{"id":352,"date":"2016-11-09T03:16:59","date_gmt":"2016-11-09T03:16:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=352"},"modified":"2016-11-09T03:16:59","modified_gmt":"2016-11-09T03:16:59","slug":"fredag-4-november-2016-stevens-point-iola-wi-marshall-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/fredag-4-november-2016-stevens-point-iola-wi-marshall-mn\/","title":{"rendered":"Fredag 4. november 2016: Stevens Point, Iola; WI, Marshall; MN"},"content":{"rendered":"<p>Dette skulle bli ein sv\u00e6rt s\u00e5 lang dag med mange ulike ingrediensar, som feltarbeid, lang transportetappe, toppa med drama av ypperste merke. Eg hadde av ein eller annan grunn ei litt uroleg natt, eg sovna seint, sov uroleg og vakna tidleg \u2013 anten er det jetleggen som framleis sit i kroppen, elles s\u00e5 er det berre at eg tek til \u00e5 bli ein gammal gubbe. Eg h\u00e5par jo det f\u00f8rste, men m\u00e5 jo ogs\u00e5 innsj\u00e5 at det siste ogs\u00e5 godt kan vere tilfellet. Litt av grunnen til denne nattlege uroa var nok ogs\u00e5 at eg hadde lagt igjen telefonen min (med vekkarklokke) i bilen, men var for tr\u00f8ytt til \u00e5 orke meg ut for \u00e5 hente han, og da var eg i tillegg litt redd for \u00e5 sovne av. Vi starta dagen med samling p\u00e5 kafeen der vi skulle ete frukost, og p\u00e5 ny vart det traktering som burde dekke kaloribehovet &#8211; om ikkje n\u00e6ringsbehovet for fleire dagar framover. Deretter kontakta eg Dale igjen, det ville vere avgjerande for om vi i det heile skulle reise tilbake til Iola igjen, eller om vi skulle fortsette direkte inn i Minnesota. Men Dale skuffar ikkje, p\u00e5 ny hadde han hosta opp nokre informantar til oss. Vi fekk derfor i all hast pakka sakene v\u00e5re og sjekka ut fr\u00e5 dette eigentlegveldiggodtundermiddelsgode motellet og sett kursen nordaustover.<br \/>\nDale venta p\u00e5 oss ved Main Street i Iola, og etter \u00e5 ha teke ein titt p\u00e5 r\u00f8slege Vidar (ein trestatue av ein viking med \u00f8ks og ski), fortsette vi til ein privat institusjon for \u00e5 m\u00f8te ei dame p\u00e5 101 \u00e5r. Planen var eigentleg \u00e5 bes\u00f8ke henne i g\u00e5r, men da hadde ho vore forkj\u00f8la; framleis var ho litt skranten, men formen var tydelegvis betre no. Og no var ho veldlig glad for at vi kunne kome, ho hadde vore redd for at det ikkje vart noko av \u00abvisiten\u00bb sidan ho hadde meldt avbod. Vi gjorde ein liten times opptak med henne, ogs sj\u00f8lv om ho nok var litt svak og halvl\u00e5g i stolen, s\u00e5 var det tydeleg at ho likte dette. Og det st\u00e5r heller ikkje \u00e5 nekte for at trass i alderen, s\u00e5 var dama sv\u00e6rt s\u00e5 forfengeleg. Vi hadde med fotokamera, og da vill ho ha \u00abportrett\u00bb av seg. Vi tok nokre plater, men ho var p\u00e5 ingen m\u00e5te n\u00f8gd med resultatet. Derfor m\u00e5tte vi pr\u00f8ve igjen, og denne gongen hadde ho ordna litt p\u00e5 h\u00e5ret og endra positur. Dette bildet var ho ikkje s\u00e5 aller verst n\u00f8gd med, men s\u00e5 oppdaga ho at ho ikkje hadde tennene p\u00e5 plass. Dermed vart dette fiksa, og denne gongen fall alle pikslane til ro p\u00e5 ein slik m\u00e5te at ho meinte resultatet var presentabelt. Vi takka for oss (noko som var ein omstendeleg prosess sidan ho gjerne ville prate meir) og f\u00f8lgde Dale opp til nestemann, ein sprek \u00abtrondhjemmer\u00bb godt oppe i 80-\u00e5ra. Dette karen hadde utvandra saman med foreldra rett etter krigen, han kunne vise til ein lang og \u00e6rerik idrettskarri\u00e6re b\u00e5de som fotballspelar og skihoppar, og han hadde ogs\u00e5 p\u00e5 andre m\u00e5tar klart seg godt. No var han ein snartur oppom Iola for \u00e5 sj\u00e5 etter litt f\u00f8r han i morgon startar s\u00f8rover igjen. Dette var ein sv\u00e6rt vital og aktiv kar, og n\u00e5r han var fr\u00e5 sj\u00f8lve Trondheim, hadde jo han og Alex litt \u00e5 prate om. Medan vi var der, tok det ogs\u00e5 til \u00e5 tikke inn meldingar fr\u00e5 Hendricks: kontakten v\u00e5r der ville lett kunne klare \u00e5 skape saman nokre folk, han sendte ei namneliste p\u00e5 rundt 20, og han skulle ogs\u00e5 arrangere heile seansen. Dersom dette held, s\u00e5 er det berre fantastisk! No var det ogs\u00e5 klart at vi berre m\u00e5tte til Hendricks! I 2-tida braut vi opp, da var det tid for \u00e5 begynne \u00e5 tenke p\u00e5 vegen vidare vestover, det er jo trass alt over 60 norske mil til Marshall, der vi tenkte \u00e5 overnatte. Men f\u00f8rst m\u00e5tte vi ha mat, og da stakk vi innom restauranten p\u00e5 andre sida av gata fr\u00e5 i g\u00e5r, og der var det meir enn nok av feittrik mat \u00e5 velje fr\u00e5. Medan vi satt der, tok det til \u00e5 ry inn med godt vaksne karar som benka seg rundt disken og ville prate litt medan dei tok seg ein kaffikopp. Dei lurte p\u00e5 kven vi var, og da m\u00e5tte vi jo fortelje kor vi kom fr\u00e5. Det viste seg da at det var fleire av desse som kunne litt norsk, og ein av dei var faktisk veldig god. Dette betyr jo at det ogs\u00e5 i framtida m\u00e5 vere muleg \u00e5 gjere meir feltarbeid her \u2013 om det da blir ein ny tur\u2026.<br \/>\nMen vi hadde ikkje stunder til \u00e5 hefte s\u00e5 veldig her, for vi skulle forflytte oss til Marshall f\u00f8r vi kunne ta kvelden. Kari og eg starta, og dei tre andre kom etter, vi fann ut at det ville vere umuleg \u00e5 drive kolonnek\u00f8yring heilt fram uansett. Det er ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 seie om bilturen, \u00e5 k\u00f8yre bil p\u00e5 pr\u00e6rien er ikkje s\u00e5 veldig utfordrande \u2013 det meste g\u00e5r jo rett fram. Det einaste som kan skape spenning, er dyr av ymse slag \u2013 s\u00e6rleg skal ein ha respekt for hjort. Men det gjekk bra, vi kom oss gjennom tvillingbyane og ut p\u00e5 den amerikanske landsbygda, mil etter mil. Utp\u00e5 kvelden kunne vi endeleg sj\u00e5 Marshall som eit slags Soria Moria i den m\u00f8rke, men m\u00e5neklare natta; utan vanskar kunne vi ogs\u00e5 finne motellet \u2013 eit motell av den vanlege sorten, men litt oppgradert samanlikna med det vi hadde i Stevens Point. Sidan dei andre var eit stykke bak oss, gjekk Kari og eg over gata for \u00e5 f\u00e5 oss ein matbit, eller kanskje rettare, ei usannsynleg komprimert samling av kaloriar. Vi veit jo at fries er steikt i feitt, men det treng jo strengt teke ikkje vere slik at dei er feittet skal renne av dei. Medan vi pakka i oss desse bombene, ringde Alex og kunne melde at ogs\u00e5 dei var framme, men ogs\u00e5 at det var eit elefant-stort problem \u2013 han hadde mista ryggsekken sin med pass og alt han hadde med av elektronisk utstyr. Og dette er jo krise. Ein ting er at det utan dette utstyret blir meir tungvint \u00e5 sikre materialet vi samlar, men det verste er dette med pass, for det treng han for \u00e5 kome heim. F\u00f8r eg gjekk til ro, sjekka eg bilen for \u00e5 sj\u00e5 om sekken hans var der, men det var han sj\u00f8lvsagt ikkje. Dette er p\u00e5 ingen m\u00e5te moro, vi f\u00e5r h\u00e5pe det ordnar seg. I ein \u00abalways look at the bright sides of life\u00bb-tradisjon kunne vi i det minste glede oss over at det i morgon er lina opp noks\u00e5 mange meir eller mindre spr\u00e5kmektige i Hendricks, eg h\u00e5par at det blir bra.<br \/>\nOg slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette skulle bli ein sv\u00e6rt s\u00e5 lang dag med mange ulike ingrediensar, som feltarbeid, lang transportetappe, toppa med drama av ypperste merke. Eg hadde av ein eller annan grunn ei litt uroleg natt, eg sovna seint, sov uroleg og vakna &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/fredag-4-november-2016-stevens-point-iola-wi-marshall-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-352","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/352","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=352"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/352\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=352"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=352"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=352"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}