{"id":319,"date":"2015-10-28T05:32:06","date_gmt":"2015-10-28T05:32:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=319"},"modified":"2015-10-28T05:32:06","modified_gmt":"2015-10-28T05:32:06","slug":"sondag-25-oktober-2015-appleton-mn-westby-wi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/sondag-25-oktober-2015-appleton-mn-westby-wi\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 25. oktober 2015: Appleton, MN; Westby, WI"},"content":{"rendered":"<p>I dag vakna eg veldig seint \u2013 klokka var godt over \u00e5tte da eg rota meg ut av senga og tusla ned i resepsjonen for \u00e5 f\u00e5 noko \u00e5 ete \u2013 sikringskosten her var kaffi og muffins, og etter ein muffins og to koppar kaffi kunne eg starte dagen. S\u00f8ndagar er aldri gode dagar for feltarbeid p\u00e5 pr\u00e6rien, for da er sj\u00f8lvsagt norskamerikanarane i kyrkja, og for ein utanforst\u00e5ande er det ur\u00e5d \u00e5 vite n\u00e5r det er kyrkjetid, nokre startar ni og er ferdig ein dryg time seinare, ander starta klokka elleve eller tolv og held det g\u00e5ande til eit godt stykke utp\u00e5 ettermiddagen. Uansett, det var denne Jimmi Boraas som eg gjerne ville snakke med igjen, eg gjorde opptak av han p\u00e5 80-talet, og derfor ville det vere sv\u00e6rt interessant \u00e5 sj\u00e5 korleis han snakkar no. Eg har forskt \u00e5 ringa han fleire dagar, og eg pr\u00f8vde ogs\u00e5 i dag, men no er eg noks\u00e5 sikker p\u00e5 at folk her ser kven som ringjer, og dersom det ikkje er eit kjend nummer, s\u00e5 orkar dei rett og slett ikkje \u00e5 svare \u2013 p\u00e5gangen fr\u00e5 s\u00e5kalla telemarketing, reklame og anna mas er s\u00e5 stor at dei ikkje bryr seg om \u00e5 lyfte av r\u00f8yret. Dessutan var som sagt sjansen noks\u00e5 stor for at dei var i kyrkja, s\u00e5 til sist ga eg opp og gjorde det eg syntest var mest fornuftig \u2013 setje kursen mot Westby \u2013 det var trass alt over 500 km dit, s\u00e5 fekk vanslege norskamerikanarar vere vanskelege norskamerikanarar: Dersom det no er slik at dei berre tek telefonen n\u00e5r det er kjenningar som ringjer, s\u00e5 betyr det alts\u00e5 at ein som feltarbeidar er heilt avhengig av kontaktar for \u00e5 kunne drive dettte arbeidet. Hmmm \u2026.<\/p>\n<p>Dermed kom eg til at det mest fornuftige ville vere \u00e5 returnere til Westby igjen no \u2013 da ville eg vere framme f\u00f8r det var m\u00f8rkt. Og som vanleg blir eg overraska over kor stort dette landet er: p\u00e5 eit kart ser det ikkje avstanden fr\u00e5 Appleton til Westby ut til \u00e5 vere s\u00e5 veldig stor, men berre vent til ein tek til med \u00e5 k\u00f8yre \u2013 du store tid det er langt. GPS-en sette saman reiseruta mi, og her gjekk det stort sett i bakvegar, eg passerte Milan, og eg s\u00e5g ogs\u00e5 rasteplassen som er laga der: i gamle dagar var utedassen her rosem\u00e5la \u2013 i dag har han f\u00e5tt ein meir kledeleg gr\u00e5farge. Eg stoppa litt ved ein kyrkjegard rundt Ecco, namna eg s\u00e5g fr\u00e5 bilen s\u00e5g norske ut, men da eg s\u00e5g n\u00e6rare p\u00e5 dette, var det restar etter ein gammal danskamerikansk kyrkjegard. S\u00e5 meg fortsette, og om ikkje anna s\u00e5 opnar slike turar for \u00e5 lytte seg gjennom heile Beatles-katalogen p\u00e5 ny, og med gamle, trauste slottar av denne Liverpool-gjengen p\u00e5 full guffe i kupeen, s\u00e5 g\u00e5r tida litt fortare. I gamle dagar ville eg hatt eit Minnesota-kart p\u00e5 fanget \u2013 i dag g\u00e5r alt etter GPS-en. Likevel veit eg ikkje heilt om eg likar dette s\u00e5 veldig \u2013 om GPS-en skulle bryte saman, s\u00e5 vil eg ikkje ha peiling p\u00e5 kor eg er og kor eg skal. S\u00e5 lenge det fungerer, s\u00e5 er det veldig bra &#8211; og s\u00e5 langt har det g\u00e5tt bra.<\/p>\n<p>I sekstida kryssa eg Mississippi og kom til La Crosse, og her sette eg kursen til Universitetet og ogs\u00e5 Madison Street for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 gamle tomter: Sidan \u00abp\u00e5ss\u00e5n\u00bb min er tom, var eg ogs\u00e5 innom gamle Quillins (som no heiter Family) og kj\u00f8pte br\u00f8d og salami, dessutan raska eg med meg eit par flasker linjeakkevitt fr\u00e5 \u00abFamily liquor store\u00bb (smak p\u00e5 den) som eg har tenkt \u00e5 gje dei to kontaktfamiliane mine her i byen: Leum og Iverson.<\/p>\n<p>Eg sjekka inn her p\u00e5 motellet i sjutida, og deretter var eg ein tur nedom restauranten her og fekk Canadian Walleye \u2013 etter nesten to veker i eit land der feittet stort sett dryp av alt ein puttar i munnen, er det frykteleg godt \u00e5 f\u00e5 noko som ham bittelitt mindre feitt i seg (joda, det er kanskje ikkje s\u00e5 veldig mykje mindre, men det f\u00e5r s\u00e5 vere \u2013 s\u00e5 lenge ikkje feittet dryp ned fr\u00e5 kjakene mine, s\u00e5 er det jo nesten som helsekost \u00e5 rekne.)<\/p>\n<p>Resten av kvelden gjekk med til ingenting s\u00e6rleg viktig \u2013 og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien ..<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vakna eg veldig seint \u2013 klokka var godt over \u00e5tte da eg rota meg ut av senga og tusla ned i resepsjonen for \u00e5 f\u00e5 noko \u00e5 ete \u2013 sikringskosten her var kaffi og muffins, og etter ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/sondag-25-oktober-2015-appleton-mn-westby-wi\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-319","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/319","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=319"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/319\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=319"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=319"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=319"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}