07:17","modified_gmt":"2013-09-14T07:07:17","slug":"fredag-13-2013-saskatoon-outlook","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/14\/fredag-13-2013-saskatoon-outlook\/","title":{"rendered":"Fredag 13, 2013: Saskatoon \u2013 Outlook"},"content":{"rendered":"<p>I dag s\u00e5 er det alts\u00e5 fredag den 13., utan at vi eigentleg let oss merke av det. Vi starta dagen som vanleg med frukost klokka 7, og no har eg endeleg funne rytmen, eg har slutta \u00e5 vakne i fire-tida, og eg har ogs\u00e5 slutta \u00e5 vere stuptr\u00f8ytt heile dagen. Og frukost med speilegg og flesk burde jo leggje eit solid grunnlag for kreativt feltarbeid. Igjen hadde vi ein roleg morgon, der vi pr\u00f8vde \u00e5 jobbe litt, og f\u00f8rst i elleve-tida starta vi opp pr\u00e6rieskonnerten v\u00e5r og sette kursen ned til Bj\u00f8rn. Derifr\u00e5 skulle vi til ein plass som heiter Outlook, og dette har ikkje noko med Bill Gates og Windows \u00e5 gjere. Vi sette inn bynamnet i GPS-en, og damestemmen hadde ei bestemt meining om kor ho ville \u2013 viss ikkje truga ho med \u00abrecalculating\u00bb: Bj\u00f8rn hadde ogs\u00e5 ei veldig klar meining om kor han ville, og det er ikkje til \u00e5 nekte for at dei hadde ulike tiln\u00e6rmingar til vegval. Bj\u00f8rn vann. Etter nesten to timar k\u00f8yring over heilt flate pr\u00e6rievidder, kom vi fram til denne byen, og Outlook er vel ikkje av dei plassane p\u00e5 jorda som har vore mest brautande. Men bensinstasjon hadde dei (noko som var litt prek\u00e6rt), og eg trur ogs\u00e5 det ville vere muleg \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt seg ei skurtreske eller ein traktor der \u2013 andre ting unkke det kanskje vere litt verre med.<br \/>\nVi kom fram i god tid, fylte drivstoff, spurte veg, og fann utan problem fram til kyrkja der vi skulle m\u00f8te staute norsk-canadiske. Men da vi kom fram der, var det ingen \u00e5 sj\u00e5, og vi frykta litt for at dette ville bli ein fjasko. Vi sette oss p\u00e5 ein benk i skuggen, men ingenting skjedde \u2013 her sat vi berre. Bj\u00f8rn tok med seg oksygenflaska og sette seg i skuggen, Janne fann seg raskt til rette i solsteiken medan eg virra litt r\u00e5dlaus rundt. Etter ei stund trudde vi at vi h\u00f8yrde at folk prata, og Bj\u00f8rn tok da flaska med seg for \u00e5 unders\u00f8ke. Og da hadde det kome tre-fire stykke inn som meinte dei kanskje kunne klare \u00e5 seie nokre ord. Eit raskt overblikk tilsa eigentleg at vi her sat med velvillige folk som s\u00e5 gjerne skulle ha imponert oss med litt norsk, men som i beste fall kunne klare \u00e5 stotre fram \u00abuffda\u00bb og \u00abtakk\u00bb. Janne meinte at vi her kanskje burde \u00abfeike\u00bb litt og f\u00e5 dette litt raskt unna. Eg s\u00e5g ogs\u00e5 poenget \u2013 men s\u00e5 er det dette med \u00abhumble Norwegians\u00bb da. For det viste seg snart at vi her hadde folke som verkeleg kunne snakke norsk. Janne ga meg f\u00f8rstevalet av informantar i dag, og naturlegvis blinka eg meg ut folk som eg trudde kunne forst\u00e5 meg. Eg visste at det var ein nordm\u00f8ring i forsamlinga og spurte etter han, og da spratt det opp ein sprek, liten kar med solide arbeidshender. Eg tok han med inn i rommet, og det var fort klart at han nok ikkje var nordm\u00f8ring \u2013 derimot hadde han veldig d\u00e5rleg tid, for sj\u00f8lv om han var nesten 90, s\u00e5 m\u00e5tte han jo ut p\u00e5 fila og k\u00f8yre combine, m\u00e5 vite. Dette var ein sv\u00e6rt livleg kar, og han var sv\u00e6rt s\u00e5 st\u00f8 p\u00e5 norsk. N\u00e5r denne oppskrytte nordm\u00f8ringen var ferdig \u2013 som eigentleg viste seg \u00e5 vere gudbrandsd\u00f8l, var det turen til ein vestlending. Denne karen sleit med Parkinson, men likevel gjekk sj\u00f8lve intervjuet ganske bra. Han hadde ogs\u00e5 studert p\u00e5 Blindern, s\u00e5 sj\u00f8lv om han kunne sitere bestefaren p\u00e5 at \u00abstavangerm\u00e5l e jo det beste spr\u00e5kje\u00bb, s\u00e5 hadde denne informanten ein meir skriftsm\u00e5ln\u00e6r varietet \u00e5 vise fram.<br \/>\nDei to siste informantane eg hadde, var fr\u00e5 Inder\u00f8ya, og det var mor og dotter. Mora var \u00f8dd her i dette omr\u00e5det, man hadde vore tilbake i gamlelandet mange gonger for \u00e5 bes\u00f8ke slekta si p\u00e5 Ut\u00f8ya \u2013 Ulvin. Og da hadde vi litt av kvart \u00e5 snakke om. Vidare hadde denne informanten ogs\u00e5 ei dotter som kunne snakk norsk \u2013 ho hadde vore norskl\u00e6rar p\u00e5 den lokale h\u00f8gskolen, og ho hadde ogs\u00e5 vore eit \u00e5r p\u00e5 Sund folkeh\u00f8gskole. Vi hadde mykje \u00e5 snakke om, og det er veldig godt \u00e5 vite at mange her i Canada veit kor heimbygda mi er.<br \/>\nMen alt har ein ende, og da klokka gjekk mot seks, kunne vi pakke saman. Og p\u00e5 vegen heim ville Bj\u00f8rn gjerne innom kasinoet her, som indianarane driv. Vi spelte ikkje med pengar, berre gjekk litt rundt og s\u00e5g p\u00e5. Og Bj\u00f8rn f\u00f8lte seg heime her, ein gong i veka tek han bussen til denne plassen berre for \u00e5 m\u00f8te folk og ha litt moro. Vi \u00e5t i restauranten, og for meg som et kj\u00f8tt, s\u00e5 var det nok \u00e5 ta av, for vegetarianaren Janne var det kanskje litt annsleis, men ho finn seg i et og klagar lite.<br \/>\nRundt \u00e5tte vr vi tilbake p\u00e5 hotellet, og for s\u00f8rste gong p\u00e5 denne turen kunne vi samlast p\u00e5 rommet mitt og kopiere opptaka om vi har. Kvelden gjekk veldig fort, og vi klarte til slutt \u00e5 organisere det materialet som vi har samla.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i dette sv\u00e6re landet \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag s\u00e5 er det alts\u00e5 fredag den 13., utan at vi eigentleg let oss merke av det. Vi starta dagen som vanleg med frukost klokka 7, og no har eg endeleg funne rytmen, eg har slutta \u00e5 vakne i &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/14\/fredag-13-2013-saskatoon-outlook\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-218","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/218","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=218"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/218\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=218"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=218"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=218"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}