{"id":310,"date":"2015-10-23T03:49:51","date_gmt":"2015-10-23T03:49:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=310"},"modified":"2015-10-23T03:49:51","modified_gmt":"2015-10-23T03:49:51","slug":"torsdag-22-oktober-2015-eau-claire-wisconsin-milan-madison-minnesota","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/23\/torsdag-22-oktober-2015-eau-claire-wisconsin-milan-madison-minnesota\/","title":{"rendered":"Torsdag 22. oktober 2015: Eau Claire; Wisconsin: Milan, Madison; Minnesota"},"content":{"rendered":"<p>I dag tidleg var eg tr\u00f8ytt og rota meg ikkje opp f\u00f8r klokka var nesten \u00e5tte. Eg tusla ned i frukostrommet p\u00e5 motellet, ogs\u00e5 her var det muleg \u00e5 lage seg vaffelkaker, og med juice og kaffi til, s\u00e5 var eg godt rusta for ein lang dag. Eg starta med nokre nye fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 ringje folk, men det var ingen som svara. Eg veit ikkje kva folk driv med, om det er harvesten som held dei borte fr\u00e5 telefonen, eller om det er noko anna. Eg sette GPS-en p\u00e5 Glenwood sj\u00f8lv om eg visste at dette var eit skot i blinde. Og s\u00e5 sette eg i gang, og det vart time etter time med motorvegar vestover, f\u00f8rst over Mississippi, deretter gjennom St. Paul og Minneapolis, og vidare vestover til Sauk Center, der GPS-en sendte meg s\u00f8rover gjennom endelause landskap med \u00e5ker. I to-tida var eg i Glenwood, men eg inns\u00e5 raskt at det ikkje var nokon grunn til \u00e5 leite p\u00e5 m\u00e5f\u00e5 her \u2013 s\u00e5 langt eg kunne sj\u00e5 var det ingen opplagte plassar det godt vaksne norskamerikanarar kunne finne p\u00e5 \u00e5 samlast. I det heile var det noks\u00e5 stille her. Derfor sette eg kursen vidare s\u00f8rover og vestover, f\u00f8rst gjennom Swift Falls, ei lita husklyngje der det heller ikkje var ei sjel \u00e5 sj\u00e5, og s\u00e5 til Milan. Milan veit eg skal vere norsk, og da eg s\u00e5g \u00abArve hus\u00bb, s\u00e5 gjekk eg inn der. Dette var eit heimesnikra museum, og f\u00f8rst var det ei dame som helsa meg. Ho var veldig \u00abeksaita\u00bb over bes\u00f8k fr\u00e5 Noreg. Og ho kunne fortelje at i helga skulle det vere 80-\u00e5rslag i byen, og da venta dei to tvillingar fr\u00e5 Flom p\u00e5 bes\u00f8k. Verda er sanneleg ikkje stor, for dette er karar som eg har m\u00f8tt fleire gongar tidlegare. Og sidan Milan er eit senter for rosemaling, treskj\u00e6ring og slike ting, er det jo opplagt at desse karane tek turen ned her. S\u00e5 ropte ho p\u00e5 faren, og ein liten snakksalig gubbe kom fram fr\u00e5 eit av bakromma. Dette var alts\u00e5 karen som hadde laga dette museet. Dessverre snakka han berre engelsk, men du store tid som han snakka; det var liksom ikkje m\u00e5te p\u00e5 kva han ville vise meg og fortelje om. Og humor mangla han heller ikkje, det var ikkje m\u00e5te p\u00e5 kva merkelege ting han hadde samla saman og kombinert p\u00e5 sv\u00e6rt originale m\u00e5tar. Da han fekk h\u00f8yre kva eg var ute etter, var han kjapp med \u00e5 kaste seg over telefonen og ringe ein kompis som budde like utafor byen, og dette skulle vere ein kar som kunne norsk.<\/p>\n<p>Og snart kom det ein r\u00f8sleg norskamerikanar inn d\u00f8ra, og han ville gjerne snakke med meg. Vi rigga oss til inne i museet, opptaksutstyr kom p\u00e5 plass, og s\u00e5 starta han. Han hadde folket sitt fr\u00e5 Land, men s\u00e5 hadde han studert norsk i Northfield, og da hadde han ogs\u00e5 forst\u00e5tt at norsken hans ikkje var heilt lytefri. Det hadde han fiksa p\u00e5, slik at han no snakka relativt normert med ei og anna dialektforma i det heile. Uansett, det var triveleg \u00e5 snakke med karen, og han kunne ogs\u00e5 skryte av at han nedstamma i rett line fr\u00e5 ein av Eidsvoll-fedrane. Og han hadde til og med vore invitert til jubileet der i 2014.<\/p>\n<p>Deretter sette eg kursen ned til Madison, og eg hugsa det som ein halvstor sm\u00e5by. Det er det ikkje, det var lite \u00e5 bli imponert over her, ei gate med nokre sm\u00e5butikkar. Men eg fann eit motell her, og her er det nok lite som har endra seg sidan eg turnerte omr\u00e5det i 1987. Absolutt ikkje luksus, akkurat, men det er ei seng, og det har bad, og da f\u00e5r ein vel seie seg n\u00f8gd. Eg fors\u00f8kte p\u00e5 ny \u00e5 kontakte dei kontaktane eg har f\u00e5tt her nede, men igjen utan hell. Eg veit ikkje heilt kva eg skal finne p\u00e5 i morgon, men eg f\u00e5r ringe nokre igjen, og s\u00e5 f\u00e5r eg leite litt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5. Eg snakka med motelleigaren her no i kveld, og da eg spurte om det framleis fanst folk her som snakkar norsk, s\u00e5 sa han at det er \u00ab lots of them\u00bb &#8211; det lovar jo kanskje godt, h\u00e5par eg.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag tidleg var eg tr\u00f8ytt og rota meg ikkje opp f\u00f8r klokka var nesten \u00e5tte. Eg tusla ned i frukostrommet p\u00e5 motellet, ogs\u00e5 her var det muleg \u00e5 lage seg vaffelkaker, og med juice og kaffi til, s\u00e5 var &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/23\/torsdag-22-oktober-2015-eau-claire-wisconsin-milan-madison-minnesota\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-310","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/310","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=310"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/310\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=310"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=310"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=310"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}