{"id":325,"date":"2015-10-28T05:33:04","date_gmt":"2015-10-28T05:33:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=325"},"modified":"2015-10-28T05:33:04","modified_gmt":"2015-10-28T05:33:04","slug":"tysdag-27-oktober-2015-springdalen-sorryggen-coon-valley-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/tysdag-27-oktober-2015-springdalen-sorryggen-coon-valley-westby\/","title":{"rendered":"Tysdag 27. oktober 2015: Springdalen, S\u00f8rryggen, Coon Valley, Westby."},"content":{"rendered":"<p>I dag hadde eg avtale med Larry klokka \u00abhalv over \u00f8ll\u00f8v\u00bb, og igjen var det ein roleg start p\u00e5 dagen med p\u00e5ss\u00e5-frukost i \u00e5tte-tida. Deretter tenkte eg meg ein tur opp til Florence p\u00e5 \u00abheimen\u00bb, men \u00abkjerring og d\u00f8tt\u00bb (som det kan heite her) har vore ei veke i Spania, eg har ikkje hatt kontakt med dei p\u00e5 nesten ei veke, derfor vart f\u00f8remiddagen brukt til skyping og anna sm\u00e5ting, s\u00e5 til slutt s\u00e5 vart det litt seint \u00e5 sj\u00e5 innom gammalheimen. Litt over elleve sette eg meg i bilen og k\u00f8yrde ned til Larry og Garry i Spirngdalen, og der venta det \u00abh\u00f8n-supe med d\u00f8mplings\u00bb, som Larry kallar det. Og suppa var veldig god, og det var triveleg rundt matbordet deira. Etter mat og eit par koppar kaffi reiste vi opp p\u00e5 S\u00f8rryggen til Verlin. Og Verlin vil sv\u00e6rt gjerne snakke norsk. Kona hans er tysk, men det betyr ikkje s\u00e5 mykje n\u00e5r Larry og Verlin m\u00f8test, da blir det snakka norsk! Og det er ogs\u00e5 tydeleg at den tyske kona har levd s\u00e5 lenge saman med norskspr\u00e5klege at ho forst\u00e5r mykje av det dei snakkar om \u2013 derfor kunne ho ogs\u00e5 slenge inn ein og annan kommentaren i samtalen. S\u00e5 fekk vi kaffi og kaker, vi takka for oss og reiste ned til tanta til Larry. Og denne dama likna br\u00f8rne sine slik eg hugsar dei. Men \u00e5 f\u00e5 henne til \u00e5 snakke litt norsk var ikkje enkelt \u2013 ho hadde budd mange \u00e5r i Singapore og skulda p\u00e5 det. Men dama var triveleg, pumkin-paien god, og i det heile var det ein fin liten time vi hadde her nede i byen. S\u00e5 k\u00f8yrde eg Larry heim og hjalp han med \u00e5 tyde eit gammalt norsk brev som han hadde f\u00f8r eg reiste tilbake til motellet igjen. Og her tok eg det litt med ro f\u00f8r eg gjorde meg i stand og reiste ned til biblioteket: i kveld vare det m\u00f8te i Sons of Norway i kjellaren der, og her var det fleire kjenningar, og mange som framleis kunne snakke norsk. Dette er p\u00e5 mange m\u00e5tar ein litt merkeleg organisasjon der sakslista kan bli litt langdryg n\u00e5r ein m\u00e5 gjere greie for reknskap og budsjettplanar. Men slik m\u00e5 det vel vere. Som gjest vart eg kalla fram for \u00e5 seie litt om kvifor eg var der, og det var jo ikkje s\u00e5 veldig vanskeleg.<\/p>\n<p>Hovudattraksjonen var ei jente i konfirmasjonsalderen som hadde vore p\u00e5 sommarskole i R\u00e5de i \u00d8stfold. Ein ting var at det i det heile finst ein slik skole driven av Nordmannsforbundet, det visste eg ikkje. At det fanst ein slik skole i \u00d8stfold, var ogs\u00e5 nytt for meg. Og det mest imponerande var at dette var ei tredjegenerasjonsjente som l\u00e6rde \u00e5 snakke norsk heime. Mora var f\u00f8dd i Amerika, men ho snakka klingande Bod\u00f8-dialekt, og det same gjorde ogs\u00e5 dottera. S\u00e5 neste gong vi\/eg er her nede, m\u00e5 spr\u00e5ket til desse to dokumenterast. Utan tvil!<\/p>\n<p>Etter at kaffien og kokkisane var etne, reiste folk heim, eg tok avskil med Larry og Garry, Sam, Archie, Myron og mange av dei andre staute folka her, og s\u00e5 reiste eg opp til motellet igjen der eg no sit. I morgon tidleg skal eg sjekke ut fr\u00e5 dette motellet, og deretter f\u00e5r vi sj\u00e5 kva det blir til. Eg har god lyst til \u00e5 snakke litt meir med Erma, og eg m\u00e5 ta avskil igjen med Florence. Dessutan vil eg innom Iversons og takke for denne gongen. Litt utp\u00e5 dagen sett eg kursen opp til Goodhue, og da g\u00e5r deenne innsamlingsturen mot slutten. Eg har bestilt rom inne i Minneapolis fr\u00e5 onsdag til fredag, og torsdagen blir rett og slett ein fridag da eg skal vere litt turist og sj\u00e5 meg litt rundt.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag hadde eg avtale med Larry klokka \u00abhalv over \u00f8ll\u00f8v\u00bb, og igjen var det ein roleg start p\u00e5 dagen med p\u00e5ss\u00e5-frukost i \u00e5tte-tida. Deretter tenkte eg meg ein tur opp til Florence p\u00e5 \u00abheimen\u00bb, men \u00abkjerring og d\u00f8tt\u00bb (som &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/28\/tysdag-27-oktober-2015-springdalen-sorryggen-coon-valley-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-325","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/325","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=325"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/325\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=325"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=325"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=325"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}