{"id":363,"date":"2016-11-03T04:58:18","date_gmt":"2016-11-03T04:58:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=363"},"modified":"2016-11-03T04:58:18","modified_gmt":"2016-11-03T04:58:18","slug":"onsdag-2-november-westby-norskedalen-la-crosse-og-stevens-point","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/onsdag-2-november-westby-norskedalen-la-crosse-og-stevens-point\/","title":{"rendered":"Onsdag 2. november 2016: Westby, Norskedalen, La Crosse og Stevens Point"},"content":{"rendered":"<p>I dag hadde vi ikkje noko program anna enn at vi skulle flytte p\u00e5 oss, og vi skulle ogs\u00e5 vere bittelitt turistar og sj\u00e5 oss litt om. Etter standard pr\u00e6riefrukost fr\u00e5 \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb sjekka vi ut og reiste opp til Dregne\u2019s, ei fantastisk samling med ulike typar norskamerikansk krims-krams. Deretter gjekk turen til gammalheimen Norseland for \u00e5 ta farvel med Florence. Igjen vart dette ei veldig fin stund, og vi kunne prate litt og vere \u00abfriends from Norway\u00bb. Kvar gong eg reiser fr\u00e5 Westby s\u00e5 har eg trudd at dette er siste gongen, men empirien tek til \u00e5 vere noks\u00e5 eintydig p\u00e5 at det ikkje er tilfellet. S\u00e5 no n\u00e5r eg reiste ut av byen, s\u00e5 var det absolutt med eit lite h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 kome hit igjen ein gong. Ikkje fordi at dette er ein s\u00e5 fantastisk by (fordi det er det absolutt ikkje), men fordi folka her er fantastiske og fordi det er veldig rart \u00e5 kunne snakke norsk med innf\u00f8dde p\u00e5 eit anna kontinent.<\/p>\n<p>Vi k\u00f8yrde ned Skogdalen og opp til Norskedalen, der ein av dei frivillige (som dagen f\u00f8r hadde snakka med oss som journalist i Westby Times) skulle vise oss rundt. Det var ein vakker haustdag, og ogs\u00e5 Norskedalen er ein veldig triveleg plass \u00e5 kome tilbake til. At eit s\u00e5 lite samfunn som Coon Valley og Westby klarer \u00e5 halde dette oppe gjennom frivillig arbeid, er jo heilt utruleg! Og ikkje berre held dei dette oppe, dei har ogs\u00e5 klart \u00e5 byggje det ut og gjere det st\u00f8rre. Ja, dette er eit arbeid som det st\u00e5r all respekt av! Etter ein rundtur p\u00e5 dette anlegget og litt aktiv bruk av kredittkort p\u00e5 \u00abgiftst\u00e5ret\u00bb, kolonnek\u00f8yrde vi til Coon Valley, der vi stoppa p\u00e5 \u00abetarplassen\u00bb Legacy. Her var det muleg \u00e5 f\u00e5 dekt kaloribehovet for ei lita veke i berre eitt m\u00e5ltid, og det m\u00e5tte vi jo gjere. Eg skal ikkje nekte for at det p\u00e5 ingen mte er nokon usmak p\u00e5 det dei serverer her, men sikringskost er det nok neppe.<\/p>\n<p>Etter dette m\u00e5ltidet, s\u00e5 delte vi oss opp etter tradisjonelt kj\u00f8nnsrollem\u00f8nster: Jentene ville gjerne sj\u00e5 p\u00e5 gravsteinar og slike ting medan vi gutane hadde frykteleg lyst p\u00e5 \u00e5 ta turen ned til Dave\u2019s. Det ville jo vere for ille om ikkje Alex skulle f\u00e5 oppleve Dave\u2019s. Og med to bilar var det lett for oss \u00e5 f\u00e5 viljen v\u00e5r &#8211; Dave\u2019s. For ein plass! Dette er verkeleg paradiset for gitartullingar som oss: her har dei det meste, inkludert ein Strat som Eric Clapton ein gong la handa si p\u00e5. At noko slikt skal finnast i ein s\u00e5 liten by som La Crosse er ogs\u00e5 veldig merkeleg, trass alt kan det ikkje vere s\u00e5 veldig mange Gibson ES 175-arar som kvar dag blir impulskj\u00f8pte her, men samtidig s\u00e5 er det tydeleg at denne butikken g\u00e5r godt, og no bygger dei faktisk p\u00e5. Det er moro \u00e5 vere saman med Alex, ikkje minst fordi han har s\u00e5 lett for \u00e5 kome i kontakt med folk. Han g\u00e5r rundt og beundrar gitarar, ser han ein annan som gjer det same, s\u00e5 tek han kontakt og sl\u00e5r av ein prat, og n\u00e5r sj\u00f8lvaste Dave viser seg, s\u00e5 tek han kontakt og startar ein laus og ledig konversasjon om ulike gitarmodellar. Det m\u00e5 ogs\u00e5 seiast at Dave\u2019s er ein uvanleg triveleg gitarbutikk, her heng ikkje gitarane berre til stas, her kan vi ogs\u00e5 f\u00e5 pr\u00f8ve dei. Og igjen, vi er ikkje tunge \u00e5 be. Alex plukka ned ein artig liten sak som av alle stader er bygd i Sparta, Wisconsin. Prislappen var i h\u00f8gste grad internasjonal \u2013 100.000 kroner skulle dei har for vidunderet. Eg var meir beskjeden, eg pr\u00f8vde eit par artige \u00abdjango-gitarar\u00bb til ein meir folkeleg pris. Ogs\u00e5 dei var artige strengeleikar, og \u00e5 tukle litt med dei minte meg p\u00e5 at no m\u00e5 eg snart kj\u00f8pe meg ein ny gitar.<\/p>\n<p>Tida g\u00e5r fort n\u00e5r to raringar som Alex og eg er p\u00e5 gitarbutikk, og klokka fem gjekk det opp for oss at vi burde kome oss vidare \u2013 trass alt er det fleire timar opp til Stevens Point, der vi skal overnatte. Den f\u00f8rste delen av turen var vakker, da kunne vi sj\u00e5 naturen, inkludert delar av Mississippi-elva. Den siste delen var grei, men da var det m\u00f8rkt, og eg fokuserte veldig p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 etter hjort i veggr\u00f8fta. For hjort er eit trafikkproblem her, i vegkanten ligg kadavera p\u00e5 rekke og rad. Vi fann motellet v\u00e5rt (som utan tvil tek seg betre ut p\u00e5 foto enn \u00ablive\u00bb (Westby var nesten luksus mot dette). Men greitt nok, vi f\u00e5r jo det vi betaler for, og dette var tolleg billeg. S\u00e5 gjekk vi til restauranten for \u00e5 ete f\u00f8r eg kontakta \u00abIola-mannen\u00bb for dagen i morgon. Eg trur dette kan bli bra, men no er det ogs\u00e5 sentgetid.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i Wisconsin<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag hadde vi ikkje noko program anna enn at vi skulle flytte p\u00e5 oss, og vi skulle ogs\u00e5 vere bittelitt turistar og sj\u00e5 oss litt om. Etter standard pr\u00e6riefrukost fr\u00e5 \u00abp\u00e5ss\u00e5\u00bb sjekka vi ut og reiste opp til Dregne\u2019s, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/03\/onsdag-2-november-westby-norskedalen-la-crosse-og-stevens-point\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-363","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/363","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=363"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/363\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=363"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=363"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=363"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}