{"id":343,"date":"2016-10-29T03:51:55","date_gmt":"2016-10-29T03:51:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=343"},"modified":"2016-10-29T03:51:55","modified_gmt":"2016-10-29T03:51:55","slug":"tysdag-25-onsdag-26-oktober-2016-halden-new-york-atlanta-athens-georgia","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/10\/29\/tysdag-25-onsdag-26-oktober-2016-halden-new-york-atlanta-athens-georgia\/","title":{"rendered":"Tysdag 25.- onsdag 26. oktober 2016: Halden, New York, Atlanta, Athens (Georgia)"},"content":{"rendered":"<p>Javel, s\u00e5 vart det alts\u00e5 ein ny tur over bl\u00e5myra I \u00e5r ogs\u00e5 \u2013 og dei neste to vekene f\u00e5r masters\u00f8knad, FoU-leiing, l\u00e6rarutdanning og oppussing i heimen f\u00e5 lov til \u00e5 vere masters\u00f8knad, FoU-leiing, l\u00e6rarutdanning og oppussing i heimen utan at eg skal blande meg s\u00e5 veldig mykje inn i det. For igjen har Janne p\u00e5 Tekstlaben lagt opp til amerikatur og ein solid dose feltarbeid \u2013 og n\u00e5r det er snakk om feltarbeid p\u00e5 pr\u00e6rien kombinert med litt faglege samtalar og dr\u00f8s ved ein eller annan amerikansk akademisk institusjon, s\u00e5 er eg lett \u00e5 be. Eg er jo klar over at eg tek til \u00e5 bli ein noks\u00e5 gammal sirkushest no, som sikkert berre vil vere til plunder og heft n\u00e5r ungdommen skal elisitere seg opp og fram, men p\u00e5 den andre sida \u2013 \u00e5 framleis f\u00e5 lov til \u00e5 drive med dette 30 \u00e5r etter at eg f\u00f8rst slo inn p\u00e5 denne smale forskarvegen, er nesten utruleg \u2013 det er eigentleg berre synd og trist at f\u00e5 andre spr\u00e5kfolk har vist interesse for dette f\u00f8r no dei siste \u00e5ra. Men slik er det vel med det meste, vil eg tru, det er f\u00f8rst n\u00e5r det nesten er for seint at folk kjem str\u00f8ymande til.<\/p>\n<p>\u00c5kke som, tysdag den 25. klokka 0530 ringde vekkarklokka i heimen, gamlingen stavra seg opp av senga, fekk p\u00e5 seg fillene, og ein dryg halvtime seinare satt han i drosje ned til Halden stasjon. Derifr\u00e5 gjekk reisa med streikefritt tog \u2013 inkludert flytog \u2013 til Gardermoen. Joda, eg m\u00e5tte vente litt p\u00e5 Oslo S f\u00f8r eg reist vidare, men denne halvtimen p\u00e5 Oslo S var heilt tilfeldig: om det er nokon som trur at eg gl\u00f8ymde pc-veska mi med det meste av teknisk utstyr p\u00e5 venterommet p\u00e5 Halden stasjon, og m\u00e5tte vente p\u00e5 Oslo S til ein eller annan snill kondukt\u00f8r henta veska mi og tok henne med p\u00e5 toget som gjekk ein halvtime seinare, s\u00e5 tek dei heilt feil. Slikt skjer jo aldri med meg, og dermed basta \u2013 eg vil ikkje h\u00f8yre meir snakk om dette. S\u00e5 det s\u00e5. Og om det er nokon som i tillegg kjem i skade for \u00e5 nemne at eg (nesten) la igjen mobiltelefonen min p\u00e5 flytoget, s\u00e5 blir eg berre sint (n\u00e5r eg tenker etter, s\u00e5 trur eg nesten ikkje at eg nokon gong har vore skikkeleg sint, s\u00e5 det kunne jo eigentleg vere interessant \u00e5 pr\u00f8ve korleis ein f\u00f8rer det n\u00e5r ein blir skikkeleg sint: arg \u2013 ja, men sint \u2013 trur eigentleg ikkje det \u2026 ikkje s\u00e5 langt i livet i alle fall \u2013 men det kan jo kome dagar etter dette.) Uansett, det m\u00e5 det m\u00e5 da vere lov \u00e5 leggje fr\u00e5 seg mobilen for \u00e5 ta p\u00e5 seg jakka utan at det blir oppstyr av det (at eg var p\u00e5 god tur ut av flytoget f\u00f8r dette oppstyret starta, var berre heilt tilfeldig. JA; DET VAR DET!!!!)<\/p>\n<p>Flyreisa er det ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 berette om, eg m\u00f8tte UiO-gjengen p\u00e5 Gradermoen litt over klokka ni, vi sjekka inn, og etter ei stund tok SAS oss til vers i ein stasleg Airbus, og vi kunne sette kursen vestover. Flyreisa var som flyreiser flest &#8211; det er lite \u00e5 fortelje om. Og etter sju timar i lufta, landa vi i New York. Der var det ny runde med sjekking og venting f\u00f8r vi nokre timar seinare kunne fortsette i retning Atlanta. Igjen, her var det lite som skjedde, anna enn at vi m\u00e5tte vente p\u00e5 buss vidare til Athens. Og noks\u00e5 seint pp kvelden, etter over 20 timar p\u00e5 reisefot, kunne vi endeleg sjekke inn p\u00e5 hotellet. Dette m\u00e5 vere ein av dei mest langdryge amerikaturane eg har vore med p\u00e5 \u2013 eg skal ikkje seie noko stygt om turen, anna enn at han var langdryg: det tok nesten 24 timar fr\u00e5 eg gjekk ut ytterd\u00f8ra heime i Halden til eg var p\u00e5 hotell i Georgia. Og eg veit at eg absolutt ikkje har nokon grunn til \u00e5 klage \u2013 dei gamle utvandrarane brukte jo fleire m\u00e5nader fr\u00e5 dei reiste heimafr\u00e5 til dei kunne \u00abkleime\u00bb ein ny bustad.<\/p>\n<p>Etter ei god natt i tiln\u00e6rma koma, stavra eg meg ned i restauranten i 7-tida i dag, og der var det fullt av kjentfolk, b\u00e5de norske og danske. Og det siste var ikkje minst viktig, sidan eg i morgon skal ha eit foredrag saman med Karoline fr\u00e5 K\u00f8benhavns universitet. Og n\u00e5r sant skal seiast, s\u00e5 er det mykje ugjort p\u00e5 dette foredraget. Uansett, Karoline og eg fekk i det minste mulegheit til \u00e5 snakke litt saman og legge noko som kan minne om ein plan, eg kunne forsvinne p\u00e5 rommet mitt for \u00e5 arbeide vidare, medan ho jobba vidare med sitt, og litt utp\u00e5 dagen kunne vi m\u00f8tast igjen for \u00e5 koordinere arbeidet v\u00e5rt litt, og slik dreiv vi p\u00e5. Eg m\u00e5 berre innr\u00f8mme at s\u00e5 langt s\u00e5 har eg berre i veldig liten grad f\u00e5tt f\u00f8ling med at eg er ute i den store verda \u2013 eg har berre arbeidd med denne presentasjonen. I kveldinga gjekk vi alle ut for \u00e5 ete litt, og det er godt \u00e5 sj\u00e5 at Karoline er s\u00e5 roleg \u2013 det ser ut til at ho har full kontroll \u2013 sj\u00f8lv f\u00f8ler eg det ikkje slik. Med jetleg blir det jo tidleg kveld \u2013 eg pr\u00f8vde \u00e5 arbeide litt vidare, men eigentleg trur eg at akkurat det arbeidet var f\u00e5nyttes, eg var stuptr\u00f8ytt.<\/p>\n<p>Uansett, slik g\u00e5r no dagan her i \u00abthe deep south\u00bb \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Javel, s\u00e5 vart det alts\u00e5 ein ny tur over bl\u00e5myra I \u00e5r ogs\u00e5 \u2013 og dei neste to vekene f\u00e5r masters\u00f8knad, FoU-leiing, l\u00e6rarutdanning og oppussing i heimen f\u00e5 lov til \u00e5 vere masters\u00f8knad, FoU-leiing, l\u00e6rarutdanning og oppussing i heimen utan &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/10\/29\/tysdag-25-onsdag-26-oktober-2016-halden-new-york-atlanta-athens-georgia\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-343","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=343"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=343"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=343"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=343"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}