{"id":323,"date":"2015-10-28T05:32:42","date_gmt":"2015-10-28T05:32:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=323"},"modified":"2015-10-28T05:32:42","modified_gmt":"2015-10-28T05:32:42","slug":"mandag-26-oktober-2016-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/mandag-26-oktober-2016-westby\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 26. oktober 2015: Westby"},"content":{"rendered":"<p>Da tek faktisk dette opphaldet til \u00e5 g\u00e5 mot slutten, og eg skal heller ikkje nekte for sat eg er bittelitt sliten etter to veker p\u00e5 \u00abr\u00e5den\u00bb her borte. I dag vakna eg seint, litt f\u00f8r \u00e5tte, eg hadde ein veldig enkel frukost f\u00f8r eg sette kursen ned til Springdalen \u2013 eg hadde h\u00e5p om at Larry hadde program for meg, men Larry var ikkje heime. Derfor sette eg igjen kursen mot Westby og s\u00e5g innom Iversons, dei er alltid veldig hjelpsame og kjenner folket her, og n\u00e5r Sandra er president i Sons of Norway her i byen, b\u00f8r ein jo kjenne mange norskingar. Don tok eit par telefonar og vips, s\u00e5 hadde eg to avtalar i dag: Sam og Harold. Sam skulle eg m\u00f8te p\u00e5 Borgens cafe klokka 13, og da eg kom der, sat det alt ein traust farmar og venta p\u00e5 meg. Eg snakka med servit\u00f8ren, og ho sendte oss inn p\u00e5 bakrommet, der var det stillare. Vi sessa oss der, og Sam snakka: det var liksom ikkje m\u00e5te p\u00e5, og eg forsto at han kanskje ikkje h\u00f8yrde s\u00e5 veldig godt: Han svara absolutt aldri p\u00e5 det eg spurde om \u2013 det var som \u00abgoddag mann, \u00f8kseskaft\u00bb, men kvart sp\u00f8rsm\u00e5l fekk han til \u00e5 starte opp igjen med lange utgreiingar om eitt eller anna, s\u00e5 det var mykje spr\u00e5kdata \u00e5 f\u00e5 ut av denne karen. Moro! Og medan vi vart traktert med kaffi og eplepai, gjekk praten lett. Sam er verkeleg ein fantastisk mann! Deretter sette eg kursen aust for bryen, der enkemannen Harold venta. Og denne karen var litt meir stille av seg, men \u00abyou bet\u00bb, ogs\u00e5 han kunne snakke norsk. Og sj\u00f8lv om han nok var litt meir f\u00e5m\u00e6lt av natur, s\u00e5 snakka han lenge og vel. Igjen s\u00e5 sl\u00e6r det meg kor heldig eg er som f\u00e5r lov til \u00e5 drive med dette, reise rundt, drikke kaffi og ogs\u00e5 prate morsm\u00e5let mitt. S\u00e5 til dei som lurer \u2013 det er slike ting skattepengane til \u00abfolk flest\u00bb g\u00e5r til, kaffidrikking og sm\u00e5prat: S\u00e5 veit de det!<\/p>\n<p>Etter dette bes\u00f8ket sette eg kursen tilbake til motellet igjen for p\u00e5 ny \u00e5 f\u00e5 kontakt med Bonnie, ei dame i femti-\u00e5ra, men heller ikkje no tok ho telefonen. Kva er det eigentleg med amerikanarar og telefon \u2013 kvifor vil dei ikkje snakke med folk som ringjer fr\u00e5 ukjende nummer. Dette er verkeleg ei ny utfordring for pr\u00e6rielingvistar.<br \/>\nTil slutt ga eg opp og inns\u00e5g at eg kanskje burde f\u00e5 meg litt mat, s\u00e5 eg k\u00f8yrde derfor opp i Nordbyen, itl Central Express og kj\u00f8pte meg eit m\u00e5l mat. Kj\u00f8pte ja, det var eigentleg det som var problemet, for da eg skulle betale, oppdaga eg at lommeboka mi l\u00e5g att p\u00e5 motellet. Eg snakka med serveringsjenta, ga henne klokka mi i pant, og k\u00f8yrde deretter ned og henta pengane. Alt l\u00f8yste seg heilt utan problem, men eg m\u00e5 innr\u00f8mma at det ikkje var \u00e5 veldig moro \u00e5 oppdage at eg ikkje kunne gjere opp for meg med ein gong.<\/p>\n<p>Tilbake p\u00e5 motellet pr\u00f8vde eg igjen \u00e5 f\u00e5 kontakt med Bonnie, men igjen utan hell. Det ser nok ut til at det ikkje blir noko nytt intervju med henne denne gongen.<\/p>\n<p>Resten av kvelden sat eg p\u00e5 motellrommet og tok livet noks\u00e5 med ro.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r no dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da tek faktisk dette opphaldet til \u00e5 g\u00e5 mot slutten, og eg skal heller ikkje nekte for sat eg er bittelitt sliten etter to veker p\u00e5 \u00abr\u00e5den\u00bb her borte. I dag vakna eg seint, litt f\u00f8r \u00e5tte, eg hadde ein &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/mandag-26-oktober-2016-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-323","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/323","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=323"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/323\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=323"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=323"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=323"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}