{"id":269,"date":"2015-09-10T19:30:32","date_gmt":"2015-09-10T19:30:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=269"},"modified":"2015-09-10T19:30:32","modified_gmt":"2015-09-10T19:30:32","slug":"sondag-26-oktober-westby-coon-valley-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/09\/10\/sondag-26-oktober-westby-coon-valley-minneapolis\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 26. oktober: Westby, Coon Valley, Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>I dag hadde vi gjort avtale om \u00e5 treffe folk klokka ni oppe p\u00e5 Borgen\u2019s Cafe, og sidan dette er rett oppe i gata, tok vi det litt med ro p\u00e5 morgonskvisten, noko som ogs\u00e5 gjorde det muleg \u00e5 bruke nokre minutt p\u00e5 Skype med dei som er heime. Frukosten p\u00e5 dette motellet er rett og slett elendig: ogs\u00e5 i dag slurpa Janne i seg litt av desse slagna \u00abcornfleiksa\u00bb med piss-ly mj\u00f8lk, medan eg viste standhaftigheit og meinte at her g\u00e5r det faktisk ei grense for kvas ein kan finne seg i av tarvelegheit, og at det beste var \u00e5 vente til ein kom til litt meir siviliserte str\u00f8k, dvs. p\u00e5 Borgen\u2019s. S\u00e5 snart Janne var ferdig med \u00e5 slurpe i seg desse forferdelege cornflacesa, og eg kasta innp\u00e5 eit beger med d\u00e5rleg kaffi, lempa vi pikkpakket v\u00e5rt inn i bilen, sjekka vi ut og k\u00f8yrde til denne \u00fcber-norske kafeen inne i byen, og p\u00e5 bakrommet venta det eit langbord med kjenningar: Larry og Gerry var der; Sandra og Ron hadde m\u00f8tt opp, det same hadde Douglas fr\u00e5 Stoddard og ikkje minst John med familie: Alle tok det for ein sj\u00f8lvsagt ting at vi skulle samlast her for \u00e5 snakke litt norsk (sekund\u00e6rt) og ikkje minst f\u00e5 i oss litt frukost (prim\u00e6rt). Men Janne hadde ein heilt annan agenda, for her skulle det prim\u00e6rt drivast feltarbeid og utspekulert elisitering i stor stil. Det ho kanskje ikkje hadde tenkt p\u00e5, var at i dette merkelege landet et ikkje folk frukost f\u00f8r dei reiser heimafr\u00e5, og dessutan skal dei gjerne f\u00e5 med seg gudstenesta ein s\u00f8ndags f\u00f8remiddag. Denne kulturkollisjonen r\u00e5ka s\u00e6rleg Johan, som heller ikkje hadde ete noko tidlegare p\u00e5 dagen, og som i tillegg hadde tenkt seg innom gudstenesta i vaniljekyrkja: m\u00f8tet med Janne sendte han rett inn i fastetid og 5+2-dietten. For skal ein drive forsking, s\u00e5 skal ein drive forsking, og da kan ein ikkje ta omsyn til Maslovs behovspyramide og faktorar som n\u00e6ringsbehov og t\u00f8rst etter gudsord. Fem minutt f\u00f8r messa starta, vart han dimittert; han raska da med seg ein lefserull med kj\u00f8ttmat i, takka for seg og sm\u00e5sprang deretter ut d\u00f8ra. Deretter var det Douglas fr\u00e5 Chaseburg sin tur, han hadde f\u00e5tt i seg mat medan han venta p\u00e5 tur, og han hadde heller ikkje planar om \u00e5 g\u00e5 i gudstenesta, derfor fekk Janne litt betre tid med denne litt agnostiske klienten. Og Douglas gjorde s\u00e5 godt han kunne; det han ikkje makta \u00e5 gjennomf\u00f8re av spr\u00e5kleg flyt og finesse, tok han igjen gjennom tydeleg mimikk og heftig gestikulering.<\/p>\n<p>I elleve-tida dukka kontakten v\u00e5r fr\u00e5 Madison opp p\u00e5 Borgen\u2019s, og da var det p\u00e5 tide \u00e5 vere sosial og ete lunsj, og over ein ny matbit fekk vi h\u00f8yre nytt fr\u00e5 Det norske Amerika. P\u00e5 ein slik hektisk s\u00f8ndagsmorgon var det godt \u00e5 f\u00e5 eit bittelite friminutt fr\u00e5 forskarkvardagen. Men her er friminutta gjere korte, og snart henta kvardagen oss inn igjen, og turen gjekk ned til Coon Valley, der vi henta Florence i den nye bustaden hennar. Tidlegare budde ho i eit trailerhus oppe p\u00e5 L\u00f8v\u00e5sryggen, men no hadde ho flytta inn p\u00e5 ein gammalheim. Janne og eg har sett litt av kvart av slike institusjonar ute p\u00e5 pr\u00e6rien, men denne hadde verkeleg god standard, og her s\u00e5g det ut til at Florence hadde f\u00e5tt det godt \u2013 og er det nokon som fortener ein fin livskveld, s\u00e5 er det Florence \u2013 det er vanskeleg \u00e5 ikkje bli glad i slike som henne. Og med Florence i bilen gjekk s\u00e5 turen opp til Moilien-farmen p\u00e5 Nordryggen, og her var det alt samla to trauste norsk-amerikanske farmarar som var meir enn ivrige etter \u00e5 snakke norsk.<\/p>\n<p>Tida p\u00e5 Moilien-farmen var eigentleg litt knapp ut fr\u00e5 kva vi hadde tenkt \u00e5 gjere, s\u00e5 Janne var kjapp med \u00e5 rigge opp studio i bakrommet der den kreative elisiteringa skulle g\u00e5 for seg; oppg\u00e5va mi var \u00e5 gjere lydopptak av samtalen mellom dei andre inne i stova. Og slik gjekk mykje av dagen, Janne elisiterte og kartla pronomenbruk, genustilordning og setningsstrukturar, medan eg gjorde s\u00e5 godt eg kunne for \u00e5 f\u00e5 til ein lett og ledig samtale om dei tre favoritt-emna som folk her gjerne vil snakke om: farming, farming og ikkje minst farming. F\u00f8rst i fem-tida tok vi til \u00e5 bli ferdige, og da sette vertinna fram eit matbord av solid amerikansk standard: kj\u00f8ttpai med gele og krem, i tillegg til mange andre godsaker. For ein nordmann er dette ein noks\u00e5 uvanleg kombinasjon, men her borte er det ingen som synest det er merkeleg \u00e5 kombinere kaloriar p\u00e5 slike kreative m\u00e5ten.<\/p>\n<p>Det tok til \u00e5 m\u00f8rkne da vi takka for oss, no venta det tre timar i bil f\u00f8r vi var tilbake i Minneapolis igjen. Bilturen oppover var uproblematisk, vi sleit litt med \u00e5 finne hotellet, for GPS-en s\u00f8kte opp ei anna adresse \u2013 midt i eit jernbanespor, men vi fann da fann til slutt, og etter to netter p\u00e5 eit litt shabby motell i Westby var det godt \u00e5 sjekke inn p\u00e5 eit skikkeleg hotell i Minneapolis. Her avslutta vi dagen med \u00e5 g\u00e5 igjennom delar av materialet som vi har samla inn og pr\u00f8ve \u00e5 systematisere det.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i denne metropolen \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag hadde vi gjort avtale om \u00e5 treffe folk klokka ni oppe p\u00e5 Borgen\u2019s Cafe, og sidan dette er rett oppe i gata, tok vi det litt med ro p\u00e5 morgonskvisten, noko som ogs\u00e5 gjorde det muleg \u00e5 bruke &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/09\/10\/sondag-26-oktober-westby-coon-valley-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-269","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/269","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=269"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/269\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=269"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=269"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=269"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}