{"id":36,"date":"2010-09-24T02:39:57","date_gmt":"2010-09-24T02:39:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=36"},"modified":"2010-09-24T02:39:57","modified_gmt":"2010-09-24T02:39:57","slug":"23-september-bad-axe-og-coon-valley","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/24\/23-september-bad-axe-og-coon-valley\/","title":{"rendered":"23. september: Bad Axe og Coon Valley"},"content":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt ein relativt roleg dag, og det var eigentleg litt godt \u00e5 ikkje ha det s\u00e5 hektisk. \u00c5 heile tida skulle vere konsentrert, gjere seg forst\u00e5tt og f\u00e5 folk til \u00e5 snakke lett og ledig, kan vere slitsamt. Men samstundes har eg ikkje tid til s\u00e5 veldig mange slike kvileskj\u00e6r, no har eg faktisk berre tre, toppen fire dagar igjen her i dette omr\u00e5det. Dagen starta som vanleg, med ein tur innom sekretariatet mitt, \u201dThe Iversons\u201d klokka ni. Og i dag var eg faktisk dobbelbooka, eg hadde gjort avtale om \u00e5 sj\u00e5 innom gammalheimen Norseland klokka ti, men samstundes hadde \u201dThe Iversons\u201d ordna det slik at eg skulle ned til Bad Axe-kyrkja, som ligg eit godt stykke vest for Viroqua (som p\u00e5 desse traktene blir kalla \u201dV\u00e6rr\u00e5ki\u201d, med tonelag to og hovudtrykk p\u00e5 f\u00f8rste stavinga) . Det er nokre dagar no sidan eg sist testa om GPSen funkar, og eg satsa p\u00e5 kart denne gongen. Og vegen var sv\u00e6rt s\u00e5 lett \u00e5 finne, f\u00f8rst inn til V\u00e6rr\u00e5ki, deretter nokre mil p\u00e5 hovudvegen vestover f\u00f8r eg svinga av til venstre p\u00e5 County N-vegen. Dette var ein retteleg geitesti av ein veg, bratt og svingete \u2013 det er kanskje ikkje utan grunn at mange vestlendingar slo seg ned i dette omr\u00e5det. Heilt i botnen av bakken l\u00e5g det ei lite kvitm\u00e5la kyrkje, og der skulle eg m\u00f8te to kvinner som skulle g\u00e5 igjennom kyrkjeb\u00f8ker for omr\u00e5det. Eg m\u00e5 med ein gong innr\u00f8mme at eg hadde misforst\u00e5tt litt \u2013 eg hadde f\u00e5tt h\u00f8yre at alle dei gamle protokollane i heile countyet var oppbevara her, men slik var det ikkje; det dei hadde \u00e5 by p\u00e5, var protokollane til denne eine kyrkja. S\u00e5leis fekk eg ikkje sett det eg eigentleg hadde h\u00e5pa p\u00e5, b\u00f8kene for Westby og Coon Valley. Men p\u00e5 den andre sida, s\u00e5 var det ogs\u00e5 mykje interessant \u00e5 lese her. Damene forsto litt norsk, men dei kunne ikkje snakke anna enn ein og annan setningen. Men dei satt no med ordbok og stotra seg gjennom desse b\u00f8kene, m\u00e5let deira var \u00e5 gjere dette materialet litt meir tilgjengeleg for engelskspr\u00e5klege lesarar. Og etter fattig evne pr\u00f8ve eg \u00e5 hjelpe dei med ting dei ikkje forsto. Noko av dette var retteleg underhaldande lesnad, ikkje minst statuttane for \u201dKvinde Foreningen\u201d, for her skulle alt g\u00e5 retteleg for seg. Dei hadde laga seg ein eigen \u201drol\u201d for serveringa, dei skulle berre varte opp med to sortar \u201dkakes\u201d og tre sortar \u201dkokkis\u201d, i tillegg til \u201dSuker Lumps\u201d, kaffi skulle det derimot vere rikeleg av, nok til at alle fekk s\u00e5 mykje som dei berre lysta. Og dersom ein no skulle finne p\u00e5 \u00e5 setje fram meir p\u00e5 bordet enn dette, vanka det \u201dfen\u201d p\u00e5 femti cent. Ein kan berre tenkje seg korleis desse husm\u00f8ta m\u00e5 ha eskalert til gedigne serveringskonkurransar mellom \u201dKvindene\u201d f\u00f8r ein fann grunn til \u00e5 setje ned foten og innf\u00f8re \u201dfen\u201d.<\/p>\n<p> Som ei slags takk for hjelpa kasta s\u00e5 damene seg over telefonen for \u00e5 finne fram til nokre sogningar til meg. Og det klarte dei, s\u00e5 s\u00f8ndag klokka to skal eg f\u00e5 m\u00f8te ein vaskekte sogning p\u00e5 rundt 80, og ei dame i f\u00f8rti-\u00e5ra med r\u00f8ter til Nordfjord. Eg er litt spent p\u00e5 korleis det vil g\u00e5, norsk-amerikanarane er litt sensitive for dialektar annan enn deira eigen, s\u00e5 eg lurer litt p\u00e5 om eg klarer \u00e5 kommunisere med dei. Eg tek til \u00e5 f\u00e5 litt sving p\u00e5 \u201dKonvalle-norsken\u201d no, men det sp\u00f8rst om det hjelper stort i m\u00f8tet med desse V\u00e6rr\u00e5ki-folka. Taim vill tell\u2026<\/p>\n<p>Deretter gjekk turen tilbake til Westby, der eg fekk nokre minutt til skyping med Gamlelandet f\u00f8r turen s\u00e5 gjekk ned til Kon Valle (Coon Valley). Der hadde eg ein avtale p\u00e5 Fjord Bar med Sunny, ein farmar p\u00e5 67 \u00e5r. Eg vart fortalt at det kunne vere lurt \u00e5 m\u00f8te han der, og dei hadde sikkert rett i s\u00e5 m\u00e5\u00e5te. Da eg kom inn, sat han og venta, og han hadde korta tida med ein dram. Og Sunny var igjen ein draum for ein feltarbeidar, han hadde mykje \u00e5 fortelje om det meste, og to drammar seinare var han retteleg i godlune. Det var berre oss to i baren, og eg gjorde opptaket der. Rett nok var det litt bakgrunnsst\u00f8y, men Sonny snakka s\u00e5 h\u00f8gt at han nok kompenserte for litt slikt br\u00e5. Men br\u00e5tt fekk Sunny det travelt, han skulle sitje barnevakt klokka fire, vi tok kvarandre i handa og takka for ei triveleg stund, og s\u00e5 gjekk han. Og da var det eigentleg ikkje noko anna \u00e5 gjere enn \u00e5 takke for seg og reise tilbake til Westby igjen. Eg kj\u00f8pte meg litt mat, og sette meg s\u00e5 p\u00e5 motellet for \u00e5 rydde litt opp i opptaka som eg har samla inn under denne \u201dtreppen\u201d. Sist eg dreiv feltarbeid, s\u00e5 brukte eg kassett-spelar, og da skreiv eg namn og dato p\u00e5 kvar kassett. No har eg konvertert til digitalismen, noko som er veldig praktisk, men som ogs\u00e5 f\u00f8rer til at ein berre sit med kryptiske filnamn. S\u00e5 kvelden har alts\u00e5 g\u00e5tt med til \u00e5 rydde opp i dette f\u00f8r eg gl\u00f8ymer namna p\u00e5 dei eg har snakka med.<\/p>\n<p>Elles er det roleg p\u00e5 dette etablissementet no i kveld, i g\u00e5r regna det nesten ti centimeter her, og no i ettermiddag har det ogs\u00e5 vore ruskev\u00ear, det er rett nok noks\u00e5 varmt ute, men det regnar alts\u00e5 litt. No dei siste par dagane har det vore mange her p\u00e5 motellet som er her for \u00e5 pr\u00f8ve fiskelykka i Coon Creek (Kon-krikken, som dei seier her), og desse er sv\u00e6rt lite n\u00f8gde med alt regnet, da ville vassf\u00f8ringa blir for stor. Men samstundes har eg vondt for \u00e5 forst\u00e5 at dette bekk-siklet skal vere ein av dei beste fiskeplassane p\u00e5 desse kantane av verda. For dette er ikkje meir enn ein liten bekk, dei fleste plassane b\u00f8r ein fint klare \u00e5 hoppe over. Men det er tydelegvis ikkje alltid storleiken som tel n\u00e5r ein skal ut for \u00e5 fiske.<br \/>\nSom sagt, det er stille og roleg her, og det ser ogs\u00e5 ut til at husflua Lena har pakka saman og reist sin veg. Eg skal p\u00e5 ingen m\u00e5te seie at eg saknar henne, forholdet mellom oss var vore noko anstrengt den tida vi har hatt saman.<br \/>\nOg slik g\u00e5r no dagan\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt ein relativt roleg dag, og det var eigentleg litt godt \u00e5 ikkje ha det s\u00e5 hektisk. \u00c5 heile tida skulle vere konsentrert, gjere seg forst\u00e5tt og f\u00e5 folk til \u00e5 snakke lett og ledig, kan &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/24\/23-september-bad-axe-og-coon-valley\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-36","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/36","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=36"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/36\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=36"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=36"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=36"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}