{"id":248,"date":"2014-10-23T04:58:50","date_gmt":"2014-10-23T04:58:50","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=248"},"modified":"2014-10-23T04:58:50","modified_gmt":"2014-10-23T04:58:50","slug":"tysdag-14-sondag-19-oktober-2014-halden-los-angeles","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/23\/tysdag-14-sondag-19-oktober-2014-halden-los-angeles\/","title":{"rendered":"Tysdag 14. \u2013 s\u00f8ndag 19. oktober 2014: Halden, Los Angeles"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 var det p\u00e5 han igjen, da. For n\u00e5r Janne ved UiO lokkar med konferanse i Los Angeles  og deretter ei veke med feltarbeid i Midtvesten, er det ei relativt enkel sak \u00e5 seie ja. Og sidan denne bloggen handlar om feltarbeid, skal eg ikkje bruke mykje plass til \u00e5 fortelje om opphaldet her i sommarlege California eller reisa hit:  Eg sl\u00e5r berre fast at eg er her etter ei uproblematisk, men i og for seg langdryg reise: NSB klokka 06.02 fr\u00e5 Halden, flytog til Gardermoen; innsjekking (der det ei kort stund s\u00e5g ut til at Janne skulle f\u00e5 problem med visumet), fly til Frankfurt og vidare til LA;  m\u00f8te med immigrasjonskontrollen (har ogs\u00e5 dei g\u00e5tt p\u00e5 smilekurs no?), drosje til Hildegard House (der heisen ikkje fungerte); ein kjapp tur ut for \u00e5 f\u00e5 seg ein matbit i kveldinga, og deretter rett til k\u00f8ys! Det er utruleg kor hardt denne jetleggen kan sparke skrotten til halvgamle menn! <\/p>\n<p>Heller ikkje denne gongen hadde eg foredraget mitt p\u00e5 stell f\u00f8r eg reiste heimafr\u00e5, s\u00e5 onsdag morgon arbeidde eg desperat for \u00e5 stable opp noko som med litt godvilje kunne likne p\u00e5 strukturert tomprat. Janne tek tydelegvis til \u00e5 kjenne meg som som ein prinsippfast prokrastinator og viste stor forst\u00e5ing for dette behovet som eg hadde for \u00e5 koke noko saman. Til gjengjeld fors\u00f8ke eg \u00e5 gjere gjengjeld gjennom \u00e5 vere sosial og bli med p\u00e5 ein tur ned til Santa Monica Beach om ettermiddagen: Og i denne merkelege byen er det som dei kallar metro, ein bl\u00e5 buss som kjem n\u00e5r han kjem \u2013 om du er heldig. Vi trava (for ikkje \u00e5 bruke ordet \u00abtravla\u00bb) litt rundt nede ved stranda, s\u00e5g p\u00e5 piren, kj\u00f8pte is, tusla rundt, f\u00f8lte oss litt som ekte og sorglause turistar f\u00f8r vi igjen sette oss p\u00e5 bussen tilbake til hotellet. Vi fekk da eigentleg erfare at LA, buss og rushtrafikk kanskje ikkje heilt er ei vinnaroppskrift \u2013 det var m\u00f8rkt da vi kom tilbake til hotellet.<\/p>\n<p>Torsdagen har eg eigentleg inga klar erindring av \u2013 jetleggen herja framleis, og foredraget var p\u00e5 ingen m\u00e5te p\u00e5 plqss: No hasta det verkeleg med \u00e5 skape noko som kunne minne om struktur i  tompratet mitt. Janne og eg gjorde avtale om \u00e5 m\u00f8tast til lunsj. Da var ho ogs\u00e5 klar for \u00e5 starte livet som turist igjen, men denne gongen m\u00e5tte eg seie nei, arbeid venta, og det vart seinkveld p\u00e5 rom 214. <\/p>\n<p>Fredag vakna eg tidleg, og igjen fekk eg nokre timar til \u00e5 koke vidare p\u00e5 denne Toro-suppa av eit foredrag. Tr\u00f8ysta mi f\u00e5r vere at eg eigentleg trur at eg kan betre enn det eg fekk vist her. Men skitt au, det er i det minste andre som vil ha interessante ting \u00e5 leggje fram. Frukosten nede i resepsjonen er ei historie for seg, rommet er lite, det er ingen plass \u00e5 sitje, ingen plass \u00e5 setje fr\u00e5 seg ein tallerken eller ein kopp; kort sagt \u2013 dette har neppe f\u00e5tt nokon pris for funksjonell interi\u00f8rarkitektur, nei. Etter dette herrem\u00e5ltidet fekk eg god hjelp fr\u00e5 trivelege NTNU-folk med \u00e5 kome meg trygt opp til UCLA; konferansen vart opna etter planen, eg hadde eit tidleg startnummer og stotra meg p\u00e5 litt ust\u00f8 engelsk gjennom mine 20 minutt med halvstrukturert prating. Bortsett fr\u00e5 det var dagen p\u00e5 alle m\u00e5tar fin.<\/p>\n<p>Det er tydeleg at desse amerikanarane ikkje er s\u00e6rleg bevandra i \u00abHovedavtalen for statsansatte\u00bb, for sj\u00f8lv neste dag, ein makalaust flott laurdag,  s\u00e5 er det slik at \u00abthe show must og on\u00bb med nye foredrag. Og sj\u00f8lv for ein halvskolert r\u00f8var som meg var det eitt og anna som eg trur at eg fekk med meg og forsto. Og det er ogs\u00e5 utruleg at det no er fleire phd-studentar ved NTNU som arbeider med Amerika-norsk: ME LIKE, for \u00e5 sitere Tarzan eller kven det no var.<\/p>\n<p>Laurdag ettermiddag var eg med \u00abguttane\u00bb Joshua, Joe og Mike ut p\u00e5 byen; planen var sv\u00e6rt enkel og lettfatteleg: \u00e5 f\u00e5 i seg ein god, kald \u00f8l f\u00f8r festmiddagen. Men vi feilvurderte nok litt, for det skulle vise seg sv\u00e6rt vanskeleg \u00e5 finne ein plass der dei kunne by p\u00e5 slike syndige ting. Av ulike grunnar var det omr\u00e5det vi gjekk i, tydelegvis busett av folk som ikkje s\u00e5g det som eit m\u00e5l i livet \u00e5 bruke opp pengane sine p\u00e5 slikt. F\u00f8rst langt nede p\u00e5 Sunset Bulevard fann vi ein plass der dei kunne by p\u00e5 bygg i flytande form \u2013 og akkurat da f\u00f8lte vi det som vel fortent. Etter \u00e5 ha delt ei mugge gjekk vi over p\u00e5 den libanesiske restauranten der festmiddagen skulle vere. Maten var god, og sj\u00f8lv om planen opphavleg var \u00e5 sj\u00e5 litt p\u00e5 nattelivet etterp\u00e5, vart det denne edle tanken erstatta av tidleg retrett til rommet \u2013 uteliv frista p\u00e5 ingen m\u00e5te etter klokka ni p\u00e5 kvelden: jetleggen har framleis eit godt grep.<\/p>\n<p> S\u00f8ndag var siste dagen med workshop, og igjen vakna eg f\u00f8r klokka ringde, men no vaknar eg ikkje s\u00e5 tidleg som  eg gjorde tidlegare i veka \u2013 det er tydeleg at det etter ei stund er muleg \u00e5 venne seg til \u00e5 leve etter amerikansk m\u00f8nster ogs\u00e5. Etter ein som vanleg enkel frukost, st\u00e5ande med ein toast i den eine handa og ein kaffiskvett i den andre, gjekk vi i samla tropp opp til universitetsomr\u00e5det. Og igjen var det eit interessant program. Dette var siste dagen med workshop, og da vart seansen avslutta til lunsj. Og deretter tok folk til \u00e5 g\u00e5 kvar tjo sitt, nokre skulle ta flyet heim med ein gong, andre skulle bruke eit par dagar til \u00e5 sj\u00e5 seg litt rundt. Og s\u00e5 var det ogs\u00e5 dei som eigentleg tenkte seg heim, men som p\u00e5 grunn av streik i Lufthansa fekk gle seg over ein dag eller to ekstra i LA &#8211;  utan at dei s\u00e5g ut til \u00e5 setje s\u00e5 overvettes stor pris p\u00e5 ein slik omtanke fr\u00e5 flyselskapet.<\/p>\n<p>Etter ein enkel lunsj i ei av studentkantinene (som sj\u00f8lvsagt er opne p\u00e5 ein s\u00f8ndag), skulle vi p\u00e5 den obligatoriske g\u00e5-turen som har vorte ein naturleg og integrert del av kulturen til dette workshop-milj\u00f8et. S\u00e5 naturleg er han, at s\u00e5 mange som fire hardcore pr\u00e6rie- og pampas-lingvistar som m\u00f8tte opp i resepsjonen f\u00f8r avgang; to danskar i tillegg til Janne og meg. Vi tok bussen ned til Venice Beach, og deretter vassa vi langs stranda opp til Santa Monica Beach. Vassa ja, dei andre luringane hadde teke p\u00e5 seg bukser som kunne passe for denne typen villmarksliv; heimf\u00f8ingen fr\u00e5 Inntr\u00f8ndelag stilte som vanleg opp med storsko og lange Ola-bukser. Say no more! Men elles var turen triveleg, og vi kom oss ogs\u00e5 med ein ekspressbuss tilbake mot hotellet, og  denne farkosten brukte ikkje rare tida opp til hotellet. Igjen hadde vi igjen store planar om uteliv og overd\u00e5dige middagar, men for d\u00f8gnville folk er nok det beste \u00e5 satse p\u00e5 \u00abp\u00e5ss\u00e5-mat\u00bb til kvelds og tidleg  retrett.<\/p>\n<p>Og slik gjekk nu dagan i LA \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 var det p\u00e5 han igjen, da. For n\u00e5r Janne ved UiO lokkar med konferanse i Los Angeles og deretter ei veke med feltarbeid i Midtvesten, er det ei relativt enkel sak \u00e5 seie ja. Og sidan denne bloggen handlar &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/23\/tysdag-14-sondag-19-oktober-2014-halden-los-angeles\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-248","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/248","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=248"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/248\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=248"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=248"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=248"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}