{"id":222,"date":"2013-09-21T17:30:35","date_gmt":"2013-09-21T17:30:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=222"},"modified":"2013-09-21T17:30:35","modified_gmt":"2013-09-21T17:30:35","slug":"mandag-16-september-saskatoon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/21\/mandag-16-september-saskatoon\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 16. september: Saskatoon"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 var det slutt med helg og og ein halv dag med latmannsliv, her nord p\u00e5 pr\u00e6rien gjeld ikkje arbeidsmilj\u00f8lova, s\u00e5 det er berre \u00e5 karre seg opp om morgonen og starte arbeidsdagen i rett tid. Etter den tradisjonelle frukosten p\u00e5 nabohotellet med egg og flesk venta arbeid med foredraget. Det skal p\u00e5 ingen m\u00e5te nektast for at panikken tek til \u00e5 bre seg no \u2013 dette kan umuleg g\u00e5 s\u00e6rleg bra: eg har absolutt ikkje kontroll. Vi hadde avtale med Bj\u00f8rn litt over 12, og p\u00e5 turen nedover stoppa vi i kj\u00f8pesenteret nede i sentrum for \u00e5 handle med oss ein matbit. Som vanleg venta romsdalingen og flaska nede ved inngangsd\u00f8ra, og som vanleg stilte han i nyvaska klede og bobla over av entusiasme. Utan Bj\u00f8rn hadde det ikkje vorte rare feltarbeidet, er eg redd. Og som vanleg dreiv han folkeopplysning p\u00e5 veg nedover til kyrkja der vi skulle m\u00f8te informantane. <\/p>\n<p>Her var det alt nokre som venta da vi kom, og det vi trudde kanskje skulle vere ein eller to, viste seg \u00e5 bli seks &#8211; \u00e5tte. Vi var raske til \u00e5 f\u00e5 opp utstyret \u2013 det merkest at vi no tek til \u00e5 bli varme i tr\u00f8ya. Janne tok med seg den f\u00f8rste klienten inn i kyrkjeskipet, som fungerte som studio 1, medan eg tok med meg 97 \u00e5r hamle Hanna inn i studio 2, som for anledninga var innreidd som Jerikos murar. Og p\u00e5 same m\u00e5ten som for mange tusen \u00e5r sidan i Jeriko, vart lydniv\u00e5et uforsvarleg h\u00f8gt. Og her var det ikkje bl\u00e5sing i basun som fekk murane til \u00e5 riste, men stemmebruken min. For Hanna h\u00f8yrde s\u00e5 godt som ingenting. Eg snakka h\u00f8gt, og ho berre s\u00e5g p\u00e5 meg og sa \u00abhee?\u00bb; eg ropte, og ho sa berre \u00abhee?\u00bb; eg brukte alt eg hadde av milit\u00e6r kommandor\u00f8yst, men trass i at eg kan vise fram eit vitnem\u00e5l med karakteren 5+ i milit\u00e6r kommandof\u00f8ring fr\u00e5 Luftforsvarets skoler i Stavern, var dette til lita hjelp for meg her, Hanna sa berre \u00abHee?\u00bb. Eg pr\u00f8vde s\u00e5 \u00e5 variere toneh\u00f8gda litt i h\u00e5p om at eg kanskje kunne streife innom eit eller anna frekvensomr\u00e5de som Hanna framleis kunne oppfatte, men det gjekk utruleg tungt. Omsider fann eg eit frekvensomr\u00e5de der det s\u00e5g ut til at ein og annan amplituden sneik seg igjennom \u00f8yregangane. Eg klarte ikkje \u00e5 intervjue Hanna, men eg klarte \u00e5 f\u00e5 henne til \u00e5 snakke norsk, og berre det syntest eg var ein prestasjon. Det gjekk etter kvart opp for meg at s\u00e5 lenge eg skreiv, s\u00e5 snakka ho, n\u00e5r eg slutta med skrivinga, slutta ho \u00e5 snakke. S\u00e5 for \u00e5 f\u00e5 litt spr\u00e5k over til digitalt medium, sat eg p\u00e5 slutten og berre skribla p\u00e5 papiret, og s\u00e5 lenge eg skribla, s\u00e5 snakka Hanna. Etter ein halvtimes tid med slik skribling sa vi oss ferdige, og nestemann sto for tur. Det vart ein hektisk ettermiddag med fleire intervju og opptak av samtalar. Og Hanna venta tolmodig p\u00e5 at dei andre skulle bli ferdige medan ho sj\u00f8lv no hadde kome i siget og snakka norsk til alle rundt henne. Og putseleg h\u00f8yrde ho ogs\u00e5 alt som vart sagt rundt henne. Janne og eg pr\u00f8vde ogs\u00e5 \u00e5 vere litt sosiale og vise folkeskikk, kvar informant f\u00e5r litt juggel som takk for hjelpa, og det m\u00e5 jo f\u00f8rebuast, samstundes som vi m\u00e5 halde orden i papir og informantkodar. Og midt oppe i dette kaoset, gjekk det opp for oss at vi hadde gl\u00f8ymt ein av informantane i studio 1, i ein halvtime sat ho heilt \u00e5leine og venta tolmodig p\u00e5 oss, og ho var p\u00e5 ingen m\u00e5te sur eller grinete p\u00e5 grunn av dette. Slik gjekk dagen, og i fem-tida kunne vi pakke saman, k\u00f8yre Bj\u00f8rn heim og setje kursen tilbake til motellet. Der venta ei ny \u00f8kt med arbeid. Og med unntak av ein snartur ut for \u00e5 hente heim ein pizza, gjekk kvelden med til \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 snekre saman noko som kan likne p\u00e5 eit foredrag.  <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan ..<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 var det slutt med helg og og ein halv dag med latmannsliv, her nord p\u00e5 pr\u00e6rien gjeld ikkje arbeidsmilj\u00f8lova, s\u00e5 det er berre \u00e5 karre seg opp om morgonen og starte arbeidsdagen i rett tid. Etter den tradisjonelle frukosten &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2013\/09\/21\/mandag-16-september-saskatoon\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-222","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/222","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=222"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/222\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=222"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=222"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=222"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}