{"id":285,"date":"2015-10-16T04:04:20","date_gmt":"2015-10-16T04:04:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=285"},"modified":"2015-10-16T04:04:20","modified_gmt":"2015-10-16T04:04:20","slug":"onsdag-14-oktober-2015-halden-zumbrota-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/16\/onsdag-14-oktober-2015-halden-zumbrota-mn\/","title":{"rendered":"Onsdag 14. oktober 2015: Halden \u2013 Zumbrota, MN"},"content":{"rendered":"<p>Da vart det amerikatur i \u00e5r ogs\u00e5, og det er litt uverkeleg p\u00e5 mange m\u00e5tar. Av ein eller annan grunn s\u00e5 fekk eg pengar til ei slik reise fr\u00e5 eitt eller anna fond ved Universitetet i Oslo, og tanken var da \u00e5 sl\u00e5 lag med gjengen fr\u00e5 Tekstlaboratoriet som skulle til statane eit par veker i m\u00e5nadsskiftet mai-juni. Men slik mai og juni vart for min det, s\u00e5 hadde eg rett og slett ikkje tid, eg m\u00e5tte vere heime og passe butikken. Og sidan staten er staten, og eit budsjett\u00e5r er eit budsjett\u00e5r, s\u00e5 m\u00e5 jo pengane brukast til form\u00e5let (det skulle berre mangle), og det vart alts\u00e5 no i staden. S\u00e5 her er eg p\u00e5 pr\u00e6rien heilt \u00e5leine, s\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 korleis det g\u00e5r.<\/p>\n<p>Reisa har i det minste g\u00e5tt bra, tog fr\u00e5 Halden klokka 10.05, fly fr\u00e5 Gardermoen til Minneapolis via Reykjavik kl 14.45, og s\u00e5 skulle eg vere framme i halv sju-tida. Ok turen er det ikkje \u00e5 fortelje om, det heile gjekk roleg og fint for seg, Og sj\u00f8lv om Janne og eg har litt blanda erfaring med dette vesterhavs-selskapet fr\u00e5 tidlegare, s\u00e5 viste deg fram godsida si i dag. I tillegg var det noks\u00e5 glissent med folk p\u00e5 flyet, eg hadde ei heil seterad heilt for meg sj\u00f8lv. Mat serverer dei ikkje, men no g\u00e5r dei i det minste rundt og spanderer b\u00e5de vatn, juice og kaffi, s\u00e5 det er ikkje s\u00e5 heilt ille, trass alt. Det er vel slik at ein f\u00e5r det ein betaler for.<\/p>\n<p>Eller \u00e5 f\u00e5 det ein betaler for ja, kanskje ikkje \u2013 for i dag trur eg nok eg har betalt for noko som eg ikkje har f\u00e5tt: Vel framme i Minneapolis kom eg meg etter mykje venting gjennom passkontrollen (f\u00f8rste gongen dei ikkje tok bilde + fingeravtrykk av meg \u2013 betyr det at dei no tek til \u00e5 kjenne meg igjen?) Deretter henta eg leigebilen, eg hadde bestilt og betalt for ein mini-SUV. Og da eg kom fram til skranken kunne dama der fortelje at dei var tomme for slike mini-SUV-ar. Derimot kunne eg f\u00e5 oppgradering til ein \u00abfull sized car\u00bb, heilt utan tillegg i prisen. Og det var jo veldig gener\u00f8st, tenkte eg, og takka sj\u00f8lvsagt ja. Ho ga meg nummeret p\u00e5 parkeringsplassen og peikas i retning av eit heilt forferdeleg stort monster av ein bil. Eg vart nesten litt skeptisk til om eg hadde f\u00f8rarkort for eit slikt monster. Vel framme til dette monsteret s\u00e5g eg at det sto p\u00e5 feil parkeringsplass, og p\u00e5 det plassnummeret eg vart vist til, stod det ein stussleg Toyota. Eg gjekk tilbake for \u00e5 snakke med dei. \u00abWell, you accepted the offer, and this is a full sized car, sir\u00bb sa dama. Jaja, slik er det n\u00e5r ein ikkje behersker alle nyansane i engelsk vokabular \u2013 s\u00e5 da er det vel slik det er, da. Akkurat da kjente eg meg fryktlege einsam her ute p\u00e5 pr\u00e6rien, og eg forsto med ein gong kvifor eg aldri ville ha klart \u00e5 br\u00f8df\u00f8 meg som kramkar (ikkje det at eg har pr\u00f8vd s\u00e5 hardt p\u00e5 det heller, men det er ei anna sak. Og sj\u00f8lv om eg alts\u00e5 har betalt overpris for denne skranglekassa, s\u00e5 pr\u00f8ver eg no \u00e5 rettferdiggjere det heile med at eg sparer bensinpengar, eg er usikker p\u00e5 om eg i l\u00f8pet av turen kjem til \u00e5 tru p\u00e5 dette sj\u00f8lvbedraget.<\/p>\n<p>Akkurat no har eg etablert meg p\u00e5 eit motell i Zumbrota, ein times biltur s\u00f8r for Minneapolis. Kanskje ikkje Hilton, men for ei natt f\u00e5r det hyre. Mat fekk eg ogs\u00e5 tak i, s\u00e5 no er eg god-demt, d\u00f8gnvill og stuptr\u00f8ytt. Og i morgon blir det Wisconsin \u2013 trur eg \u2026<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan her ute p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da vart det amerikatur i \u00e5r ogs\u00e5, og det er litt uverkeleg p\u00e5 mange m\u00e5tar. Av ein eller annan grunn s\u00e5 fekk eg pengar til ei slik reise fr\u00e5 eitt eller anna fond ved Universitetet i Oslo, og tanken var &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/16\/onsdag-14-oktober-2015-halden-zumbrota-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-285","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/285","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=285"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/285\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=285"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=285"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=285"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}