{"id":257,"date":"2014-10-25T14:33:18","date_gmt":"2014-10-25T14:33:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=257"},"modified":"2014-10-25T14:33:18","modified_gmt":"2014-10-25T14:33:18","slug":"onsdag-22-okt-fargo-nd-ulen-mn-flom-mn-fergus-falls-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/onsdag-22-okt-fargo-nd-ulen-mn-flom-mn-fergus-falls-mn\/","title":{"rendered":"Onsdag 22. okt. Fargo, ND; Ulen, MN; Flom, MN; Fergus Falls, MN"},"content":{"rendered":"<p>I dag var vi igjen relativt tidleg oppe, og no som jetleggen har teke til \u00e5 sleppe taket har eg i staden g\u00e5tt inn i ein fase der eg i st\u00f8rre eller mindre grad berre er tr\u00f8ytt og vrangsnudd heile tida. Men slikt skal ikkje stoppe ein pr\u00e6rielingvist.  Igjen hadde vi ein enkel frukost p\u00e5 motellet, og igjen kom David innom oss f\u00f8r vi var heilt ferdige. Men vi var s\u00e5 raske som vi kunne, og i rimeleg tid kom vi oss i veg opp mot Ulen igjen, denne gongen i to bilar. Igjen fann vi den trauste gjengen p\u00e5 seniorsenteret, og igjen sette vi kursen opp til museet. Her f\u00f8lgde vi oppskrifta fr\u00e5 dagen f\u00f8r, Janne elisiterte inne p\u00e5 kontoret medan eg snakka med dei om farming, farming og farming. Og eg oppdaga fort at eg kanskje ikkje heilt har f\u00f8rstekompetanse i \u00e5 snakke mange timar om ulike m\u00e5tar \u00e5 drive med farming p\u00e5 i eit synkront og diakront perspektiv.  Og berre med eit kort avbrot der vi k\u00f8yrde ned til bensinstasjonen for \u00e5 kj\u00f8pe oss ein matbit, var vi i Ulen fram til i to-tida. Deretter sette vi kursen mot Flom, der vi skulle m\u00f8te tvillingane Aron og Arvid, to flotte karar i 70-\u00e5ra som liker \u00e5 snakke norsk.  Men Flom er ingen stor stad, og sj\u00f8lv om vi klarte \u00e5 finne det p\u00e5 kartet, var det tydeleg at GPS-en sleit litt, han meinte tydelegvis at flom l\u00e5g midt ute i ein mais\u00e5ker. Igjen kom gamle kunster med kartbok litt til sin rett \u2013 den einaste skilnaden var at eg tidlegare berre hadde kartbok og derfor heile tida m\u00e5tte vite kor eg var, mens eg no lett lit fullt og heilt p\u00e5 GPS-en. Vi kan nok ikkje nekte for at vi sleit litt med  \u00e5 finne denne byen, og det var da ogs\u00e5 ein by av merket \u00abn\u00e5la i h\u00f8ystakken\u00bb, for da vi omsider fann fram, var det lite \u00e5 bli imponert over: Det var stort sett ei hovudgate med nokre hus p\u00e5 kvar side, og \u00abthat\u2019s it\u00bb. Vi var tomme for batteri til utstyret v\u00e5rt, og derfor trudde vi at kanskje grosserist\u00e5ret kunne vere rette plassen, men det var det absolutt ikkje: butikken var heilt folketom, inga betjening og ingen kundar. Janne v\u00e5ga seg framp\u00e5 med eit litt forsiktig \u00abhallo?\u00bb, deretter eit litt meir sonort \u00abhallo, is there anybody here??\u00bb, men ingen dukka opp. Vi gjorde ei kjapp inventaroppteljing og fann ut at det nok var lite sannsynleg at dei hadde slike nymotens ting som AA-batteri. Derimot kunne vi utan \u00e5 vere hovudperson i ein av romanane til Patrick S\u00fcskind for \u00e5 forst\u00e5 at ting kanskje var slik dei burde vere. Ein titt over kassa-apparatet l\u00f8yste ogs\u00e5 ut litt nostalgi, for her hadde dei framleis eit utval av Kodaks filmar i format som det tydelegvis har vist seg  vere vanskeleg \u00e5 selje. <\/p>\n<p>Deretter stakk vi innom hardwarest\u00e5ret, og der hadde dei mykje rart, inkludert batteri. Her kunne vi ogs\u00e5 sp\u00f8rje etter vegen til Swenson-karane, og da var det nesten \u00aba walk in the park\u00bb \u00e5 finne fram, \u00abit\u2019s the only house on that road\u00bb, sa dei, og eg trur nok dessverre at dei har rett.<br \/>\nVi fann huset til dei to tvillingane, og det var ein fin heim dei hadde. Vi vart med ein gong tekne med inn i \u00abdet norske rommet\u00bb, dette var eit tilbygg til huset som hadde pressa seg fram fordi den eine av br\u00f8rne hadde hatt bygging av himmelseng som hobbyprosjekt. Men s\u00e5 viste det seg at senga ikkje fekk plass i det gamle huset, og da m\u00e5tte dei alts\u00e5 byggje p\u00e5. Og her hadde dei samla eit stort utval med sj\u00f8lvlaga artefaktar,  for dette er karar som er hage med hendene, og \u00f8lbollar s\u00e5g ut til \u00e5 vere spesialiteten. Etter ei slik omvising rigga vi opp utstyret v\u00e5rt og Janne starta igjen opp med elisiteringa, og det er rart \u00e5 h\u00f8yre slikt tydalsm\u00e5l her ute p\u00e5 dei store viddene. Da vi omsider var ferdige med opptaka, takka vi for oss og sette kursen ned til Fergus Falls, der vi hadde bestilt motell. Turen nedover gjekk greitt, det sm\u00e5regna litt, men det  var lite trafikk, og etter eit par timar i bilen kunne vi sjekke inn p\u00e5 eit. Motellet var kanskje ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 skryte av, for \u00e5 vere \u00e6rleg, slitt og sm\u00e5skittent som det var. Og det skulle ogs\u00e5 vise seg at det alt var folk p\u00e5 det rommet som eg var tiltenkt, s\u00e5 etter litt fram og tilbake kunne eg installere meg i dette herberget. Og ved berre \u00e5 kaste eit halvt blikk p\u00e5 interi\u00f8rarkitekturen her, er kanskje \u00abdristig\u00bb eit dekkande ord \u2013 s\u00e6rleg fargevalet imponerte. Rett nok er eg fargeblind, men sj\u00f8lv eg oppfatta at denne veggen var sjokkrosa. Dette var ille for meg, og eg kan vanskeleg setje meg inn i kor f\u00e6lt dette m\u00e5 vere for fargesterke folk.<br \/>\nDei siste to timane f\u00f8r midnatt brukte vi til \u00e5 f\u00e5 oss litt mat (eg kj\u00f8pte inn \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb igjen), i tillegg til at vi m\u00e5tte lage kopiar av materialet vi har samla inn. Og n\u00e5r vi sit med dette, f\u00e5r Janne lett panikk \u2013 alle opptaka som vi har gjort, er utan lyd. Dette har skjedd oss tidlegare ogs\u00e5, og det er absulutt noko av det vi fryktar. Men da har det berre vore eitt opptak, no var det alt. KRISE!! Heldigvis var problemet at Janne hadde sett lyden p\u00e5 Mac-en p\u00e5 lydlaus. S\u00e5 no er det ogs\u00e5 tydeleg at vi er sv\u00e6rt slitne pr\u00e6rielingvistar,  og vi innser at vi nok har planlagt dette opphaldet litt for stramt, men slik er det n\u00e5r ein skal pr\u00f8ve \u00e5 presse s\u00e5 mykje feltarbeid som muleg inn p\u00e5 alt for f\u00e5 dagar. Og dessverre har vi ikkje rom for \u00e5 leggje inn ein fridag.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var vi igjen relativt tidleg oppe, og no som jetleggen har teke til \u00e5 sleppe taket har eg i staden g\u00e5tt inn i ein fase der eg i st\u00f8rre eller mindre grad berre er tr\u00f8ytt og vrangsnudd heile &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/onsdag-22-okt-fargo-nd-ulen-mn-flom-mn-fergus-falls-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-257","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/257","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=257"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/257\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=257"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=257"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=257"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}