{"id":292,"date":"2015-10-18T02:53:09","date_gmt":"2015-10-18T02:53:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=292"},"modified":"2015-10-18T02:53:09","modified_gmt":"2015-10-18T02:53:09","slug":"laurdag-17-oktober-2015-westby-coon-valley-veroqua","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/18\/laurdag-17-oktober-2015-westby-coon-valley-veroqua\/","title":{"rendered":"Laurdag 17. oktober 2015: Westby, Coon Valley, Veroqua"},"content":{"rendered":"<p>I dag hadde endeleg Larry skaffa folk, og det vart ein noks\u00e5 hektisk dag. Eg sjekka ut fr\u00e5 motellet i dag tidleg sidan det ikkje var ledige rom no i kveld. Heldigvis kunne eg s\u00f8ke husrom p\u00e5 Old Towne Inn i S\u00f8rbyen, s\u00e5 det var i og for seg ikkje \u00aba big deal\u00bb. Og i halv ni-tida bars det tilbake til Larry i Springdalen. Larry varta opp med krutsterk kaffi, eg rigga opp utstyret, og i ni-tida dukka det opp ein kar fr\u00e5 S\u00f8rryggen som kunne snakke norsk. Og i to timar sat vi og snakka om laust og fast. I starten hadde eg kandidaten heilt for meg sj\u00f8lv, men det gjekk ikkje s\u00e5 veldig lenge f\u00f8r Larry slo lag, og det vart ei fin stund med prat p\u00e5 norsk om b\u00e5de det eine og det andre. Flott!<\/p>\n<p>Da denne karen var ferdig var det tid for lunsj, og da var vi innom gamle Stockman (som no har f\u00e5tt eit nytt namn som eg ikkje hugsar) i Coon Valley. Der arbeider slektningar av Larry, s\u00e5 vi vart teke \u00abgodt k\u00e6r t\u00e5\u00bb. Etter eit m\u00e5ltid med amerikansk sikringskost (burger) sette vi s\u00e5 kursen opp p\u00e5 Jore-ryggen, der ein ny kar venta p\u00e5 oss. Dette er arbeidskameraten til Johan, som ogs\u00e5 driv med \u00e5 \u00abwaterproofe beismentsan\u00bb i omr\u00e5det, og no var det rolege tider fordi det var ei stund sidan sist det regna. Men han hadde h\u00e5p om betre tider, for over helga skal det visst regne. Dette var ein kar som kanskje ikkje var s\u00e5 veldig pratsam, men han var god til \u00e5 snakke norsk. Men slik er vi jo forskjellige, og det kan ein eigentleg gjere lite med. Og etter ein time med \u00abdet gikk p\u00e5 engelsk og norsk\u00bb der, s\u00e5 gjekk kursen vidare til Gr\u00f8nvold-farmen p\u00e5 S\u00f8rryggen. Og karen her var til gjengjeld sv\u00e6rt s\u00e5 pratsam. Her var det berre \u00e5 kaste p\u00e5 ein 5-cent, og ein fekk verkeleg prat for pengane. Og det er litt vemodig \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 at han i mange \u00e5r har hatt ein stor dr\u00f8ym om \u00e5 reise til Noreg, og at han no meiner at det er for seint. Og Larry passa p\u00e5 \u00e5 gni salt i s\u00e5ret ved \u00e5 melde at \u00abtreppen til Norje er det smartaste e har gjort i heile mitt livstid\u00bb. S\u00e5 var det eplepai og kaffi f\u00f8r vi utp\u00e5 ettermiddagen sette kursen mot Viroqua. Der meinte han at han endeleg hadde funne fram til ein sogning. Og da eg fekk h\u00f8yre kva han heitte og at han levde i eit \u00abtrailerhus\u00bb, forsto eg at eg ogs\u00e5 tidlegare hadde m\u00f8tt denne karen, og at Janne og eg den gongen hadde vurdert det til \u00e5 vere lite \u00e5 hente her. Men vi kom da dit, og mannen, som p\u00e5 ingen m\u00e5te har f\u00e5tt oppleve s\u00e5 veldig mange godversdagar i livet, var sv\u00e6rt glad for \u00e5 f\u00e5 bes\u00f8k. Og denne gongen gjorde eg lydopptak av han. No hadde han f\u00e5tt lungebetennelse, og det gjorde det vanskeleg for han \u00e5 snakke, likevel var det greitt \u00e5 f\u00e5 dokumentert ein av flekkefjordingane om ein gong hadde tilhald i omr\u00e5det mellom d\u00f8lane rundt Westby og sogningane i Veroqua. Vi art ikkje s\u00e5 lenge, men Larry liker \u00e5 prate, og da er han god \u00e5 ha n\u00e5r ein skal pr\u00f8ve \u00e5 framprovosere laus og ledig samtale. Dei ville gjerne by p\u00e5 pai, men denne gongen m\u00e5tt vi berre takke nei \u2013 det er trass alt ei grense for kor mykje ein r\u00f8sleg feltarbeidar klarer \u00e5 stappe i seg. Og etter ein liten time i denne trailerhus-heimen, returnerte vi, Larry vart levert i Springdalen, og sj\u00f8lv returnerte eg til motellet.<\/p>\n<p>No har eg vore nede i restauranten og f\u00e5tt meg eit m\u00e5ltid steikt fisk, og har sett litt meir p\u00e5 artikkelen, og det er snart p\u00e5 tide \u00e5 krype til k\u00f8ys. I morgon er Larry p\u00e5 barned\u00e5p i Madison, men eg har nokre gamle kjenningar som eg tenkte \u00e5 sj\u00e5 innom. Sj\u00f8lv om dette har vore ein litt slitsam dag med nesten ti timar med feltarbeid, s\u00e5 innser eg utan problem at eg er utruleg privilegert som kan reise rundt, prate med interessante folk og samstundes f\u00e5 kalle det betalt arbeid. S\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 kva morgondagen har \u00e5 by p\u00e5.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i dette merkelege landet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag hadde endeleg Larry skaffa folk, og det vart ein noks\u00e5 hektisk dag. Eg sjekka ut fr\u00e5 motellet i dag tidleg sidan det ikkje var ledige rom no i kveld. Heldigvis kunne eg s\u00f8ke husrom p\u00e5 Old Towne Inn &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/18\/laurdag-17-oktober-2015-westby-coon-valley-veroqua\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-292","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/292","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=292"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/292\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=292"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=292"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=292"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}