{"id":34,"date":"2010-09-23T04:26:24","date_gmt":"2010-09-23T04:26:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=34"},"modified":"2010-09-23T04:26:24","modified_gmt":"2010-09-23T04:26:24","slug":"onsdag-22-september-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/23\/onsdag-22-september-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen\/","title":{"rendered":"Onsdag 22. september: Westby, Springdalen og S\u00f8rryggen"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 den amerikanske pr\u00e6rien. I dag m\u00f8tte eg opp heime hos Mrs Olson, ei dame i 70-\u00e5ra som eg m\u00f8tte sist eg var her i omr\u00e5det, og som eg visste kunne snakke bra norsk. Og meininga var at ho ogs\u00e5 skulle be heim ei kusine som kunne snakke norsk. S\u00e5 eg s\u00e5g for meg at vi tre skulle sitje rundt kj\u00f8kkenbordet og snakke om laust og fast p\u00e5 norsk. Men slik vart det ikkje, for Mrs Olson hadde bestemt seg for \u00e5 toppe laget gjennom \u00e5 invitere nokre fleire \u201dnorskerar\u201d i slekta si. Og alle som dukka opp til denne \u201deventen\u201d var trivelege folk, noko anna kan ein absolutt ikkje seie, problemet var berre at det var heilt umuleg \u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 snakke norsk. Alt gjekk p\u00e5 engelsk, og slik sett vart utbyttet litt magert. Men kaffien var da god, og det same var kaffibr\u00f8det, men det var no ikkje det eg hadde reist heilt fr\u00e5 Noreg for \u00e5 finne ut av. Derfor var eg litt skuffa da eg gjekk derifr\u00e5, sj\u00f8lv om dette eigentleg ikkje overraska meg s\u00e5 veldig \u2013 n\u00e5r vi er to eller tre, g\u00e5r det bra p\u00e5 norsk, men er det fleire, s\u00e5 blir det lett engelsk. Etter denne litt mislykka seansen, sette eg kursen tilbake p\u00e5 motellet igjen, eit etablissement som heiter Central Express. Det kan kanskje vere folk som vil hevde at dette namnet er litt misvisande, i amerikansk samanhengeg er det lite \u201dcentral\u201d, og \u201dexpressen\u201d kan ogs\u00e5 vere litt venskeleg \u00e5 f\u00e5 auge p\u00e5, sj\u00f8lv om livet her heilt klart er tilpassa ein litt sm\u00e5treig inntr\u00f8nder, her tekein ting som det kjem \u2026<\/p>\n<p>I halv to-tida k\u00f8yrde eg ned i Springdalen, til Larry, som lever under \u201dbloffa\u201d p\u00e5 Springdalsryggen. Og Larry kan snakke, og i tillegg er han sv\u00e6rt hjelpsam. Han hadde nokre gamle b\u00f8ker som han ikkje forsto s\u00e5 mykje av og som han ville ha litt hjelp med \u00e5 finne ut av kva var. Dansk-norsk rettskriving og gotiske bokstavar er ein kombinasjon som Larry ikkje heilt har taket p\u00e5. Denne boksamlinga hans besto for det meste av salmeb\u00f8ker og annan religi\u00f8s litteratur, i tillegg til ei over hundre \u00e5r gammal anatomibok som tok for seg ulike plager og skavankar, inkludert fleire sider om alle farane knytt til \u201dselvbesmittelse\u201d. Han ville gje bort heile samlinga, men desse b\u00f8kene har det nok best her i Springdalen. Likevel s\u00e5 plukka eg med meg ei bok, \u201dFarmerkonen Marit Kj\u00f8lseths Erfaringer i Chicago\u201d, med undertittelen \u201dEn Skildring af en med Bylivets Mysterier ukjendt Kvindes Oplevelser under et kort Ophold i Havestaden\u201d. Og sidan dette eksemplaret var \u201dSyvende Udgave\u201d, publisert i Chicago i 1902, m\u00e5 dette vere ein av Allan S\u00e6tres heilt store kioskveltarar. Denne boka er tydelegvis mykje lese, ho heng nesten ikkje saman, og eg har enno ikkje kasta meg over dei 108 sidene om Marit i Chicago. Eg kan derfor heller ikkje gje noko innhaldsreferat ut over at det p\u00e5 side 103 er ei teikning der Marit t\u00f8mmer nattpotta i hovudet p\u00e5 ei gruppe byfolk, s\u00e5 ein b\u00f8r kanskje ikkje g\u00e5 inn i denne lesinga med forventing om \u201dBy og land \u2013 hand i hand\u201d. Eg skal kome tilbake med eit fyldigare innhaldsreferat s\u00e5 snart eg har lese dette storverket. Medan eg bladde i b\u00f8kene,  snakka Larry heile tida p\u00e5 norsk, og sj\u00f8lv om kona ikkje forst\u00e5r det sp\u00f8tt av kva han seier, let han seg ikkje affisere av slike detaljar. Deretter var det servering av hermetisk aure med kaffi til; kvar for seg smakar dette kanskje ikkje s\u00e5 ille, men etter min smak, s\u00e5 \u201dfittar\u201d dei ikkje s\u00e5 godt saman \u2013 men ein kan sikkert venne seg til mykje rart her i livet. <\/p>\n<p>Larry har mange norskspr\u00e5klege venner, og etter \u00e5 ha snakka om laust og fast i ein times tid, sette vi kursen mot S\u00f8rryggen. F\u00f8rst stakk vi innom Blyhovde-farmen, og k\u00e5rkallen der, som var i slutten av 60-\u00e5ra, snakka godt norsk. Han dreiv og klipte graset da vi kom, og vi vart st\u00e5ande ute og snakke, og da s\u00e6rleg om gammaltida. Deretter gjekk kursen ned i ein av dei sm\u00e5 dalane p\u00e5 S\u00f8rryggen som eg ikkje hugsar namnet p\u00e5, og der l\u00e5g det ein farm der dei av alle ting dreiv med alpakka. Fram til \u00e5rtusenskiftet dreiv dei fleste farmarane i dette omr\u00e5det med tobakk, men dei siste \u00e5ra har det vorte slutt med det. Tobakken var viktig \u201dcash crop\u201d for mange, men no er det ikkje etterspurnad etter den tobakken dei brukte \u00e5 \u201davle\u201d her i omr\u00e5det meir. Derfor pr\u00f8ver mange \u00e5 finne gode alternativ til tobakksdyringa, nokre pr\u00f8ver seg med vindruer, medan andre alts\u00e5 satsar p\u00e5 s\u00e5 eksotiske ting som alpakka. Kor som er, farmaren her dreiv \u00e5 v\u00f8la \u201dfenset\u201d da vi kom, og ogs\u00e5 her vart vi st\u00e5ande ein dryg halvtime og dr\u00f8se om laust og fast. Igjen, eg blir ogs\u00e5 denne gongen overraska over kor godt mange kan snakke norsk. Etter dette m\u00f8tet gjekk turen tilbake til Lindvik-ryggen, ned Lindvik-bloffa og ned i Springdalen, der eg slepte av Larry. Dette var ein sv\u00e6rt interessant tur.<\/p>\n<p>Deretter fann eg vegen tilbake til motellet, der eg fekk litt tid til \u00e5 lese e-post og gjere unna anna \u201dkj\u00e5rs\u201d. Klokka halv seks gjekk turen inn i Westby igjen, til \u201dThe Iversons\u201d, dei er utruleg snille og hjelpsame, og eg har konstant d\u00e5rleg samvit for dei \u2013 dei gjer alt dei kan for \u00e5 hjelpe meg, stiller huset til disposisjon for lydopptak, serverer b\u00e5de \u201dhot dish\u201d og kaffe til meg, i det heile, eg er litt usikker p\u00e5 korleis eg skulle ha klart meg utan hjelpa deira.<\/p>\n<p>Klokka seks hadde eg avtale om intervju med ein av dei eg ser p\u00e5 som eit h\u00f8gdepunkt her \u2013 ein dei kallar Johan og som bur p\u00e5 Springdalsryggen. Det vara og det rakk, men Johan dukka ikkje opp. Fru Iverson m\u00e5tte til slutt ringe han, og sonen Gunnar (!) tok telefonen, og joda, sj\u00f8lvfolket var p\u00e5 veg ut d\u00f8ra. Og ti minutt seinare kom dei, Johan og kona (her heiter det forresten kjerringa) var som ungfolk \u00e5 rekne, han hadde vakse opp med norsk heime, s\u00e5 han snakka godt norsk. Vi to benka oss rundt kj\u00f8kkenbordet, og vi snakka ein dryg time p\u00e5 norsk. Dette er f\u00f8rste gongen eg har m\u00f8tt folk her borte p\u00e5 min eigen alder (han var som eg f\u00f8dd i 1961) som kan snakke norsk. Han kunne faktisk fortelje at han vaks opp med berre norsk heime, og at han knapt kunne engelsk da han begynte p\u00e5 skolen. Skolen var eit sjokk for han, han hadde faktisk venta at alle ungane skulle kunne norsk slik som han, men s\u00e5 viste deg seg alts\u00e5 at ingen andre kunne snakke dette merkelege spr\u00e5ket. Og verst av alt, han kunne lite engelsk, s\u00e5 han hadde \u201dei hard tid\u201d i starten. Men etter kvar s\u00e5 \u201dm\u00e6ka\u201d han det, og no snakkar han mest engelsk. Likevel, det var sv\u00e6rt merkeleg \u00e5 h\u00f8yre livshistoria hans, s\u00e6rleg med tanke p\u00e5 at vi begge vaks opp samstundes, begge vaks vi opp med berre norsk heime, men likevel har sv\u00e6rt ulike erfaringar \u2013 s\u00e5 vidt eg hugsar, var det ingen som mobba meg for spr\u00e5ket mitt f\u00f8rste skoledagen.<\/p>\n<p>No er eg tilbake p\u00e5 motellet igjen, og veret her er noko for seg sj\u00f8lv. I heile dag har det vore godver, men no i kveld var det skikkeleg torever. Eg m\u00e5tte g\u00e5 fr\u00e5 bilen og inn, og p\u00e5 desse fem metrane vart eg heilt gjennomblaut. No pr\u00f8ver eg \u00e5 f\u00e5 t\u00f8rka buksa og skjorta mi, men eg veit ikkje heilt korleis det vil g\u00e5. Elles har eg ikkje sett husflua Lena i kveld, har ho alt flytta ut, skal tru? Eg har i alle fall ikkje klart \u00e5 ta livet av henne. Men n\u00e5r sant skal seiast, s\u00e5 saknar eg ikkje henne s\u00e5 veldig.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i Junait\u2019n.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 den amerikanske pr\u00e6rien. I dag m\u00f8tte eg opp heime hos Mrs Olson, ei dame i 70-\u00e5ra som eg m\u00f8tte sist eg var her i omr\u00e5det, og som eg visste kunne snakke bra norsk. Og meininga &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/23\/onsdag-22-september-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-34","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/34","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=34"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/34\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=34"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=34"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=34"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}