{"id":272,"date":"2015-09-10T19:32:50","date_gmt":"2015-09-10T19:32:50","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=272"},"modified":"2015-09-10T19:32:50","modified_gmt":"2015-09-10T19:32:50","slug":"mandag-27-oktober-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/09\/10\/mandag-27-oktober-minneapolis\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 27. oktober: Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 har vi faktisk kome til den siste heildagen her i Midtvesten for denne gongen; da vi laga det f\u00f8rst utkastet til ein plan for dette opphalden, s\u00e5 var denne m\u00e5ndagen tenkt som fridag \u2013 vi meinte verkeleg at vi fortente ein heil dag med slaraffenliv etter ein hektisk periode med b\u00e5de lett improviserte foredrag og enda tyngre improvisert feltarbeid. Men da Janne og eg m\u00f8ttest til frukost i halv ni-tida i dag, forsto vi at det var mykje arbeid som m\u00e5tte gjerast f\u00f8r vi kunne seie at fridag var fridag. Det viste seg nemleg at vi stort sett hadde videoopptak av dei fleste intervjua, men det var ikkje alle desse opptaka der lyden var god: og p\u00e5 nokre av opptaka var det frykteleg mykje skurring. Backup-l\u00f8ysinga v\u00e5r her var at vi ogs\u00e5 gjorde separate lydopptak, men no viser det seg alts\u00e5 at vi ogs\u00e5 hadde nokre opptak der lyden svikta p\u00e5 videoopptaket samstundes som vi ogs\u00e5 mangla lydopptak. Ille ille, med andre ord! Kort sagt, vi brukte fleire timar p\u00e5 \u00e5 finne ut av kva vi hadde gode opptak av og, ogs\u00e5 kva vi mangla. Dette er sv\u00e6rt uheldig, for \u00e5 seie det mildt. Og sj\u00f8lv om desse hola i materialet ikkje er ekstremt store \u2013 kanskje p\u00e5 rund ein time eller to med opptak \u2013 s\u00e5 er dette frykteleg irriterande. Om det skulle bli ein neste gong, s\u00e5 m\u00e5 vi f\u00e5 sjekka utstyret f\u00f8r vi reiser og eventuelt fornye utstyr som ikkje fungerer. Og vi kunne sikkert brukt resten av dagen til \u00e5 sture og vere skikkeleg sure for at det meste gjekk oss imot.<\/p>\n<p>Men slik er heldigvis ikkje vi: i halv to-tida hadde vi f\u00e5tt litt oversyn over arbeidet v\u00e5rt, og da var det p\u00e5 tide med litt shopping. Vi sette kursen ned til Mall of America (Amerikas st\u00f8rste kj\u00f8pesenter). Dette er eigentleg ein fryktelege plass for inntr\u00f8ndske karfolk: Her er det fullt av butikkar og mykje folk, og s\u00e6rleg n\u00e5r ein ikkje er kjent, er det nesten ur\u00e5d \u00e5 finne det ein er p\u00e5 jakt etter. Men samarbeid er vegen \u00e5 g\u00e5: ein heimf\u00f8ing fr\u00e5 Inntr\u00f8ndelag og ein urbane professor gjorde ein heroisk innsats etter \u00abshop til you drop\u00bb-prinsippet, s\u00e5 no kan vi kle opp kvar v\u00e5r ungeskokk i siste mote fr\u00e5 pr\u00e6rien. I \u00e5tte-tida var vi tilbake p\u00e5 hotellet, og starta s\u00e5 ut for \u00e5 ete; eigentleg skulle vi ha satsa p\u00e5 festmiddag med mange rettar og god vin, men vi begrensa oss til eit noks\u00e5 enkelt m\u00e5ltid meksikansk mat med ein \u00f8lskvett til, og det var greitt nok.<\/p>\n<p>Og da gjekk den siste dagen her i Midtvesten mot slutten. I morgon skal vi ta flyet til gamlelandet via New York, og da er det slutt p\u00e5 moroa for denne gong \u2013 heime ventar mykje ugjort arbeid og sikkert ogs\u00e5 ein frykteleg plagsam jetleg.<\/p>\n<p>Slik gjekk nu den siste dagen her ute p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 har vi faktisk kome til den siste heildagen her i Midtvesten for denne gongen; da vi laga det f\u00f8rst utkastet til ein plan for dette opphalden, s\u00e5 var denne m\u00e5ndagen tenkt som fridag \u2013 vi meinte verkeleg at vi &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/09\/10\/mandag-27-oktober-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-272","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/272","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=272"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/272\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=272"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=272"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=272"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}