{"id":300,"date":"2015-10-21T03:54:20","date_gmt":"2015-10-21T03:54:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=300"},"modified":"2015-10-21T03:54:20","modified_gmt":"2015-10-21T03:54:20","slug":"tysdag-20-oktober-2015-westby-iola-stevens-point","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/21\/tysdag-20-oktober-2015-westby-iola-stevens-point\/","title":{"rendered":"Tysdag 20. oktober 2015: Westby, Iola, Stevens Point"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny og vakker dag her ute p\u00e5 pr\u00e6rien. Eg hadde avtale i Iola f\u00f8rst klokka halv to, og sidan det er rundt tre timar \u00e5 k\u00f8yre, kunne eg ta det litt med ro p\u00e5 morgonskvisten. Eg pr\u00f8vde mellom anna \u00e5 ringe ein nordfjording inne i Minnesota, men heller ikkje da fekk eg svar. Eg f\u00e5r pr\u00f8ve litt seinare igjen. Etter ein lettare oppgradert \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb-frukost med br\u00f8d og ost \u2013 og derretter litt sm\u00e5arbeid, ringde Ron, han hadde eit brev til meg. Eg k\u00f8yrde bortom dei for \u00e5 hente det, og det var fr\u00e5 stj\u00f8rdalingen som eg m\u00f8tte i g\u00e5r. Innhaldet var namn og telefonnummer til nokre norskspr\u00e5klege i Lac qui Parle, og det kjem godt med sidan eg har tenkt meg dit om eit par dagar. I ti-tida sette eg kursen nordaustover, og det var ein fin tur gjennom \u00e5krar og skog.<\/p>\n<p>Eg var framme i Iola i god tid, og var innom ein restaurant der og fekk meg ein matbit medan eg venta. Klokka halv to var eg framme p\u00e5 m\u00f8lla der eg skulle m\u00f8te folket. Og der var kontakten min, ein r\u00f8yrleggjar, saman med tre norskamerikanarar, og snart kom det eit par til. Eg fekk rigga opp utstyret, og vi sette i gang. Her var det ein d\u00f8l som hadde arbeidd som sagbruksarbeidar og derfor hadde vanskar med \u00e5 h\u00f8yre, ein nordm\u00f8ring og tidlegare fotograf p\u00e5 nesten 90 som var uvanleg talatrengt, ein s\u00f8rlending og tidlegare snikkar som var sv\u00e6rt s\u00e5 h\u00f8gr\u00f8ysta og ein litt meir dempa kar med doktorgrad i kiropraktikk eller kva det no heiter, og som ikkje visste kor folket hans kom fr\u00e5. Han hadde stor tru p\u00e5 at eg ut fr\u00e5 dialekten hans skulle kunne finne ut av dette, men det kunne eg ikkje. Eg starta f\u00f8rst med sagbruksarbeidaren og fotografen, og eg hadde h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 til ein samtale mellom dei, men det lukkast ikkje. Deretter var det snikkaren og doktoren sin tur. Opptaka vart neppe s\u00e6rleg gode, er eg redd, ikkje minst fordi folket som sat og venta, ogs\u00e5 tok til \u00e5 snakke noks\u00e5 h\u00f8gt seg imellom. Men likevel var dette ei interessant oppleving p\u00e5 mange m\u00e5tar. For det f\u00f8rste fordi eg aldri tidlegare har h\u00f8yrt ein norskamerikanar snakke engelsk med skarre-r. Vidare tok nordm\u00f8ringen p\u00e5 seg oppg\u00e5va som suffl\u00f8r og korrigerte b\u00e5de det eine og det andre som vart sagt.\u00a0Han meinte forresten\u00a0at norsk var det einaste ordentlege spr\u00e5ket som finst, og det kan jo sikkert stemme, i alle fall her p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026<\/p>\n<p>I ein kort pause tok eg fram Haugen og viste fram namna p\u00e5 dei han intervjua her tidleg p\u00e5 1940-talet. Og dei visste av fleire, og det viste seg ogs\u00e5 at ein av dei faktisk framleis var i live! Fantastisk! R\u00f8yrleggjaren kasta seg over telefonen og kontakta han, men dessverre, mannen var p\u00e5 ingen m\u00e5te interessert. Vi f\u00e5r sj\u00e5 om vi klarer \u00e5 lokke han utp\u00e5 i morgon: Dersom eg finn opptaket av han, burde det kanskje vere muleg \u00e5 f\u00e5 han til \u00e5 endre meining\u2026. Uansett, Maagne Oftedal vurderte faren som \u00ablitt under middels intelligent\u00bb, og i Haugens informantbeskriving blir han omtala som \u00abnot always reliable\u00bb, s\u00e5 da ligg det vel i slekta, kanskje?<\/p>\n<p>No har eg teke inn p\u00e5 eit motell i Stevens Point, og om heller ikkje dette kan kallast luksus, s\u00e5 er det ei klar oppgradering samanlikna med det eg har hatt s\u00e5 langt p\u00e5 reisa. Her er det til og med \u00abgodstol\u00bb og skrivebord, s\u00e5 da b\u00f8r det ogs\u00e5 vere h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 gjort litt. No i kveld har eg igjen pr\u00f8vd \u00e5 ringe nokre av kontaktane eg (trur eg) har i Minnesota, men det er heller ikkje no nokon som tek telefonen. Det likar eg ikkje meir enn passeleg, eg f\u00e5r pr\u00f8ve dei igjen i morgon, og viss ikkje s\u00e5 k\u00f8yrer eg berre p\u00e5 m\u00e5f\u00e5 og ser kva eg finn. Slik er det alts\u00e5 \u00e5 drive med feltarbeid her p\u00e5 pr\u00e6rien. Resten av kvelden f\u00e5r eg bruke til \u00e5 kopiere opptaka, eg er livredd for \u00e5 miste noko, og eg er ikkje meir enn passeleg flink til \u00e5 ta backup. I morgon blir det ny tur opp til Iola, s\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 kva r\u00f8yrleggjaren har \u00e5 by p\u00e5, onkelen hans m\u00f8tte opp til samtale, men han var s\u00e5 l\u00e5gm\u00e6lt og publikum s\u00e5 h\u00f8gm\u00e6lte at eg veit ikkje heilt korleis opptaket av han vart, han kunne eg ha god lyst til \u00e5 snakke litt meir med. Og her saknar eg myggmikrofonane til tekstlaben, kameramikrofonen fangar opp alt av lyd og leven heilt ukritisk. I tillegg hadde det vore ein stor fordel \u00e5 vere to n\u00e5r ein skal handsame ein slik b\u00f8ling, men eg f\u00e5r klare meg s\u00e5 godt eg kan p\u00e5 eiga hand.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i det s\u00e5kalla Indilandet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny og vakker dag her ute p\u00e5 pr\u00e6rien. Eg hadde avtale i Iola f\u00f8rst klokka halv to, og sidan det er rundt tre timar \u00e5 k\u00f8yre, kunne eg ta det litt med ro p\u00e5 morgonskvisten. Eg pr\u00f8vde mellom anna &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/21\/tysdag-20-oktober-2015-westby-iola-stevens-point\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-300","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/300","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=300"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/300\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=300"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=300"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=300"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}