{"id":263,"date":"2014-10-26T05:29:20","date_gmt":"2014-10-26T05:29:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=263"},"modified":"2014-10-26T05:29:20","modified_gmt":"2014-10-26T05:29:20","slug":"laurdag-25-oktober-westby-og-coon-valley","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/26\/laurdag-25-oktober-westby-og-coon-valley\/","title":{"rendered":"Laurdag 25. oktober: Westby og Coon Valley"},"content":{"rendered":"<p>Bortsett fr\u00e5 at eg fekk ei veldig god natt \u2013 eg sov heilt til klokka var halv ni &#8211; s\u00e5 fekk denne dagen ein heller d\u00e5rleg start. For det f\u00f8rste dr\u00f8sa eg litt under den daglege \u00f8kta med personleg hygiene, slik at klokka var fem over ni da eg var nede i resepsjonen: og frukosten var da alt stengt. Janne kunne gjennom ei blanding av kvinneleg sjarm og myndigheit (kanskje mest av det siste) snakke seg til ein papptallerken med cornflakes, men slagna cornflakes og piss-ly mj\u00f8lk var ikkje akkurat det som frista meg mest. Vidare kunne Janne fortelje at kontaktpersonen v\u00e5r her ikkje hadde skaffa oss informantar for laurdagen, berre for s\u00f8ndagen. Det er i og for seg ikkje s\u00e5 veldig vanskeleg \u00e5 finne informantar her i byen, for vi har m\u00f8tt mange andre f\u00f8r, men s\u00e5 var det dette med telefonsystemet her i dette landet da. For det f\u00f8rste: mobilane v\u00e5re klarer ikkje \u00e5 kople seg p\u00e5 mobilnettet her. Vidare er det slik ordna at for \u00e5 kunne ringje fr\u00e5 Westby til Coon Valley, ein avstand p\u00e5 rundt 10 kilometer, s\u00e5 m\u00e5 ein ha \u00ablong distance call\u00bb,  og det er ikkje utan vidare muleg \u00e5 gjere fr\u00e5 eit motell. Etter mykje fram og tilbake, kom vi til at vi skulle ta turen opp til Borgens Caf\u00e9, ein av dei \u00abnorske\u00bb restaurantane her, der hadde vi h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 l\u00e5ne ein telefon \u2013 og for meg var det ogs\u00e5 eit aldri s\u00e5 lite poeng at eg kunne f\u00e5 meg noko \u00e5 ete. Vi raska saman utstyret v\u00e5rt og sette kursen inn mot byen, og p\u00e5 Borgens var det verste frukost-rusjet alt over da vi kom. Vi fekk oss eit bord, og eg fekk bestilt Borgen\u2019s special, som i realiteten er egg, flesk og \u00abhash browns\u00bb. S\u00e5 fekk vi l\u00e5ne telefonen der, men heller ikkje han fungerte. P\u00e5 ny tok Janne fram blandinga av sjarm og myndigheit (mest v det f\u00f8rste denne gongen) og spurte folka p\u00e5 nabobordet v\u00e5rt om ho kunne f\u00e5 l\u00e5ne telefonen deira. Dermed fekk vi kontakt med gode, gamle Larry; han var heime \u00e5leine og var sett til \u00e5 rake lauv, s\u00e5 han var meir enn villig til \u00e5 ta imot oss. Vi takka for oss p\u00e5 Borgen\u2019s, var ein snartur innom Dregne\u2019s, som ein gong i tida var ein jarnvarebutikk,  men som no har spesialisert seg p\u00e5 norsk juggel. Her plukka vi med oss nokre sm\u00e5ting f\u00f8r vi sette kursen mot Springdalen. \u00c5 m\u00f8te Larry er alltid veldig triveleg, og han liker tydelegvis veldig godt \u00e5 snakke norsk. Vi sette oss ved kj\u00f8kkenbordet, utstyret vart rigga opp, kaffikoppar vart sette fram, og dermed var vi i gang med desse \u00abgeimsa\u00bb og timar med elisitering. Larry viste stort tolmod, sj\u00f8lv om han etter ei tid erkl\u00e6rte at han nok var litt kjei \u2013 \u00abdet var messom som p\u00e5 skolen att, da veit du\u00bb, sa han. Men slike sm\u00e5ting tok ikkje staute forskarar som oss omsyn til, for f\u00e5 ting er s\u00e5 viktige som \u00e5 samle inn forskingsdata n\u00e5r forskingsfrontar skal flyttast. <\/p>\n<p>Omsider vart vi da ferdige med intervjuet, vi braut opp og sette kursen mot Borgens igjen for \u00e5 ete, deretter reiste vi ned til Norskedalen ein tur. Det er alltid triveleg \u00e5 kome til Norskedalen, sj\u00f8lv om benken med gamle gubbar som snakka norsk no er tom. Dessverre skulle dei snart stenge, s\u00e5 vi hadde ikkje tid til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 sj\u00f8lve museumsomr\u00e5det, men gavebutikken hadde vi tid til \u00e5 stikke innom.  S\u00e5 k\u00f8yrde vi opp dalen og til hopp-bakken, vi ville berre g\u00e5 oss ein liten tur, og eit skianlegg skulle jo vere perfekt for slike uteaktivitet. Sj\u00f8lvsagt var det ingen med ski der oppe, men det var mange andre ting som skjedde der, da det var mange bilar parkert der nede. Dei fleste var nok innom skjenkestova og tok seg ein \u00f8l f\u00f8r kvelden, nokre gjekk rundt og drassa p\u00e5 ein golfbag, medan andre igjen avreagerer p\u00e5 andre m\u00e5tar. Vi kom i snakk med ein triveleg tysk-amerikanar som var der saman med dotter si \u2013 og dette var nok ivrige NRA-folk, for faren gjekk med ein 9mm Springfield i beltet, medan jenta var der for \u00e5 pr\u00f8ve ein sivil M16-modell i kaliber 5.56 (eller .223 som det heiter p\u00e5 desse kantar). Tyskaren var sv\u00e6rt snakkesalig og vennleg, og han la ut i det vide og breie om v\u00e5pen og kampsport. Og sj\u00f8lv om det no var i tusm\u00f8rkret, ville han meir enn gjerne demonstrere skyteferdigheitene sine. F\u00f8rst svidde han og dottera av nokre skudd med rifla, deretter tok han fram pistolen og fyrte av nokre skot med han. Til slutt fekk eg pr\u00f8ve nokre skot med pistolen  hans \u2013 det er no 29 \u00e5r sidan sist eg l\u00f8yste skot med ein pistol, og det er veldig tydeleg at gamle ferdigheiter ikkje varer evig. Men eg skal absolutt ikkje nekte for at det var moro \u00e5 pr\u00f8ve igjen og at eimen av krutr\u00f8yk vekte mange gamle minne. Elles var tyskaren sv\u00e6rt oppteken av \u00e5 l\u00e6re jentungen korleis ein skal handtere skytev\u00e5pen p\u00e5 ein sikker m\u00e5te, men samstundes gjorde han ting som ville vere heilt utenkeleg p\u00e5 ein norsk skytebane. \u00c5 leggje fr\u00e5 seg ei ladd rifle med patron i kammeret for s\u00e5 \u00e5 g\u00e5 fram og sj\u00e5 om ein har treft &#8211; det gjer ein berre ikkje. Den gode, gamle v\u00e5peninstruksen med hukseregla TA-LEGG-SIKT-TRO-HUSK hadde i alle fall ei sterk meining om dette med \u00e5 LEGGje fr\u00e5 seg ladde v\u00e5pen. Men i m\u00f8te med slike folk som driv med kampsport og stridsskyting fann eg det best \u00e5 ikkje vere alt for bel\u00e6rande.<\/p>\n<p>Deretter k\u00f8yrde Janne og eg opp til motellet og sette oss s\u00e5 i resepsjonen for \u00e5 arbeide litt. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at det har vore utruleg godt \u00e5 ha ein slik ettermiddag utan intervju der vi kan arbeide litt med det vi har samla inn.  Vi visste jo at vi m\u00e5tte arbeide med \u00e5 rydde i og sikre dette. Og denne gongen har vi ogs\u00e5 hatt uvanleg mange tekniske problem med lyden p\u00e5 video-kamera, og det er frykteleg dumt. Heldigvis k\u00f8yrer vi ogs\u00e5 med eigen lydopptakar, men likevel b\u00f8r ikkje slike ting skje: s\u00e5 om det skulle bli ein annan gong, b\u00f8r vi sjekke utstyret skikkeleg f\u00f8r vi reiser heimafr\u00e5. <\/p>\n<p>Utp\u00e5 kvelden gjekk vi over gardsplassen og til restauranten her og fekk oss eit bord. Som vanleg var det veldig fullt og stemninga var god; men eg m\u00e5 likevel innr\u00f8mme at no i siste del av oktober er det ikkje nok \u00e5 hengje opp litt julepynt eller setje fram eit juletre i plast for at eg skal kjenne at julefreden senker seg. S\u00e5 om det ikkjer er sant at \u00abjula varer helt til p\u00e5ske\u00bb, s\u00e5 er det tydelegvis sant at i denne delen av verda s\u00e5 startar jula i god tid f\u00f8r Halloween.<br \/>\nAkkurat no sit Janne og eg i lobbyen, eg bloggar litt medan ho kopierer opptaka v\u00e5re fr\u00e5 kameraet og inn p\u00e5 harddisken sin (eller var d et drop-box). Men framleis er eg kveldstr\u00f8ytt, og det dryger nok ikkje s\u00e5 veldig lenge f\u00f8r eg m\u00e5 kapitulere. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026 <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Bortsett fr\u00e5 at eg fekk ei veldig god natt \u2013 eg sov heilt til klokka var halv ni &#8211; s\u00e5 fekk denne dagen ein heller d\u00e5rleg start. For det f\u00f8rste dr\u00f8sa eg litt under den daglege \u00f8kta med personleg hygiene, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2014\/10\/26\/laurdag-25-oktober-westby-og-coon-valley\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-263","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/263","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=263"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/263\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=263"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=263"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=263"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}