{"id":327,"date":"2015-10-29T05:44:42","date_gmt":"2015-10-29T05:44:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=327"},"modified":"2015-10-29T05:44:42","modified_gmt":"2015-10-29T05:44:42","slug":"onsdag-28-oktober-2015-westby-la-crosse-zumbrota-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/29\/onsdag-28-oktober-2015-westby-la-crosse-zumbrota-minneapolis\/","title":{"rendered":"Onsdag 28. oktober 2015: Westby, La Crosse, Zumbrota, Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 har alts\u00e5 den siste dagen med feltarbeid her borte kome. Eg har hatt ei veldig fin tid, sj\u00f8lv om ikkje alt har vore heilt optimalt: no I ettertid forst\u00e5r eg at eg nok burde ha gjort litt meir grunnarbeid f\u00f8r eg reiste til Madison og Appleton, Minnesota, for det er nok ikkje tvil om at der finst det framleis fleire som kan snakke godt tr\u00f8ndsk. Men det f\u00e5r vere til neste gong. Og i g\u00e5r kveld p\u00e5 Sons of Norway-m\u00f8tet fekk eg ogs\u00e5 fleire namn som det er muleg \u00e5 kontakte om det skulle bli ein tur seinare \u2013 eg skulle gjerne ha hatt dei tidlegare, men det er heller ikkje noko \u00e5 gjere med \u2013 slik er det berre.<\/p>\n<p>Dagen i dag starta i halv \u00e5tte-tida: eg har tydelegvis klart \u00e5 stille om den biologiske klokka mi noks\u00e5 bra, er framleis litt kveldstr\u00f8yt, men ogs\u00e5 morgonstr\u00f8ytt. Eg raska saman tinga mine, sjekka ut og sette s\u00e5 kursen ned til Iversons, der eg var i \u00e5tte-tida. Og dei ville vere med meg ned til Borgens. Mr Iversons hadde alt vore der ein tur: han er med i ei gruppe som m\u00f8test her tidleg onsdagsmorgonar, men likevel var han klar for ein ny tur ned dit. Eg fekk meg ein solid frukost med egg og bacon. Dei heldt meg ogs\u00e5 med lag, og medan vi sat der, stakk fleire av SoN-gjengen fr\u00e5 i g\u00e5r kveld innom. Som vanleg hadde vi ei veldig triveleg stund der vi snakka om laust og fast, men Iversons er travle pensjonistar, s\u00e5 dei kunne ikkje kaste bort heile formiddagen p\u00e5 Borgens. Vi tok avskil, og som vanleg er vi usikre p\u00e5 n\u00e5r &#8211; og kor vi vil m\u00f8tast neste gong. Dei gjekk til sitt, medan eg sette kursen til Norseland for \u00e5 bes\u00f8ke Florence igjen. Ho sat i samlingsrommet da eg kom, og ho vart sv\u00e6rt glad for \u00e5 f\u00e5 nokon \u00e5 kunne snakke norsk med igjen. Ho introduserte meg som \u00abfriend from Norway\u00bb for den eine etter den andre, men for \u00e5 kunne vere med i den indre sirkelen, m\u00e5tte folk snakke norsk. Det kom ei dame i rullestol og pr\u00f8vde \u00e5 blande seg litt inn, men sidan ho ikkje kunne snakke norsk, fekk ho vel eigentleg ha det s\u00e5 godt. Eg sat der ein times tid og\u00a0sm\u00e5prata med Florence. Rett nok hadde eg opptakaren med meg p\u00e5 innerlomma, men eg tok han ikkje fram, eg f\u00f8ler ofte p\u00e5 at det er ei eller anna moralsk grense for kva ein eigentleg treng \u00e5 dokumentere: ein m\u00e5 av og til ogs\u00e5 berre kunne vere her som \u00abfriend\u00bb.<\/p>\n<p>Men eg skal absolutt ikkje l\u00f8fte ein moralsk peikefinger her, for det er i visse situasjonar utruleg kor langt ein kan g\u00e5 for \u00e5 skaffe seg spr\u00e5kleg materiale. Sj\u00f8lv har eg nok kryssa dei fleste grensene: det er med skam at eg tenker tilbake til 90-talet da eg hadde avtale\u00a0om intervju med ei godt vaksen dame nede i \u00d8yumsdalen: og da eg kom dit, hadde det meste av huset hennar brunne ned, og det s\u00e5g ikkje ut heime hos henne. Men unge Hjelde s\u00e5g ikkje dette som noka hindring for \u00e5 drive feltarbeid, han var med dama inn p\u00e5 kj\u00f8kkenet, takka ja til tilbodet om \u00e5 f\u00e5 sitje p\u00e5 eit nummer av Westby Times slik at\u00a0han ikkje skulle bli alt for\u00a0sotete i kleda, og starta intervjuet. Hadde det vore litt vett i meg, hadde eg heller hjelpt denne stakkars dama med \u00e5 ta litt saman etter brannen. Og no forst\u00e5r eg at det skal stor sinnsro til for \u00e5 svare p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let: \u00abkor du l\u00e6rde \u00e5 snakke norsk?\u00bb n\u00e5r det framleis ryk av kj\u00f8kkengardinene. Skammeleg! P\u00e5 den andre sida gjekk eg nok inn i ein god norsk feltarbeidartradisjon, og da tenkjer eg s\u00e6rleg p\u00e5 arbeidet til Carl Marstrander for \u00e5 dokumentere det keltiske spr\u00e5ket p\u00e5 Man for eit lite \u00e5rhundre sidan. Etter det dei kan fortelje, inneheld feltarbeidarveksa hans ei stoppen\u00e5l. Den kunne han bruke til \u00e5 stikk i dei gamle og skr\u00f8pelege informantane slik at dei vakna og feltarbeidet kunne halde fr\u00e5. Nei, eg har ikkje skaffa meg ei stoppen\u00e5l enno, men det tek kanskje ikkje s\u00e5 lang tid f\u00f8r ogs\u00e5 dette er standardutstyr i verktyskrinet til pr\u00e6rielingvisten.<\/p>\n<p>Etter ein triveleg time saman med Florence sette eg kursen ned til La Crosse, eg hadde god lyst til \u00e5 trave litt p\u00e5 \u00abmemory lane\u00bb f\u00f8r eg reiste vidare til Zumbrota. I La Crosse var det ikkje s\u00e5 veldig mykje eg fekk med meg, eg var innom gode, gamle Valley View Mall for \u00e5 sj\u00e5 litt der, og der var det lite \u00e5 kjenne seg att i, bortsett fr\u00e5 at dei alt no har f\u00e5tt fram juletreet. Imponetande framsyntheit! Deretter m\u00e5tte eg jo berre tilbake til Dave\u2019s Guitar Shop igjen. Dette er butikken sin, det! Fantastisk!!. Og sj\u00f8lv om eg godt kunne ha flytta inn her, m\u00e5tte eg vidare, i firetida hadde eg avtale i Zumbrota. Eg kryssa derfor grensa og Mississippi over den bl\u00e5 brua, k\u00f8yrde via Rochester og til Wanamingo. Og p\u00e5 vegen utvikla det seg til \u00e5 bli skikkeleg grisever, det regna lett da eg reiste fr\u00e5 La Crosse, men p\u00e5 vegen innover Minnesota regna det kraftig, det bles, og til slutt tok det til \u00e5 sludde og sn\u00f8 horisontalt. Det er nesten utruleg kor fort det skiftar her, det er ikkje s\u00e5 mange dagane sidan eg sprang rundt i t-skjorte, og no treng eg vinterjakka (som ligg heime i Halden).<\/p>\n<p>Eg kom fram til familien Ree, akkurat klokka fire, og dette er trivelege folk, det seier seg jo gjerne sj\u00f8lv sidan dei er tr\u00f8nderar. Vi prata litt om laust og fast, og etter ei kort stund tok eg fram lydopptakaren for \u00e5 dokumentere denne sm\u00e5praten. S\u00e5 hadde Irene maten klar, og vi sessa oss rundt kj\u00f8kkenbordet der ho varta opp med spagettigryte og eplepai. Etter to veker med mat som feittet dryp av, var dette ei god avveksling. S\u00e5 tok eg fram \u00absvartboka\u00bb med elisiteringsoppg\u00e5vene, og det gjekk ogs\u00e5 unna. Og n\u00e5r klokka var nesten sju, takka eg for meg og pakka saman sakene mine. Da ventar ein dryg time inn til Minneapolis, der eg har rom p\u00e5 Hyatt-hotellet: Greitt nok, det er ikkje billeg, men det er bra, og eg har no levd sv\u00e6rt s\u00e5 spartansk p\u00e5 elendige motell dei siste to vekene, s\u00e5 eg synest vel eigentleg at det er OK at skattepengane til folk flest kan brukast til dette ogs\u00e5 \u2013 som ei lita avveksling. Eg sette adressa inn i GPS-en, og i karftig vind, regn og sludd kom eg meg heit utan problem fram til sentrum av Minneapolis, og denne gongen fann eg ogs\u00e5 hotellet utan problem. S\u00e5 no sit eg her p\u00e5 rommet mitt og ser ut over byen. I morgon (torsdag) blir det fridag, og fredag returnerer eg tilbake til Gamlelandet. Det skal eigentleg bli godt \u00e5 f\u00e5 sovne i si eiga seng igjen! Og sidan det no ikkje blir meir feltarbeid p\u00e5 denne turen, sluttar nok ogs\u00e5 bloggen fr\u00e5 denne reisa her.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 har alts\u00e5 den siste dagen med feltarbeid her borte kome. Eg har hatt ei veldig fin tid, sj\u00f8lv om ikkje alt har vore heilt optimalt: no I ettertid forst\u00e5r eg at eg nok burde ha gjort litt meir grunnarbeid &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2015\/10\/29\/onsdag-28-oktober-2015-westby-la-crosse-zumbrota-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-327","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/327","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=327"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/327\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=327"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=327"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=327"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}