{"id":261,"date":"2014-10-25T14:48:02","date_gmt":"2014-10-25T14:48:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=261"},"modified":"2014-10-25T14:48:02","modified_gmt":"2014-10-25T14:48:02","slug":"fredag-24-oktober-twin-cities-minnesota-westby-wisconsin","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/fredag-24-oktober-twin-cities-minnesota-westby-wisconsin\/","title":{"rendered":"Fredag 24. oktober: Twin cities (Minnesota), Westby (Wisconsin)"},"content":{"rendered":"<p>Igjen hadde vi ein litt roleg start p\u00e5 dagen, eg vakna noks\u00e5 tidleg og fekk ikkje sove vidare, deretter sette eg meg til \u00e5 arbeide litt, og i 8-tida skypa eg med dei der heime i gamlelandet. Skype er ei heilt utruleg oppfinning; for 20 \u00e5r sidan kunne eg ikkje ein gong ringe direkte heim fr\u00e5 USA, eg m\u00e5tte g\u00e5 vegen gjennom \u00abthe operator\u00bb, i dag kan eg berre starte PC-en, s\u00e5 f\u00e5r eg b\u00e5de sj\u00e5 og snakke med dei der heime i \u00abgamlelandet\u00bb. Og n\u00e5r vi er inne p\u00e5 utrulege ting sett i perspektiv, s\u00e5 er det ogs\u00e5 noko merkeleg over at eg kan sitje her midt i USA og betale rekningar som har dukka opp medan eg har vore borte: Internett er ei merkeleg oppfinning.<\/p>\n<p>Etter det dei kalla ein \u00abbuffet breakfast\u00bb &#8211; som i hovudsak besto av toast, syltety, juice og kaffi, gjekk vi p\u00e5 romma v\u00e5re, sjekka ut og gjorde oss klare til ein ny runde med feltarbeid. Og ved hjelp av GPS-en fann vi fram utan spesielle problem, og her m\u00f8tte vi familien og ikkje minst ho som interesserte oss \u2013 den gamle dama p\u00e5 over 90 \u00e5r. <\/p>\n<p>Vi var raske med \u00e5 rigge opp utstyr for vi tenkte at gamla sikker ville blir tr\u00f8ytt ganske raskt.  S\u00e5 starta vi opptaka, og etter nokre minutt med litt spr\u00e5kleg famling tok norsken hennar seg opp noks\u00e5 raskt. Og dette var dame som gjerne ville prate. Vi pr\u00f8vde \u00e5 hinte at vi kanskje burde ta ein aldri s\u00e5 liten pause (fordi pr\u00e6rielingvisten m\u00e5tte s\u00e5 gjerne p\u00e5 do), men slike trivialitetar stoppa p\u00e5 ingen m\u00e5te gamlemor, ho ville berre fortsette. Samtalen og intervju gjekk heilt greitt, men eg var redd for at den litt meir strukturerte delen av oppg\u00e5va ville bli for vanskeleg, men neida, sj\u00f8lv med Jannes \u00abArbeit mach frei\u00bb-tiln\u00e6rming gjekk det bra. Gamla var tydelegvis veldig sliten, men ho hadde ogs\u00e5 veldig stor glede av dette. Da vi endelege var ferdige, sa ho: \u201cCan we do some more tomorrow? \u2018Cause this was great fun\u201d. Ja, det var moro, men samstundes veldig tidkrevjande moro. F\u00f8rst n\u00e5r klokka var tre kunne vi setje kursen vidare med bilen ned mot La Crosse. Bilturen gjekk greit, Janne sov litt under den f\u00f8rste delen av turen, deretter la vi ein grovplan for ein framtidig artikkel, og f\u00f8r vi visste ordet av det var vi, eller kanskje rettare eg, p\u00e5 gamle tomter. Og gamle tomter I denne samanhengen er La Crosse, og n\u00e5r ein kjem p\u00e5 gamle tomter opplever ein ofte diskrepans mellom erindring og realitet. For vi ville gjerne ein liten snartur innom eit \u201cgr\u00e5sserist\u00e5r\u201d f\u00f8r vi forsette turen v\u00e5r. Men dette st\u00e5ret var ikkje heilt der eg meinte \u00e5 erindre at det skulle vere. Eg smilte derfor kjekt og sette kursen mot eit slikt st\u00e5r som eg var heilt sikker p\u00e5 kor det skulle vere \u2013 eg fann denne siste plassen, men det var abstolutt ingenting som minte meg om gamle, gode Quillins, absolutt ingenting.<\/p>\n<p>Vegen vidare til Westby gjekk heilt utan problem og den gamle lokalkunnskapen min kom til sin fulle rett. Det er muleg at Janne vil hevde at eg rota meg litt bort og sleit veldig med \u00e5 finne vegen vidare til Westby, men det er berre tull: Eg budde lenge i dette omr\u00e5det og derfor kjenner eg  det like godt som mi eiga bukselomme; dessutan var det veldig m\u00f8rkt, og da m\u00e5 ein jo rekne med \u00e5 rote litt. Vegen vidare gjekk heilt greitt, og klokka gjekk mot \u00e5tte da vi kom fram til Old Towne Inn i Westby. Ogs\u00e5 dette motellet er trygt innafor sjangeren \u00abgamle tomter\u00bb, eg er nesten sikker p\u00e5 at eg har hatt dette rommet tidlegare. Og her legg dei ogs\u00e5 stor vekt p\u00e5 at ein verkeleg skal kjenne seg igjen og dermed f\u00f8le seg heime, eg trur ikkje det er gjort ein einaste ting her sidan eg f\u00f8rste gongen tok inn her i 1992. Deretter gjekk vi over gardsplassen til restauranten, og der var det heilt fullt. Og etter ein matbit og litt sm\u00e5prat over datamaskingene tok vi kvelden, livet som pr\u00e6rielingvist er vanskeleg \u00e5 kombinere med natterangling.<br \/>\nOg slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Igjen hadde vi ein litt roleg start p\u00e5 dagen, eg vakna noks\u00e5 tidleg og fekk ikkje sove vidare, deretter sette eg meg til \u00e5 arbeide litt, og i 8-tida skypa eg med dei der heime i gamlelandet. Skype er ei &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/25\/fredag-24-oktober-twin-cities-minnesota-westby-wisconsin\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-261","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/261","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=261"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/261\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=261"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=261"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=261"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}