{"id":32,"date":"2010-09-22T02:15:21","date_gmt":"2010-09-22T02:15:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=32"},"modified":"2010-09-22T02:15:21","modified_gmt":"2010-09-22T02:15:21","slug":"tysdag-21-september-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/22\/tysdag-21-september-westby\/","title":{"rendered":"Tysdag 21. september: Westby"},"content":{"rendered":"<p>Eg er tidleg tilbake p\u00e5 motellet i dag, faktisk f\u00f8r klokka seks. Og eg har hatt ein interessant dag med m\u00f8te med nye folk her i Westby. I dag tidleg s\u00e5g det ikkje s\u00e5 veldig lovande ut, eg vakna av nokre heftige toreskrellar, og regnet p\u00f8sa ned. Og sidan eg no reiste til Amerika utan \u00e5 ha med meg regnklede, s\u00e5g eg for meg at det ville bli ein litt ufyseleg i ei s\u00f8kkv\u00e5t t-skjorte. Heldigvis kl\u00e5rna det opp, og i ni-tida v\u00e5ga eg meg ut i bilen. Igjen m\u00e5tte eg ty til hjelp fr\u00e5 \u201dThe Iversons\u201d. Dette er ekte \u201dnorskear\u201d, men dei snakkar ikkje norsk, sj\u00f8lv om dei nok forst\u00e5r mykje. Og som vanleg kasta dei seg rundt og hosta opp nye informantar til meg. F\u00f8rste sette vi kursen til s\u00f8rbyen, der er det eit \u201dapartment-hus\u201d der det bur fleire norskspr\u00e5klege. M\u00e5let v\u00e5rt var \u00e5 snakke med Sam, han hadde farma p\u00e5 grensa ute mot L\u00f8v\u00e5s-ryggen, og han hadde nettopp flytta inn. Derfor visste han heller ikkje av andre norskspr\u00e5klege som budde der. Sam tok meg seg Mr Anderson, og vi sette oss inne p\u00e5 eit av fellesromma.  Mr Anderson tok litt rolla som Tause Birgitte, han var mest oppteken av fisking og kunsten \u00e5 kome seg opp f\u00f8r fire om morgonen for \u00e5 sikre seg den beste fiskeplassen i Coon Creek (eller Kon-krikken, som det heiter i desse delane av verda). \u00c5 snakke norsk, brydde han seg mindre om. Men Sam vart fort varm i tr\u00f8ya, og samtalen glei lett oss imellom heilt til Irma dukka opp med g\u00e5stol og i morgonk\u00e5pe og crocs, og da tok ho raskt kommandoen. Ogs\u00e5 ho var ei gudeg\u00e5ve for ein feltarbeidar, her gjekk det p\u00e5 b\u00e5de innpust og utpust. Sam fekk smetta inn eitt og anna ordet, men elles var det Irma som sette standarden. Det kom ogs\u00e5 fram at eg faktisk har m\u00f8tt Irma tidlegare: I 1997 vart eg tilsett ved H\u00f8gskolen i \u00d8stfold, og det tok nokre m\u00e5nader f\u00f8r heile familien flytta ned, derfor vart det nokre turar opp til Tr\u00f8ndelag. Og p\u00e5 ein av desse turane var eg innom Glomstad i Gudbrandsdalen for \u00e5 f\u00e5 meg litt mat. Eg var \u00e5leine i matsalen der, men p\u00e5 tur ut til bilen m\u00f8tte eg eit busslass med turistar. Dei fleste snakka engelsk, men s\u00e5 var det ogs\u00e5 to med eit spr\u00e5k som avsl\u00f8rte ein norsk-amerikansk bakgrunn, dei hoppa elegant mellom norsk og engelsk n\u00e5r dei snakka, og det var heilt klart noko kjent med m\u00e5ten dei brukte spr\u00e5ka p\u00e5. Eg kom i snakk med dei, og etter kvart kom det fram at desse var fr\u00e5 Westby, og den eine av deie var faktisk Irma. S\u00e5 verda er neppe s\u00e5 stor som nokre vil ha det til.<br \/>\nEtter at vi var ferdige med opptaka, vart eg invitert med p\u00e5 rominspeksjon. Denne bu-komplekset er laga for pensjonistar, men eg synest det ser bra ut. Her har dei kvar sin bustad med stove, kj\u00f8kken, soverom og bad. I tillegg er det ulike fellesrom og ein \u201dk\u00e6rteikar\u201d som har litt tilsyn. Irma si leilegheit var stappfull av krimskrams; ho hadde katt, men katta forsvann nesten mellom alle desse tinga. P\u00e5 veggen hang det kruthorn til \u201db\u00f8rsestoff\u201d, gamle b\u00f8rser, og fiskefluer, i taket hadde ho fiskestenger. Bakgrunnen for mange av desse tinga er sv\u00e6rt tragisk, ho mista sonen sin i kreft for eit par \u00e5r sidan, og mange av desse gjenstandane hadde tilh\u00f8yrd han. Det mest morbide i denne samlinga var eit lite skrin med oska etter sonen. Det var sv\u00e6rt s\u00e5rt \u00e5 sj\u00e5 innom, og det mest overraskande var eigentleg det gode hum\u00f8ret hennar, ho skravla, smilte og lo nesten heile tida, og eg trur ho sette stor pris p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 snakke s\u00e5 mykje norsk igjen. Denne dama var verkeleg ein herleg framtoning, men det krev nok sikkert ogs\u00e5 eit godt hum\u00f8r for \u00e5 klare seg gjennom ei slik tung tid. Deretter gjekk vegen innom leilegheita til broren hennar, fiskaren. Han hadde ogs\u00e5 stor sans for nips, men med ein litt annan stil enn s\u00f8stera; her var det utstoppa fisk som dominerte. Om ein ikkje visste betre, kunne ein nesten tru at dette var fiskedisken til Meny p\u00e5 Tista-senteret, og ikkje ein heim her i Midtvesten. For her hang det store ruggar vegg opp og vegg ned, alle p\u00e5 eikeplakett med inskripsjon med dato og stad under. Og gubben s\u00e5g ikkje bort fr\u00e5 at det med tida kunne kome fleire fiskar opp p\u00e5 veggen, om no V\u00e5rherre ville det slik.<br \/>\nEtter dette m\u00f8tet sette eg kursen tilbake til sentrum igjen. F\u00f8rst var eg innom Degernes Scandinavian gift shop, ei fascinerande samling av norsk \u201djunk\u201d. Deretter kryssa eg gata og fann meg ein plass p\u00e5 Borgens. Der fekk eg kj\u00f8ttkaker med kaffi til, eg kjem kanskje til \u00e5 sakne kaffikoppen til maten n\u00e5r eg er tilbake i Gamlelandet, eller kanskje ikkje \u2026.<br \/>\nDeretter var eg ein snartur innom motellet for \u00e5 \u201dskype\u201d litt med dei som ventar heime. Og medan eg var der, ringte Iverson igjen, han lurte litt p\u00e5 korleis det gjekk med meg. Eg kunne berre seie som sant var eg hadde hatt ein fin dag. I to-tida k\u00f8yrde eg ned dit, og da inviterte dei nabokona, ho kunne ogs\u00e5 litt norsk. Men det var umuleg \u00e5 f\u00e5 henne til \u00e5 snakke norsk, lydopptakaren min skremde nok aldri s\u00e5 lite. Men ho var veldig triveleg, vi sat rundt kj\u00f8kenbordet og drakk kaffi og sm\u00e5snakka noks\u00e5 lenge. Ho kunne fortelje at ho ei tid hadde arbeidd p\u00e5 gammalheimen Norseland, og der var det sv\u00e6rt nyttig \u00e5 forst\u00e5 norsk. Fleire av gamlingane snakka mest norsk, og det slo seg lett vrange dersom dei ikkje vart forst\u00e5tt. Deretter kom Mrs Haakenson innom, ei dame p\u00e5 79, og ho kunne snakke norsk. Ho er kanskje typisk for den siste generasjonen med norskspr\u00e5klege her. Ho l\u00e6rde eigentleg ikkje norsk heime, ho p\u00e5sto at ho hadde studert litt p\u00e5 eiga hand, men eg har litt vondt for \u00e5 tru henne, det er neppe s\u00e5 veldig mange l\u00e6reb\u00f8ker som fokuserer p\u00e5 d\u00f8lam\u00e5l. Denne enka var ogs\u00e5 veldig lettliva, og trass i at ho var godt vaksen, arbeidde ho framleis deltid i gravferdsbyr\u00e5et Vossateig. Og samtalen v\u00e5r kretsa derfor i stor grad rundt gravferdsskikkar og andre slike oppl\u00f8ftande ting. Men vi hadde det retteleg triveleg, \u201dThe Iversons\u201d serverte kaffi medan vi sat rundt kj\u00f8kkenbordet og snakka. I halv seks-tida var eg tilbake p\u00e5 motellet, eg gjekk da bortom \u201dgrosseri-storet\u201d til Hanson og kj\u00f8pte meg litt t\u00f8rrmat, og no i kveld har eg kosa meg med rundstykke med salami, eit akseptabelt alternativ til pizza og burger. Og her har vi det retteleg triveleg, b\u00e5de ho Lena (husflua) og eg. Det einaste eg lurer litt p\u00e5, er om Lena kjem til \u00e5 overleve dette sv\u00e6rt s\u00e5 platonske sambuarskapet, tida vil vise \u2026<\/p>\n<p>I morgon ventar noko som ser ut til \u00e5 bli ein hektisk dag. Klokka ni skal eg p\u00e5 \u201dkvinneforening\u201d heime hos Mrs Olson, deretter vil turen g\u00e5 ned i Springdalen for \u00e5 snakke med Larry. Og det eg trur kan bli h\u00f8gdepunktet, er eit m\u00f8te med Mr Hanson, ein \u201dungfole\u201d p\u00e5 rundt femti \u00e5r. Ut fr\u00e5 det dei seier, vaks han opp med norsk heime, og han skal derfor vere god p\u00e5 norsken.  <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i Midtvesten  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg er tidleg tilbake p\u00e5 motellet i dag, faktisk f\u00f8r klokka seks. Og eg har hatt ein interessant dag med m\u00f8te med nye folk her i Westby. I dag tidleg s\u00e5g det ikkje s\u00e5 veldig lovande ut, eg vakna av &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/22\/tysdag-21-september-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-32","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/32","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=32"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/32\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=32"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=32"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=32"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}