{"id":307,"date":"2015-10-23T03:49:04","date_gmt":"2015-10-23T03:49:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=307"},"modified":"2015-10-23T03:49:04","modified_gmt":"2015-10-23T03:49:04","slug":"onsdag-21-oktober-2015-stevens-point-norske-iola-hitterdal-og-eau-claire-wisconsin","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/23\/onsdag-21-oktober-2015-stevens-point-norske-iola-hitterdal-og-eau-claire-wisconsin\/","title":{"rendered":"Onsdag 21. oktober 2015: Stevens Point, Norske, Iola, Hitterdal og Eau Claire, Wisconsin"},"content":{"rendered":"<p>Da har eg gjort unna ein noks\u00e5 hektisk dag som feltarbeidar, sj\u00f8lv om utbyttet vart berre s\u00e5 som s\u00e5 \u2013 dette kan til tider minne meg om barndommen og multeturar saman med far p\u00e5 T\u00f8rrgranvola: mykje trasking og lite b\u00e6r \u2026<\/p>\n<p>\u00c5kke som, dagen starta noks\u00e5 roleg, for h\u00f8rste gongen her borte sov eg som ein stein til klokka var passert sju. Deretter var eg nede i restauranten og fekk frukost, og for f\u00f8rste gong p\u00e5 lenge var det noko anna enn berre wienerbr\u00f8d og smultringar \u2013 eg kunne steike meg vaffel. Og da klokka var \u00e5tte ringde eg til r\u00f8yrleggjaren oppe i Iola, og han ba meg kome \u00abright away\u00bb. Eg gjorde meg klar, pakka saman rasket mitt og kom meg i bilen. Adressa eg fekk beit sj\u00f8lvsagt ikkje p\u00e5 GPS-en, men eg fann Iola, og eg fann ogs\u00e5 Highway 49 som han budde langs, og da var det berre \u00e5 lese dei raude brann-nummera heilt til eg kom p\u00e5 rett stad. R\u00f8yrleggjaren hadde det travelt, men han ville ta fri resten av dagen for \u00e5 guide meg rundt: makan til hjelpsamheit! F\u00f8rste stopp var ei sagm\u00f8lle p\u00e5 Norske, ei lita husklynge utafor Iola. Der venta sagbruksmeister Julian, ein norskspr\u00e5kleg farmar, pluss heiagjengen, ein tyskar og ein hjortejeger. Sagm\u00f8lla var ei bordbu, ei slags \u00abman cave\u00bb der gubbane kunne fyre p\u00e5 ovnen, fortelje historier, koke kaffi eller ta seg ein liten ein, fortelje fleire historier, sj\u00e5 fram til neste m\u00e5nad n\u00e5r dei kunne bla om p\u00e5 kalenderen for s\u00e5 \u00e5 studere ei ny lettkledd dame, fortelje nokre historier igjen\u2026<br \/>\nEg rigga opp utstyret mitt, og snart kom gubbane p\u00e5 glid og praten p\u00e5 norsk gjekk, om ikkje laust og ledig, s\u00e5 i alle fall litt framover. Den eine av karane meinte \u00e5 ha opphav rundt Porsgunn, medan den andre kanskje var d\u00f8l. I det heile er det mange her som i liten grad veit kor folket deira kom fr\u00e5. Sagbruksmeiseter Julian var ein artig kar som ogs\u00e5 kunne underhalde med b\u00e5de norske ordtak og song. Og snart stakk den andre farmaren ut i bilen for \u00e5 hente toradaren, og det vart ganske livleg inne i bordbua. Eg veit ikkje om dette opphaldet var med p\u00e5 \u00e5 flytte forskingsfronten noko s\u00e6rleg, men moro var det i alle fall. Sagbruksmeisteren dreiv ogs\u00e5 med bier, og det var ei historie i seg sj\u00f8lv, s\u00e6rleg n\u00e5r dette l\u00e5g i eit skogsomr\u00e5de der bj\u00f8rnen tek seg til rette. Dette forklarte ogs\u00e5 radioen som stod p\u00e5 full musikk ute \u2013 bj\u00f8rnar liker tydelegvis ikkje k\u00f8ntrimusikk.<br \/>\nEtter dette bes\u00f8ket sette vi kursen ned mot Iola, der venta det ei dame med bakgrunn fr\u00e5 Bergen. Og da ho m\u00f8tte oss i d\u00f8ra med skarre-r i engelsken, trudde eg at dette kunne bli bra. Det vart det eigentleg ikkje. For det f\u00f8rste var ho f\u00f8dd i Bergen, for det andre ville ho ikkje ha video av seg og for det tredje nekta ho \u00e5 snakke norsk. Eg pr\u00f8vde s\u00e5 godt eg kunne \u00e5 f\u00e5 henne p\u00e5 glid, men det nytta liksom ikkje. Likevel var det ei triveleg stund, og etter ein liten time takka vi for oss. S\u00e5 tok vi turen til Crystal Cafe for \u00e5 f\u00e5 oss litt mat f\u00f8r neste post p\u00e5 programmet venta, ei dame p\u00e5 rundt 90. Og ho snakka norsk, sj\u00f8lv om heller ikkje ho ville p\u00e5 video. Men lydopptak var OK. Og vi kunne igjen bruke ein time saman med henne, og sj\u00f8lv om ho dreiv og pakka for \u00e5 flytte p\u00e5 gammalheimen no laurdag, s\u00e5 tok ho seg tid meg oss, og eg trur ho likte det.<\/p>\n<p>Neste post p\u00e5 programmet var ein kar p\u00e5 nesten 90 nede i byen, han kunne ogs\u00e5 snakke norsk, men s\u00e5 snart opptaksutstyret kom fram, s\u00e5 vart det stopp. Men ogs\u00e5 her var det triveleg \u00e5 vere; kona som var av tysk opphav, varta opp med kaffi, rosettar og kokkis, og da er jo livet godt \u00e5 leve. Og denne seansen vart avslutta med at gubben spelte gitar og song \u00e5ndelege songar for oss.<\/p>\n<p>Vi takka igjen for oss og reiste ned til Hitterdal, ogs\u00e5 der var det ein kar p\u00e5 90 som kunne snakke norsk. Men han var farmar og dreiv med \u00e5 \u00abharveste\u00bb no, s\u00e5 han hadde d\u00e5rleg tid. Da vi kom inn p\u00e5 gardsplassen, s\u00e5g vi at han og kona dreiv og rake lauv. \u00abGot you\u00bb, sa r\u00f8yrleggjaren. Og s\u00e5 snart vi kom ut av bilen tok det til \u00e5 ramle norsk ut av han som erter ut av ein sekk. Dette m\u00e5tte berre bli bra! Men neida, s\u00e5 snart opptaksutstyret kom fram , vart det mest engelsk. Det er sj\u00f8lvsagt litt surt at det skal vere slik, men det er lite \u00e5 gjere med \u2013 ein kan liksom ikkje truge med juling for \u00e5 f\u00e5 folk til \u00e5 snakke norsk heller. Og p\u00e5 den andre sida, dette gir vel eigentleg ein god statusrapport over korleis situasjonen for norsk er her borte. Det er nokre som kan det og som har stor glede av \u00e5 snakke det, men det er ogs\u00e5 mange som ein gong brukte det, men som i dag slit med \u00e5 snakke norsk.<\/p>\n<p>Vi var ferdige her i sekstida, og da ville r\u00f8yrleggjaren vise meg rundt litt, og vi var innom kyrkja \u00abhans\u00bb: og der lukta det sur lutefisk. Laurdag hadde dei hatt s\u00e5kalla \u00ablutefisksupper\u00bb her, og da kom det fleire hundre dit for \u00e5 ete dette. \u00abIt usually takes a couple of weeks before the smell is gone\u00bb, sa guiden min. Eg tvilar ikkje, for dette var ikkje akkurat delikat lukt, nei \u2026<br \/>\nDet tok ti \u00e5 bli m\u00f8rkt da eg k\u00f8yrde r\u00f8yrleggjaren heim, og sj\u00f8lv om fangsten ikkje vart s\u00e5 veldig god, s\u00e5 set eg frykteleg stor pris p\u00e5 hjelpa eg fekk, og det er ikkje kvar dag at folk tek ut ein feiredag for \u00e5 hjelpe slike som meg. Ein kan lett bli audmjuk av mindre\u2026.<\/p>\n<p>Neste stopp p\u00e5 rund-trippen min blir Minnesota, men det er eit stykke dit. Og som eg tidlegare har sagt, s\u00e5 er denne turen elendig planlagt \u2013 eg tek det litt som det kjem. Uansett, det er langt til Minnesota fr\u00e5 Iola, s\u00e5 no i kveld er eg p\u00e5 eit motell i Eau Claire; det tok meg nesten tre timar \u00e5 kome hit, men framleis er eg i Wisconsin, og det er lang dit eg har tenkt meg. I morgon f\u00e5r eg pr\u00f8ve \u00e5 ringe kontaktane som eg trur eg har der nede, s\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 korleis det g\u00e5r.<\/p>\n<p>Elles er det heilt utruleg kor sliten ein kan bli av berre det \u00e5 snakke med folk. Men det har kanskje noko med alderen \u00e5 gjere\u2026 I gamle dagar hadde lett fortsett langt inn i Minnesota for \u00e5 finne folk, men slik er det nok ikkje, dessverre. Men det er da moro enno, og da skal ein ikkje klage<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i Indilandet\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da har eg gjort unna ein noks\u00e5 hektisk dag som feltarbeidar, sj\u00f8lv om utbyttet vart berre s\u00e5 som s\u00e5 \u2013 dette kan til tider minne meg om barndommen og multeturar saman med far p\u00e5 T\u00f8rrgranvola: mykje trasking og lite b\u00e6r &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/23\/onsdag-21-oktober-2015-stevens-point-norske-iola-hitterdal-og-eau-claire-wisconsin\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-307","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/307","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=307"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/307\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=307"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=307"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=307"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}