{"id":317,"date":"2015-10-25T05:18:15","date_gmt":"2015-10-25T05:18:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=317"},"modified":"2015-10-25T05:18:15","modified_gmt":"2015-10-25T05:18:15","slug":"laurdag-24-oktober-appleton-madison-lac-qui-parle","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/25\/laurdag-24-oktober-appleton-madison-lac-qui-parle\/","title":{"rendered":"Laurdag 24. Oktober: Appleton, Madison, Lac qui Parle"},"content":{"rendered":"<p>I dag tidleg vakna eg ikkje f\u00f8r klokka var nesten halv \u00e5tte, og eg tusla da ned i resepsjonen for \u00e5 f\u00e5 meg frukost. Utvalet her er sv\u00e6rt minimalistisk, kaffi og nokre innt\u00f8rka greier som med litt fantasi kan minne om muffins. Heldigvis har eg mat i \u00abp\u00e5ss\u00e5n\u00bb, og det kjem godt med p\u00e5 slike plassar. Deretter pr\u00f8vde eg p\u00e5 ein ny ringjerunde, men med det same nedsl\u00e5ande resultatet \u2013 kva er det som gjer at folk ikkje tek telefonen: er dei ikkje heime, eller reagerer dei p\u00e5 at eg ringjer fr\u00e5 \u00abukjend nummer\u00bb?<\/p>\n<p>Uansett, eg pakka saman sakene mine og var eigentleg innstilt p\u00e5 \u00e5 setje kursen tilbake til Wisconsin etter eit mislykka feltarbeid her nede. Men for \u00e5 kunne seie at eg i det minste hadde pr\u00f8vd, sette eg kursen tilbake til Madison igjen, no ville eg pr\u00f8ve gammalheimen. Og amerikanske gammalheimar bruker vanlegvis ikkjer \u00e5 funke, s\u00e5 eg var lite optimistisk.<\/p>\n<p>Etter litt leiting fann eg fram, og denne institusjonen s\u00e5g eigentleg ganske grei ut; her i Amerika har eg i alle fall sett mykje som ikkje har halde ein slik standard. Eg gjekk inn og gjekk og vaka litt, og til slutt kom detein sjukepleiar bort til meg og lurde p\u00e5 kven eg ville snakke med. Eg bar da fram \u00e6rendet mitt om at eg gjerne ville snakke med folk som enno kunne snakke norsk. Dette var ei ung jente, og ho visste ikkje heilt kven som var norske, men det var eit par som av og til kunne snakke eit uforst\u00e5ande spr\u00e5k, s\u00e5 ho skulle unders\u00f8ke litt. Etter ei kort tid kom ho tilbake og kunne fortelje at ja, dei trudde det var ei dame som budde i ei leiligheit her som kanskje kunne norsk. Om eg kom tilbake etter lunsj, s\u00e5 skulle dei finne ut av det. Litt sm\u00e5optimistisk trass alt sette eg kursen ned til kafeen igjen for \u00e5 f\u00e5 men lunsj, og klokka eitt troppa eg opp, og da venta det ei dame p\u00e5 94 \u00e5r. Ho ville gjerne snakke med meg, men ho ville helst ikkje gjerast opptak av. Etter litt akkedering vart vi samde om at vi kunne gjere lydopptak, video fekk vere; og om ho angra seg, kunne vi slette opptaket. Og dama snakka og fortalde om b\u00e5de det eine og det andre, men ho var heile tide oppteken av om eg fekk den informasjonen som eg var ute etter. Eg kunne ikkje rett ut seie at eg var meir oppteken av korleis ho snakka enn kva ho snakka om, men for meg var dette ei triveleg stund. Eg fortalde om dei eg hadde m\u00f8tt her for 28 \u00e5r sidan, og ho nikka og kjende igjen alle desse, og ho fortalde ogs\u00e5 litt om at dette ein gong var eit settlement dominert av haugeanarar. Og best av alt, ho ga meg nye namn, s\u00e5 da vi var ferdige, k\u00f8yrde eg ned til kafeen igjen, og fr\u00e5 bilen kopla eg meg opp p\u00e5 internett, googla namnet eg hadde f\u00e5tt, og ringde s\u00e5 via Skype. Og jada, her fekk eg napp. Eg snakka f\u00f8rst nokre ord med kona f\u00f8r eg vart sett over til den norskspr\u00e5klege mannen, men han forsto meg ikkje, s\u00e5 kona tok over igjen. Eg kunne kome litt seinare, dei var p\u00e5 tur bort no for \u00e5 feire 80-\u00e5rsdag til ein nabo, men det ville ikkje ta meir enn ein times tid. Det passa meg bra, eg endra planen igjen og fann ut at eg burde bli her ei natt til. S\u00e5 medan desse var i kaffiselskap, reiste eg tilbake til Appleton og sjekka inn p\u00e5 nytt p\u00e5 motellet. Ved hjelp av GPS-en fann eg lett farmen, og to minutt etter at eg kom fram, kom ogs\u00e5 vertsskapet. Mannen k\u00f8yrde, han vinka til meg og hoppa ledig ut av bilen. \u00ab\u00c5 e ber p\u00e5 norsk einn p\u00e5 \u00e6ngelsk\u00bb, sa han p\u00e5 klingande stj\u00f8rdalsm\u00e5l. Dette burde vere eit kupp, tenkte eg. Vi gjekk inn og sessa oss rundt bordet medan vi snakka litt, kona skulle snart bort igjen, men ho ringde etter ein annan norskspr\u00e5kleg, ein telemarking for \u00e5 f\u00e5 han til \u00e5 kome dit \u2013 i tillegg sa ho at det ville kome ein annan innom om ei stund. Og mannen var riktig i godlune og snakka norsk berre s\u00e5 det song etter. Men s\u00e5 sende ho meg ein lapp: \u00abHe\u2019s got alsheimer\u00bb, stod det. \u00abDid you understand what I wrote\u00bb sa ho. Joda, eg gjorde det, Og hadde ho ikkje fortalt meg det, s\u00e5 hadde eg nok ikkje forst\u00e5tt det, for mannen k\u00f8yrde bil, han snakka laust og ledig, og han gjentok seg heller ikkje meir enn kva eg kan finne p\u00e5 n\u00e5r eg har intervju etter intervju. Snart kom telemarkingen, og da vart det meir prat p\u00e5 norsk, under sterk tvil spurde eg om det var greitt at eg gjorde lydopptak. \u00abSure, no problem\u00bb, sa begge. Eg var i tvil, og er framleis i tvil om det forskingsetiske i dette (vel, eigentleg er eg ikkje s\u00e5 veldig mykje i tvil), s\u00e5 opptaka blir nok ikkje brukt til forsking. Eg f\u00e5r vurdere det litt n\u00e6rare og kanskje ogs\u00e5 snakke med kona f\u00f8r eg slettar det. Uansett, begge var snakkesalige, og telemarkingen snakka uvanleg h\u00f8gt. Og snart kom naboen, som eg no forstod var der for \u00e5 passe litt p\u00e5. Han kom litt til og fr\u00e5, og n\u00e5r han var ute, hoppa karane over til norsk. Og som sagt, bortsett fr\u00e5 at verten stadig vekk spurde om vi ville ha kaffi, var det lite som tydde p\u00e5 at sjukdommen hadde ramma han veldig hardt enno. Han fortalde at han for ei stund sidan hadde feira 80 \u00e5r, og vilk\u00e5ret for \u00e5 bli invitert, var at gjestane snakka norsk, og da serverte han klubb, blodp\u00f8lse og r\u00f8mmegraut. Og p\u00e5 fotoet fr\u00e5 selskapet var det ogs\u00e5 ein kar som eg snakka med for 28 \u00e5r sidan, eg skal pr\u00f8ve han i morgon.<\/p>\n<p>Etter eit nytt triveleg &#8211; men ogs\u00e5 tankevekkande &#8211; m\u00f8te med det norske Amerika, sette eg kursen tilbake til byen. Eg hadde eigentleg tenkt \u00e5 klare meg med \u00abp\u00e5ss\u00e5-mat\u00bb, men s\u00e5 oppdaga eg at p\u00e5ss\u00e5n var tom. Eg sette da kursen til matbutikken, men i motsetnad til \u00ablikk\u00f8rst\u00e5ret\u00bb, var \u00abgr\u00e5sserist\u00e5ret\u00bb stengd p\u00e5 ein laurdagskveld. Det er\u00a0 s\u00e5 m\u00e5te interessant \u00e5 sj\u00e5 kva haugeanarane her prioriterer av br\u00f8d og vin.\u00a0Eg k\u00f8yrda da ned til bensinstasjonen og fekk med meg ein liten pizza heim. Helsekost, med andre ord. Og no sit eg her p\u00e5 motellet og tek livet litt med ro. Her er det roleg, det er mange jegerar her, dei har med b\u00e5t, s\u00e5 det er nok andejakt dei driv med. Og no i kveld snakka eg med ein av gjestene her, og eg fekk da ogs\u00e5 bekrefta at dei i motsetnad til i gamlelandet ikkje stiller klokka her i natt.<\/p>\n<p>Akkurat no banka det faktisk p\u00e5 d\u00f8ra mi, og ein r\u00f8sleg kar i feltuniform og med ein bjeffande hund stod p\u00e5 d\u00f8ra mi og gliste, det var klokkemannen som eg hadde snakka med for litt sidan. Han lurte p\u00e5 kva eg gjorde her. Eg fortalde det, og da fekk eg ei lang historie om bakgrunnen hans som norsk-svensk-amerikanar og om bestemors julemat med torsk og lefse. Amerika og amerikanarar er sett fr\u00e5 eit norsk perspektiv merkelege, men dei er ogs\u00e5 sv\u00e6rt hyggelege \u2013 hadde nokon banka p\u00e5 hotelld\u00f8ra til vilt framande i Noreg for \u00e5 fortelje om bestemors julemiddag, hadde dei nok vorte sendt til utreiing. Men her er alt tydelegvis normalt.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rieviddene\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag tidleg vakna eg ikkje f\u00f8r klokka var nesten halv \u00e5tte, og eg tusla da ned i resepsjonen for \u00e5 f\u00e5 meg frukost. Utvalet her er sv\u00e6rt minimalistisk, kaffi og nokre innt\u00f8rka greier som med litt fantasi kan minne &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/25\/laurdag-24-oktober-appleton-madison-lac-qui-parle\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-317","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/317","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=317"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/317\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=317"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=317"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=317"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}