{"id":361,"date":"2016-11-03T04:57:23","date_gmt":"2016-11-03T04:57:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=361"},"modified":"2016-11-03T04:57:23","modified_gmt":"2016-11-03T04:57:23","slug":"tysdag-1-november-2016-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/tysdag-1-november-2016-westby\/","title":{"rendered":"Tysdag 1. november 2016: Westby"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny dag her oppe p\u00e5 pr\u00e6rien, og igjen er programmet noks\u00e5 tett, og m\u00f8testaden var frukost fr\u00e5 \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb i resepsjonen. Sj\u00f8lv om eg tappert fors\u00f8kte \u00e5 gje inntrykk av at eg hadde vore vaken lenge, s\u00e5 er nok sanninga at eg i dag ikkje vakna f\u00f8r klokka var godt over sju, og at eg godt kunne ha sove eit par timar til. Eg ordna meg raskt, kom meg i fillene og fann\u00a0 meg ein plass ved frukost-buffeen i resepsjonen. Vaffel, saltp\u00f8lse, banan og kaffi gjorde susen. Medan eg meska meg i dette kulinariske paradiset gjekk eg ogs\u00e5 igjennom e-posten min, og der var det mykje rart som venta. Eg inns\u00e5g faktisk at her m\u00e5tte eg prioritere, og medan dei andre reiste ned til Vanilje-kyrkja igjen, brukte eg ein liten time p\u00e5 \u00e5 svare p\u00e5 e-postar. Eg veit jo at det er umuleg \u00e5 melde seg ut av verda i over to veker og likevel venta at verda ventar p\u00e5 meg. Etter denne (eigentleg litt traurige) seansen sette eg kursen opp til kyrkja igjen, og der var det heldigvis full fart, og som sagt, det er flott \u00e5 sj\u00e5 at ungdommen finn seg til rette her. Og det tok heller ikkje lang tid f\u00f8r Larry dukka opp igjen, han hadde med eit gammalt brev som han ville ha hjelp til \u00e5 lese, dessutan er han jo eit lett bytte for nye \u00abgames\u00bb. Det ser eigentleg ut til at Larry er ein veldig lykkeleg mann s\u00e5 lenge han f\u00e5r \u00ablage\u00bb norsk. Etter at denne seansen var over, sette vi kursen ned til byen for \u00e5 ete lunsj saman med med Leum og Iverson, og vi ville da pr\u00f8ve plassen Bleach (eller kva det no heiter), som ligg like ved Dregne\u2019s hardware store. Og burgermenyen her var i og for seg bra, men dei som satsa meir p\u00e5 vegetar, kunne i etterkant melde at dette var tarvelege greier. Eg tvilar absolutt ikkje\u2026<\/p>\n<p>Etter dette (litt omdiskuterte) herrem\u00e5ltidet, sette vi kursen tilbake til kyrkja igjen, og der satt det alt trauste norskamerikanarar og venta p\u00e5 oss; Howard og Archie. Og igjen fekk ungdommen boltre seg medan eg tok ein rask tur tilbake til motellet for \u00e5 skrive litt fleire administrative e-postar. Eg var tilbake i kyrkja igjen f\u00f8r det var for seint, og der satt Archie g Howard og prata: moro! Det som da sto igjen var innspurten: The Bagstads. Vi venta lenge og vel f\u00f8r dei kom, og dette er retteleg hardved: gamlingane har ein gong snakka meir norsk enn engelsk, medan dottera p\u00e5 57 ogs\u00e5 har vakse opp med norsk som dominerande spr\u00e5k. Heile forteljinga er interessant \u2013 og ogs\u00e5 litt r\u00f8rande. Ungjenta Bonnie , som i pr\u00e6riielingvistisk samanheng nesten representerer barnespr\u00e5k, var sv\u00e6rt s\u00e5 flink p\u00e5 testane, eigentleg er det heilt utruleg at eg kan snakke med folk min alder her borte! Det er alltid veldig moro!!!<\/p>\n<p>Resten av kvelden vart brukt til kopiering av matrerialet, og vi tok ogs\u00e5 turen ned til restauranten for \u00e5 f\u00e5 oss mat. Og igjen, maten var noks\u00e5 god.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag her oppe p\u00e5 pr\u00e6rien, og igjen er programmet noks\u00e5 tett, og m\u00f8testaden var frukost fr\u00e5 \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb i resepsjonen. Sj\u00f8lv om eg tappert fors\u00f8kte \u00e5 gje inntrykk av at eg hadde vore vaken lenge, s\u00e5 er nok sanninga &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/tysdag-1-november-2016-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-361","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/361","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=361"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/361\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=361"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=361"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=361"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}