{"id":359,"date":"2016-11-03T04:56:08","date_gmt":"2016-11-03T04:56:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=359"},"modified":"2016-11-03T04:56:08","modified_gmt":"2016-11-03T04:56:08","slug":"mandag-1-november-2016-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/mandag-1-november-2016-westby\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 31. oktober 2016: Westby"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er vi alts\u00e5 tilbake p\u00e5 det som for meg er veldig gamle tomter \u2013 det norskamerikanske kjerneomr\u00e5det i Westby. Og sj\u00f8lv om verda tydelegvis endrer seg rask, er det godt \u00e5 sj\u00e5 at det er delar verda som ikkje endrar seg s\u00e5 veldig mykje \u2013 om i det heile. Og ein slik trygg plass er heldigvis Westby. Det vil seie, det er noks\u00e5 sm\u00e5 endringar \u00e5 spore, og motellet er ein slik plass der verda faktisk har g\u00e5tt framover, rommet mitt var reint og i god \u00abshape\u00bb, og ogs\u00e5 frukosten var oppgradert til litt meir enn nokre slagna kornflakes i ei sk\u00e5l og ei mugge med litt pissly mj\u00f8lk til \u00e5 skvette over. No var det faktisk juice og vaffel, og mj\u00f8lka hadde f\u00e5tt ny heidersplassen sin i kj\u00f8leskapet. Bra! Men ut over dette er nok det meste andre ved det gamle her, noko som ogs\u00e5 er veldig bra. Etter ei samlingsstund i lobbyen, sette vi kursen inn til Vanilje-kyrkja her i s\u00f8rbyen der \u00abforskingsfabrikken\u00bb skal setjast opp. Her var kontakten v\u00e5r Eileen p\u00e5 plass, den nye generasjonen med pr\u00e6rielingvistar kasta seg med liv og lyst over opptaksutstyret og rigga til to \u00abstudio\u00bb, og snart dukka det opp to trause norskamerikanarar, Elisabeth og Larry. Og som vanleg er det frykteleg triveleg \u00e5 f\u00e5 m\u00f8te Larry. Ungdommen tok seg av intervjua, og igjen er det vakkert \u00e5 sj\u00e5 at det er ein ny generasjon med feltarbeidarar som kan f\u00f8re arven vidare \u2013 i den samanhengen er det samstundes litt trist \u00e5 vite at det i framtida nok vil bli litt knapt med norskspr\u00e5klege \u00e5 drive feltarbeid p\u00e5. S\u00e5 vi f\u00e5r gle oss s\u00e5 lenge vi kan. I 12-tida reiste vi opp til Borgens for \u00e5 ete lunsj, og tradisjonen tru vart det \u00abkj\u00f8ttkakur og lefsa\u00bb. S\u00e5 reiste dei andre tilbake til kyrkja for \u00e5 fortsette arbeidet medan eg tok ein tur ned til Ron og Sandra. Igjen s\u00e5 var det eit veldig triveleg gjensyn, Ron arbeidde ut n\u00e5r eg kom, men har s\u00e5g nok bes\u00f8ket mitt som ein god grunn til \u00e5 avbryte dette arbeidet og ta meg med inn, og der var ogs\u00e5 Sandra. Ho hadde nettopp gjort klar korga med godsaker til seinare p\u00e5 denne Haloween-kvelden, og det var ikkje sm\u00e5tteri som skulle delast ut. \u00abWe except like 200 children\u00bb, sa ho, og korga var stor nok til \u00e5 mette minst det dobbelte. Dei henta ogs\u00e5 inn to nabopar, fleire av desse kunne snakke norsk, og det var veldig triveleg \u00e5 sitte der og snakke: det meste gjekk p\u00e5 engelsk, men det vil vere synd \u00e5 seie at norsk ikkje vart brukt heller. I firetida braut eg opp og k\u00f8yrde opp til kyrkja igjen, og der var det framleis full fart med fleire norskamerikanarar under behandling. Ut mot kveldinga var vi ferdige og Kari og eg kunne ta ein liten runde i byen for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 dette med trick and treats \u2013 for no var det verkeleg Halloween. Nede i gatene her slo det meg kor heldig eg var som hadde Kari ved sida av meg: Hadde eg vore einsleg mann som k\u00f8yrde sakte rundt og glodde p\u00e5 sm\u00e5ungar som gjekk rundt i festlege klede, s\u00e5 hadde det nok ikkje g\u00e5tt s\u00e5 veldig lang tid f\u00f8r eg hadde vorte stoppa av sheriffen. Etter \u00e5 ha sett dette, kunne vi sette kursen tilbake til motellet igjen, og der venta det eigentleg to viktige ting: sikring \/ sortering av materialet pluss ein stengt restaurant. Alt dette burde eigentlege vere som venta \u2013 det er trass alt ikkje f\u00f8rste gongen at Janne og eg er her, og da b\u00f8r vi jo vite at Old Towne Inn er stengt p\u00e5 m\u00e5ndagar. L\u00f8ysinga vart at vi reiste opp til nordbyen, til den gamle Eklov-stasjonen og kj\u00f8pte med ein Uffda-pizza og ein veggie. Og n\u00e5r pr\u00e6rielingvistar er svoltne og slitne, s\u00e5 er det f\u00e5 ting som kan skape s\u00e5 god stemning som ein skikkeleg uffda-pizza. Det heile vart toppa med ein liten vinskvett i glaset.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i livet til ein pr\u00e6rielingvist<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 er vi alts\u00e5 tilbake p\u00e5 det som for meg er veldig gamle tomter \u2013 det norskamerikanske kjerneomr\u00e5det i Westby. Og sj\u00f8lv om verda tydelegvis endrer seg rask, er det godt \u00e5 sj\u00e5 at det er delar verda som ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/mandag-1-november-2016-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-359","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/359","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=359"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/359\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=359"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=359"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=359"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}