{"id":259,"date":"2014-10-25T14:36:20","date_gmt":"2014-10-25T14:36:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=259"},"modified":"2014-10-25T14:36:20","modified_gmt":"2014-10-25T14:36:20","slug":"torsdag-23-oktober-fergus-falls-coon-rapids-og-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/torsdag-23-oktober-fergus-falls-coon-rapids-og-minneapolis\/","title":{"rendered":"Torsdag 23. oktober: Fergus Falls, Coon Rapids og Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 pr\u00e6rien, og veret her borte er heit fabelaktig med tanke p\u00e5 at vi no er i slutten av oktober. I dag hadde vi avtale med nokre oppe i Coon Rapids, like nord for Minneapolis. Vi hadde relativt sein revelje, og vi hadde ikkje frukost var ikkje f\u00f8r klokka var nesten ni. Som vanleg er frukosten her borte sv\u00e6rt enkle saker;  kornflaces eller toast med juice og kaffi til. Men her fekk vi i det minste eit bord \u00e5 sitje ved. S\u00e5 sjekka vi litt e-post, pakka tinga v\u00e5re, sjekka ut, sette oss i bilen, kom p\u00e5 at vi sikkert ville f\u00e5 bruk for eit hotellrom i Minneapolis, kopla oss opp p\u00e5 nettet og bestilte eit litt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5,  stilte inn GPSen til den nye adressa; s\u00e5 kunne vi endeleg setje kursen austover. Turen gjekk fint, vi hadde ikkje tid til \u00e5 stoppe for \u00e5 f\u00e5 oss mat, men igjen viser \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb-prinsippet seg \u00e5 vere heilt eminent. Janne diska opp med br\u00f8dmat og medan eg pr\u00f8vde \u00e5 halde st\u00f8 kurs, fekk vi i oss litt n\u00e6ring.  Litt forsinka kom vi fram til Norway Street, og der var det tre som venta p\u00e5 oss. Vi rigga oss opp relativt raskt, og vi forsto at vi hadde litt d\u00e5rleg tid, for desse folka skulle p\u00e5 lutefisk-supper klokka fire. Og medan eg rigga opp utstyret, fortalde Janne dei kva det er vi driv med: S\u00e5 var de fram med sp\u00f8rjeskjema,  og etter kvart ogs\u00e5 noko av ein eller annan grunn kallar \u00abGames\u00bb ein eufemisme som kanskje kan minne bittelitt om \u00abArbeit macht frei\u00bb &#8211; eit sett med uhorveleg langdryge testar der m\u00e5let er \u00e5 hente inn info om syntaks, genus og pronomenbruk. S\u00e5 langt har vi akka oss over det heilt meiningslause i at Einar Haugen kunne bruke opp mot fjorten timar p\u00e5 \u00e5 intervjue informantane sine da han gjorde feltarbeid p\u00e5 1940-talet. Vi er kanskje ikkje heilt der enno, men vi er p\u00e5 god veg. Og ogs\u00e5 vi vil vel snart oppfatte informantane som sv\u00e6rt utolmodige &#8211;  p\u00e5 same m\u00e5ten som Haugen. Uansett, vi var godt inn i den fjerde timen med feltarbeid f\u00f8r vi endeleg forsto at det kanskje var p\u00e5 tide \u00e5 seie takk for seg \u2013 dei hadde jo trass alt denne lutefisken som dei gjerne ville pakke i seg. <\/p>\n<p>Vi tok deretter ein liten snartur innom Coon Rapids High School, eit omr\u00e5de der eg for nesten tretti \u00e5r sidan pr\u00f8vde meg litt som utp\u00e5gangar \u2013 med godt resultat faktisk, gift som eg er. Eg m\u00e5 ogs\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje kjende meg igjen, og det betyr vel at det var andre ting som interesserte meg enn amerikansk sm\u00e5byplanlegging og skolearkitektur fr\u00e5 tidleg 1970-talet. Men no i ettertid ser ogs\u00e5 eg at dette ikkje akkurat er eit arbeid av Frank Lloyd Wright \u2013 p\u00e5 ingen m\u00e5te.<br \/>\nS\u00e5 var det \u00e5 stille inn GPS-en igjen for \u00e5 finne hotellet v\u00e5rt nede i sentrum. Det var mykje trafikk, og det skal ogs\u00e5 seiast at GPS-en ikkje er laga for oss fargeblinde: den raude pila som eg jo skal fors\u00f8ke \u00e5 f\u00f8lgje forsvinn litt i ein litt rotete bakgrunn. Fordelen med langdryge intervju er jo at det meste av rushtrafikk er unnagjort n\u00e5r ein sj\u00f8lv skal ut p\u00e5 vegen, og det gjer ting mykje enklare. Vi fann derfor veldig lett fram til det omr\u00e5det der vi trudde at dette hotellet skulle vere. Problemet var berre at vi ikkje s\u00e5g noko hotell. Vi stoppa og leitte, k\u00f8yrde litt rundt kvartalet, leitte litt igjen \u2013 og undra oss veldig. Omsider fekk Janne auge p\u00e5 eit litt anonymt hotell-skilt; vi k\u00f8yrde da ned i parkeringshuset, sette fr\u00e5 oss bilen og tok heisen opp i lobbyen: Og da forsto vi kvifor dette hotellet var s\u00e5 vanskeleg \u00e5 finne \u2013 resepsjonen l\u00e5g langt oppe i dette h\u00f8ghuset. Vi sjekka inn og gjekk s\u00e5 til romma v\u00e5re: og om vi sist natt hadde litt enkle k\u00e5r, var dette noko heilt anna, eg veit ikkje sist eg hadde eit s\u00e5 bra hotellrom. Planen v\u00e5r var at vi skulle g\u00e5 ut for \u00e5 f\u00e5 oss middag, men Janne var rask til \u00e5 gjere endringar i denne planen: no skulle vi ete p\u00e5 hotellet for sidan \u00e5 bruke rommet til \u00e5 arbeide. Vi sette deretter kursen ned i baren, og i ein bar f\u00e5r ein jo berre barmat, noko som var OK for oss. Etter eit m\u00e5ltid som heilt sikkert dekte kaloribehovet v\u00e5rt i minst to dagar framover, gjekk vi p\u00e5 rommet mitt og fortsette arbeidet med \u00e5 systematisere og sikre materialet som vi alt har samla inn, i tillegg til at vi ogs\u00e5 m\u00e5tte leggje planar for morgondagen. Da har vi kontakt med ei dame i St. Paul som har ei mor p\u00e5 over nitti som snakkar norsk: denne kontakten v\u00e5r har sendt oss e-post om at ho har reist ned til Sacred Heart for \u00e5 hente mora slik at vi kunne intervjue henne her i byen i morgon. Det er heilt fabelaktig kor mykje hjelp vi kan f\u00e5 i arbeidet v\u00e5rt.  Etter \u00e5 ha gjort dei siste avtalane over nett gjekk vi kvar til v\u00e5rt \u2013 det er utruleg kor sliten ein kan bli av litt pr\u00e6rielingvistikk.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i storbyen Minneapolis..<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 pr\u00e6rien, og veret her borte er heit fabelaktig med tanke p\u00e5 at vi no er i slutten av oktober. I dag hadde vi avtale med nokre oppe i Coon Rapids, like nord for Minneapolis. Vi &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/torsdag-23-oktober-fergus-falls-coon-rapids-og-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-259","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/259","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=259"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/259\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=259"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=259"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=259"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}