{"id":255,"date":"2014-10-25T14:31:38","date_gmt":"2014-10-25T14:31:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=255"},"modified":"2014-10-25T14:31:38","modified_gmt":"2014-10-25T14:31:38","slug":"tysdag-21-oktober-fargo-nd-og-ulen-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/tysdag-21-oktober-fargo-nd-og-ulen-mn\/","title":{"rendered":"Tysdag 21. oktober: Fargo, ND og Ulen, MN"},"content":{"rendered":"<p>I natt var eit noks\u00e5 uroleg ver med sterk vind som ula; heldigvis uroa det ikkje meg noko s\u00e6rleg \u2013 endeleg tek eg til \u00e5 f\u00e5 ein d\u00f8gnrytme i kroppen som eg kjenner igjen, i koma om natta og tr\u00f8ytt om morgonen. Eg krabba meg opp litt over sju, m\u00f8tte Janne nede i frukostsalen og der hadde vi ei lita stund til \u00e5 leggje planar for det vidare arbeidet v\u00e5rt f\u00f8r vi skulle starte opp. Avtalen var at David skulle kome i halv ni-tida, men dette er ein kar som heilt klart lever etter salige Ingemans motto om at  Morgenstund har Guld i Mund. Han tok seg ein kaffiskvett medan han venta p\u00e5 at vi skulle gjere oss klare, og i halv ni-tida sette vi kursen oppover mot Ulen. Og igjen fekk vi erfare at slike bliturar er ein fin arena for litt vaksenoppl\u00e6ring, for David snakka heile tida og fortalde og la ut om b\u00e5de det eine og det andre. Og han var sv\u00e6rt kunnskapsrik og visste mykje om korleis dette landsskapet vart forma under istida. Vidare kunne han peike ut Hjelde-brusken for oss, ein skogpull som til gangs har plassert Hjelde-namnet p\u00e5 kartet \u2013 om berre m\u00e5lestokken er stor. <\/p>\n<p>Framme i Ulen var vi innom senior-senteret, og der sat det ei gruppe godt vaksne og veldig trauste farmarar i skjermlue, overalls og med solide arbeidssko p\u00e5. Og vi oppdaga fort at dette var st\u00f8dige karar av norsk opphav som framleis fann glede i \u00e5 kunne \u00e5 snakke  norsk. Vi nykommarane m\u00e5tte jo ogs\u00e5 ha litt traktering, og deretter gjekk vi p\u00e5 \u00abThe viking sword museum\u00bb for \u00e5 gjere opptak. Der rigga vi oss raskt opp med to studio, eitt inne p\u00e5 kontoret og eitt ved inngangsd\u00f8ra. Janne tok styringa inne p\u00e5 kontoret, for der inne skulle det elisiterast, og det til gangs. For denne gongen skulle ho k\u00f8yre dei gjennom ganske omfangsrike testar knytt til syntaks, genus og pronomen. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje hadde s\u00e6rleg tru p\u00e5 at noko slikt ville g\u00e5 bra, eg hadde ogs\u00e5 for mange \u00e5r sidan brukt litt meir direkte m\u00e5tar \u2013 absolutt utan hell, men ein skal jo ikkje sj\u00e5 bort fr\u00e5 at Janne kan vere mykje meir utspekulert enn kva eg ein gong var. Men slike arbeidsm\u00e5tar tek tid, om det ikkje kan m\u00e5le seg med Haugens 12-14 timar per informant, s\u00e5 gjekk det fort eit par f\u00f8r informanten var losa trygt gjennom lysl\u00f8ypa. Og medan Janne drei med dette, hadde eg dei andre under behandling der vi snakka om dei tre standardemna farming, farming og farming. Samstundes inns\u00e5g vi at tidsplanen v\u00e5r ville ryke med veldig god margin, for elisitering er tydelegvis noko som tek veldig lang tid, samstundes m\u00e5tte David vere tilbake i Fargo til klokka eitt. Dette l\u00f8yste vi ved \u00e5 avtale nye intervju i morgon, og sidan dette var karar som sette pris p\u00e5 \u00e5 snakke norsk, var dei ikkje tungbedne, dei tok gjerne ein dag til med oss. Dermed pakka vi saman v\u00e5rt og sette kursen ned til Fargo og Sons of Norway der. Her m\u00f8tte vi Arnold og Carol, igjen to st\u00f8dige karar som like \u00e5 snakke norsk. Her kosta Carol traktering p\u00e5 oss, deretter rigga vi opp utstyret igjen og gjorde klart til dei to intervjua. Janne gjennomf\u00f8rte p\u00e5 ny harde \u00f8kter med syntaktisk elisitering medan eg tusla litt rundt i lokalet og snakka med folk. Snart dukka David opp igjen, og vi kunne fortsette samtalen der vi slapp. Etter kvart var ogs\u00e5 intervjua ferdige og vi kunne pakke saman og reise kvar til v\u00e5rt. David var ogs\u00e5 med, for han hadde jo bilen sin st\u00e5ande utafor motellet v\u00e5rt og hadde behov for skyss. Vel tilbake p\u00e5 motellet starta den minst morosame delen av arbeidet, \u00e5 kopiere opptaka og ordne dei slik at ikkje g\u00e5r i surr for oss. Her har vi ogs\u00e5 mulegheit til \u00e5 oppdage om noko har g\u00e5tt gale: marerittet er jo om vi st\u00e5r med opptak utan lyd. For \u00e5 redusere sjansen for dette, bruker vi lydopptakar i tillegg. I 9-tida tusla vi over gata til ein restaurant for \u00e5 f\u00e5 oss litt mat. Igjen s\u00e5 viste Midtvesten seg fr\u00e5 ei lite Michelin-vennleg sida, men eg skal ikkje svartmale heilt, vi veit jo at det er slik maten her p\u00e5 pr\u00e6rien er, og da f\u00e5r vi finne oss i det: Og for meg g\u00e5r det greitt (sj\u00f8lv om eg ikkje synest dette er heilt topp), det er verre for Janne som absolutt skal vere vegetarianar \u2013 folk som ikkje liker feitt flesk og tjukke biffar m\u00e5 nok f\u00f8le seg noks\u00e5 framande her ute p\u00e5 dette flate landskapet. Tilbake p\u00e5 motellet igjen avslutta vi kvelds\u00f8kta med litt meir arbeid og sortering av materialet.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i North Dakota<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I natt var eit noks\u00e5 uroleg ver med sterk vind som ula; heldigvis uroa det ikkje meg noko s\u00e6rleg \u2013 endeleg tek eg til \u00e5 f\u00e5 ein d\u00f8gnrytme i kroppen som eg kjenner igjen, i koma om natta og tr\u00f8ytt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/tysdag-21-oktober-fargo-nd-og-ulen-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-255","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/255","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=255"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/255\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=255"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=255"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=255"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}