{"id":294,"date":"2015-10-20T23:03:21","date_gmt":"2015-10-20T23:03:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=294"},"modified":"2015-10-20T23:03:21","modified_gmt":"2015-10-20T23:03:21","slug":"sondag-18-oktober-2015-westby-rockton","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/20\/sondag-18-oktober-2015-westby-rockton\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 18. oktober 2015: Westby, Rockton"},"content":{"rendered":"<p>Da er det s\u00f8ndag, og som vanleg her p\u00e5 pr\u00e6rien kom eg meg opp av senga i sju-tida. Frukosten her p\u00e5 motellet er sv\u00e6rt s\u00e5 enkel, banan og litt kaffi. Men n\u00e5r ein i tillegg har \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb med br\u00f8d og ost kj\u00f8pt p\u00e5 \u00abst\u00e5ret\u00bb i Veroqua (eller V\u00e6rr\u00e5ki som dei gjerne seier her), s\u00e5 klarer ein seg lenge. Eg byrja dagen med \u00e5 skrive litt, det er ein artikkel som skulle ha vore ferdig for eit par veker sidan som ligg og gneg, og litt f\u00f8r ni ringde Ron og spurde om eg hadde lyst til \u00e5 vere med i kyrkja. Og det kunne jo vere interessant &#8211; ikkje minst fordi ein d\u00e5 kanskje kan kome over folk som kan snakke norsk.<\/p>\n<p>Klokka 10 henta Ron og Sandra meg, og s\u00e5 bars det til Vaniljekyrkja, som ligg like ved Sjokoladekyrkja: Gudstenesta var sikkert som ho bruker \u00e5 vere p\u00e5 desse kantar, men songrepertoaret var ukjend; som Mister Bean drog eg til av full hals s\u00e5 snart det dukka opp ein eller annan halleluja. S\u00e5 mykje norskprat vart det nok ikkje, men eg m\u00f8tte ei dame fr\u00e5 Bod\u00f8 som hadde budd her eit par mannsaldrar, problemet var eigentleg at ho meinte tr\u00f8nderar er frykteleg vanskelege \u00e5 forst\u00e5, s\u00e5 samtalen vart noks\u00e5 kort. Akkurat no driv dei med \u00e5 pusse opp kyrkja, og da gjeld det \u00e5 samle inn pengar \u2013 og da er eg straks p\u00e5 heimebane: P\u00e5 jobb har vi av og til vinlotteri, og slike ting kan ein tydelegvis ogs\u00e5 drive med her, med velsigning fr\u00e5 b\u00e5de prest og menigheit. Det slo meg at dette m\u00e5 vere noks\u00e5 nytt, da eg f\u00f8rst kom hit for nesten tretti \u00e5r sidan, var heile byen t\u00f8rrlagt, det var ikkje muleg \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt seg ei aldri s\u00e5 lita flaske med lett\u00f8l, om ein da ikkje reiste rett utafor bygrensa, for to fot utafor denne grensa hadde dei bygd seg bar med alle rettigheiter. Men der burde helst ikkje rettelege folk setje foten sin \u2026<\/p>\n<p>Etter kyrkja lurte Ron og Sandra p\u00e5 om eg kanskje kunne ha lyst til \u00e5 vere med dei til Rockton for \u00e5 ete middag. Eigentleg hadde eg tenkt \u00e5 skrive vidare, pluss kanskje ogs\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 innom Erma i S\u00f8rbyen. Men p\u00e5 den andre sida, det var s\u00f8ndag og det er ei stund sidan eg har teke heilt fri, s\u00e5 eg takka ja. Og dermed sette vi kursen mot Kickapoo-landet nord for byen. Kickapooingane har rykte p\u00e5 seg for \u00e5 vere rare, nesten som \u00abhillbillisar\u00bb, og landskapet her var ulikt det meste som eg har sett av Wisconsin med tronge dalar og kuppert landskap. Ron ville vise fram det meste, og det gjorde at vi utan GPS brukte uvanleg lang tid oppover, men vel framme i Rockton kom vi til den restauranten som dei tala s\u00e5 vakkert om. Her serverte dei grilla kjukling, og som vanleg er det solide porsjonar dei har \u00e5 by p\u00e5. Planen var eigentleg \u00e5 ete ut, men vi inns\u00e5g raskt at sj\u00f8lv om det var solskin, s\u00e5 var vinden for sur. Etter eit godt og kalloririkt m\u00e5ltid, s\u00e5 sette vi etter ein snartur innom skinnsjappa i dette &#8211; litt mislykka fors\u00f8ket p\u00e5 \u00e5 etablere ein sm\u00e5by &#8211; kursen heimover, og da var det veldig tydleg at det var s\u00f8ndag og at dette er amish-land. Det var fullt av hest og boggi p\u00e5 \u00abr\u00e5den\u00bb, og det var ogs\u00e5 mange som var ute og gjekk i finstasen; ungane berrf\u00f8tte, kvinfolka med svartserk og kyse og mennene med langt heilskjegg, hatt og svart ulldress. Dette er verkeleg ei underleg oppleving, som \u00e5 g\u00e5 eit par hundre \u00e5r tilbake i tid.<\/p>\n<p>Vel tilbake i Westby sette eg meg p\u00e5 motellet for \u00e5 arbeide litt, men klokka seks hadde eg ein ny invitasjon til Iversons, for Greenbay Packers spelte fotballkamp, og da st\u00e5r tida stille her i Wisconsin. Deretter trakterte Sandra pizza f\u00f8r eg sette kursen tilbake til motellet for \u00e5 avslutte dagen med litt sm\u00e5arbeid.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu s\u00f8ndagan\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da er det s\u00f8ndag, og som vanleg her p\u00e5 pr\u00e6rien kom eg meg opp av senga i sju-tida. Frukosten her p\u00e5 motellet er sv\u00e6rt s\u00e5 enkel, banan og litt kaffi. Men n\u00e5r ein i tillegg har \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb med br\u00f8d og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/20\/sondag-18-oktober-2015-westby-rockton\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-294","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/294","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=294"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/294\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=294"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=294"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=294"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}